Sideblikk

Eit departement kan aldri angra

Både statsråd Gjelsvik og FFI gjorde sitt til å eskalera ein konflikt og avspora eit viktig tema.

Kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik ville først ikkje offentlegjere ein rapport frå FFI på nettsidene til departementet.
Kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik ville først ikkje offentlegjere ein rapport frå FFI på nettsidene til departementet.
Publisert Sist oppdatert

Forsvarets forskingsinstitutt (FFI) var hyra inn av det Senterpartiet har gjendøypt til Kommunal- og distriktsdepartementet, etter at det har hatt både arbeid, regional, fornying og modernisering som hjelpenamn. FFI, som er ein del av totalforsvaret, skulle undersøka faren for at utanlandske agentar og troll blandar seg inn i norsk meiningsdanning og korrumperer valkampar for å skapa splid, mistillit og politisk omvelting.

Trugsmålet i eitt av scenaria er at emosjonelle og lettpåverkelege krefter mellom folk flest lar seg forføra av framande makter til å mistru rasjonelle og ansvarlege styremakter. Dømet var Nei-til-EØS og europeisk samarbeid. Det gjekk rett i ryggmergen på den vestkledde statsråd Sigbjørn Gjelsvik. Han nekta å publisera materien på departementets offisielle heimeside, og han meinte at rapportørane heller burde melda seg inn i eit passande parti enn å driva politikk forkledd som forsking.

For det fekk han hemningslaus motbør. Tidlegare utanriksminister Søreide og fleire med henne kalla det eit åtak på fri forsking og undergraving av akademisk fridom. Det unge Dagbladet klikka heilt og stempla Gjelsvik som eit trugsmål mot demokratiet.

DET ER EIN KVALITET at forskarar ikkje er skuggeredde, men vidar ut utfallsrommet og løftar fram worst case. Men det er eit stykke frå forskingsbasert fantasi og leik med mogelege framtidsbilde til kva som er så sannsynleg at det nører produktiv refleksjon og open debatt.

Det krev at scenaristane frir seg frå ønsketenking og eigne trusselbilde, slik at scenaria ikkje renn over av det hovuda i miljøet er fulle av. Du må kill your favourite darlings. Det er også avsporande å dra inn namngjevne organisasjonar og gjenkjennelege personar.

Der bomma FFI, same kor deskriptive og ikkje-normative dei meiner seg å vera i sin morfologiske metode. Det blei ikkje ein runde om kva desse scenaria kunne vera nyttige til, men politiske repetisjonsøvingar om EØS og EU, som er alle norske debattars mor og barn. På den måten gjorde FFI sitt til å eskalera konfliktnivået og avspora eit viktig tema.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement