Eit djupt konservativt parti
Påstandar om at Senterpartiet er eit uansvarleg subsidieparti, har etter programmet å døma lite rot i røyndomen.
Det er neppe ein kontroversiell påstand: I augo til dei fleste veljarane er Senterpartiet fyrst og fremst eit maktkåt særinteresseparti som vil grabba til seg mest mogeleg av samfunnsressursane og overføra dei til bøndene. Gjeve at denne på--standen er rett, er partiet ein fiasko. I 1990 var det om lag 100.000 bønder her til lands, no er det godt under 50.000, og gjennomsnittleg næringsinntekt for dei 32.000 bøndene som gjekk med overskot i 2010, var 210.000 kroner.
I den store samanhengen er pengane som går til norske bønder, knapt støy på statsbudsjettet. Noreg har til dømes eit mål om at 1 prosent av BNP skal gå til ut--viklingshjelp. Det målet har lege fast lenge og vert fornya kvart einaste år. I 2013 løyver vi om lag 30 milliardar til utviklingshjelp; heile budsjettet til Landbruks-departementet er på 16 milliardar. NAV åleine administrerer om lag 400 milliardar.
Så kan ein gjerne leggja til tollvernet, som aukar kostnadene litt. Men om vi samanliknar kostnadsnivået på mat og ikkje-alkoholhaldig drikke med gjennomsnittet for EU, får vi eit prisnivå som er 54 prosent høgre enn EU. 54 prosent er nett så mykje høgre ei norsk industriarbeidarløn er jamført med ein tysk industriarbeidar. I høve lønsnivået betaler nordmenn mindre for mat og drikke enn gjennomsnittsinnbyggjaren i EU. At vi nyttar så mykje tid på å diskutera bønder og mat her til lands, er litt underleg, men både Sp og media ser ut til å ha ei felles interesse av å halda ordskiftet oppe.
Åtte milliardar
Kvar er så Senterpartiets mål for norske bønder i neste stortingsperiode? At dei skal få ei inntekt på line med andre yrkesgrupper. Lat oss seia at det vil vera å gje bøndene 200.000 kroner til. Vi seier vidare at det vil vera om lag 40.000 aktive bønder i Noreg den neste perioden. Altså må storsamfunnet betala 8 milliardar kroner til over statsbudsjettet. Det kjem sjølvsagt ikkje til å henda, men 8 milliardar til over eit statsbudsjett på 1,5 billionar gjer neppe Sp til eit djupt uansvarleg parti.
No er det vanskeleg å seia kor ansvarleg partiet vil verta om det får stor makt; regjeringa Borten var den mest uansvarlege i nyare norsk historie og øydela stats--finansane, men om ein skal døma etter partiprogram, er den noverande sanninga at Sp er eit svært så ansvarleg parti, særleg samanlikna med KrF og Frp, som vi har omtala før. Framlegget til partiprogram for neste periode er velsigna kort og underleg pragmatisk, så pragmatisk at ein skulle tru at Finansdepartementet har hatt eit ord med i laget. Det har Departementet også. I programkomiteen finn vi stats-sekretær Morten Søberg frå Trondheim. Trondheim vert elles det nye hovudsetet for administrasjonen av Oljefondet om Sp får viljen sin. Det kan vi trygt gå utifrå at partiet ikkje får.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.