JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

SideblikkSamfunn

Eit departement kan aldri angra

Både statsråd Gjelsvik og FFI gjorde sitt til å eskalera ein konflikt og avspora eit viktig tema.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik ville først ikkje offentlegjere ein rapport frå FFI på nettsidene til departementet.

Foto: Lise Åserud / NTB

5544
20221111
5544
20221111

hompland@online.no

Forsvarets forskingsinstitutt (FFI) var hyra inn av det Senterpartiet har gjendøypt til Kommunal- og distriktsdepartementet, etter at det har hatt både arbeid, regional, fornying og modernisering som hjelpenamn. FFI, som er ein del av totalforsvaret, skulle undersøka faren for at utanlandske agentar og troll blandar seg inn i norsk meiningsdanning og korrumperer valkampar for å skapa splid, mistillit og politisk omvelting.

Trugsmålet i eitt av scenaria er at emosjonelle og lettpåverkelege krefter mellom folk flest lar seg forføra av framande makter til å mistru rasjonelle og ansvarlege styremakter. Dømet var Nei-til-EØS og europeisk samarbeid. Det gjekk rett i ryggmergen på den vestkledde statsråd Sigbjørn Gjelsvik. Han nekta å publisera materien på departementets offisielle heimeside, og han meinte at rapportørane heller burde melda seg inn i eit passande parti enn å driva politikk forkledd som forsking.

For det fekk han hemningslaus motbør. Tidlegare utanriksminister Søreide og fleire med henne kalla det eit åtak på fri forsking og undergraving av akademisk fridom. Det unge Dagbladet klikka heilt og stempla Gjelsvik som eit trugsmål mot demokratiet.

DET ER EIN KVALITET at forskarar ikkje er skuggeredde, men vidar ut utfallsrommet og løftar fram worst case. Men det er eit stykke frå forskingsbasert fantasi og leik med mogelege framtidsbilde til kva som er så sannsynleg at det nører produktiv refleksjon og open debatt.

Det krev at scenaristane frir seg frå ønsketenking og eigne trusselbilde, slik at scenaria ikkje renn over av det hovuda i miljøet er fulle av. Du må kill your favourite darlings. Det er også avsporande å dra inn namngjevne organisasjonar og gjenkjennelege personar.

Der bomma FFI, same kor deskriptive og ikkje-normative dei meiner seg å vera i sin morfologiske metode. Det blei ikkje ein runde om kva desse scenaria kunne vera nyttige til, men politiske repetisjonsøvingar om EØS og EU, som er alle norske debattars mor og barn. På den måten gjorde FFI sitt til å eskalera konfliktnivået og avspora eit viktig tema.

BYRÅSJEFEN ER IKKJE uroa over at forskingsmiljø syner vågemot og får motbør. Det minner berre om at den absolutte fornuft og sanning ikkje finst, men alltid må vera oppe til fri meiningsutveksling.

Byråsjefen er heller ikkje uroa over at ein statsråd måtte snu. Det har dei trening i, for det er ein sentral del av å driva med politikk. Han minner om det gamle jungelordet i Forvaltninga når dei må raka glør ut av elden for statsrådar som har brent seg: «Man kan ikkje både holde og love; det får holde med å love.»

Den som vil halda ut og ha eit langt liv i politikken, må leva etter devisa etter den danske statsministeren Jens Otto Krag: «Man har et standpunkt, indtil man har et andet.» Om ein skulle angra, må ein servera pølseprat med følelse.

SPALTISTEN LURER PÅ om statsministeren kviskra Gjelsvik nokre ord i øyra om å halda styr på sjangrane, for Jonas Gahr Støres re-introduksjon til norsk røyndom etter studieår på Berg og i Paris, var som scenariebyggar om Noregs framtid i skjeringspunktet mellom omsorg, forvitring og fornying.

For tida kan det vel seiast at statsministerens styringsgrunnlag er i ferd med å forvitra. Han gjer seg upopulær hos dei som slit med økonomien og treng omsorg i hushald og privat næringsliv, men også mellom dei som saknar fornying i offentleg sektor.

BYRÅSJEFEN ER MEIR ottefull over at Forvaltninga ikkje passar godt nok på. Dei scenariske kalamitetane kom då Kommunaldepartementet bytte øvste embetsmann, så det var vel ein slags heime-aleine-fest.

Då han gjekk av 1. november, var Eivind Dale doyen i departementsrådkorpset, det vil seia den som hadde sete lengst (17 år), men mykje kortare enn historiske figurar som Eivind Erichsen i Finans (28 år) og Per Harald Grue i Landbruk (24 år). Etter Dale har Petter Skarheim overtatt. Han kom frå posisjonen som departementsråd i Kunnskapsdepartementet, og før det var han direktør i Utdanningsdirektoratet i eit dusin år.

Byråsjefen skjønar at dette kan høyrast litt lukka og
incestuøst ut, men han meiner det er ein grunnleggande kvalitet ved Forvaltninga: Det er slike gutar gamle Noreg vil ha, og ikkje slike som hoppar og shoppar rundt og får stadig høgare løn som administrerande direktørar i private og offentlege bedrifter.

EIVIND DALE er cand. agric. i naturforvaltning og ressursøkonomi frå Noregs landbrukshøgskole (nå curtifisert til NMBU). Han har tent i Kommunaldepartementet sidan konfirmasjonsalderen, først som hjelpeskrivar og førstekonsulent, som ekspedisjonssjef i kommunalavdelinga og frå 2005 som departementsråd. Etter avgangen arbeider han vidare i departementet på pensjonistvilkår (224 kroner timen).

I eit avskilsintervju med Kommunal Rapport spår Dale tøffare tider for Kommune-Noreg. Derfor meiner han at kommunane bør få større fridom til å løysa oppgåvene sine. (Ein scenarisk spådom er jo at det gir fridom til ulikskap.)

DEN GRÅ EMINENSEN etterlét seg djup innsikt i Forvaltningas vesen og sjølvbilde. Slik svarte Dale, i autorisert kortform, på spørsmål om Kommunaldepartementet ville ta sjølvkritikk på lovtolkinga som førte til at norske kraftkommunar tapte hundretals Terra-millionar på spekulative og rotne amerikanske bustadlån: «Et departement har ikke følelser og kan derfor ikke angre.»

Den slags får statsråden ta seg av.

Andreas Hompland er sosiolog og skribent.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Anatolij Potij er ein eksperimenterande amatørgartnar. Takk vere han er det no mogleg for ukrainarar å dyrke bananar i eigen heim.

Foto: rubryka.com

KrigSamfunn

Bananane som overlevde

I krig og okkupasjon kan både folk og vekstar vise seg uventa motstandsdyktige.

Andrej Kurkov

Krasukha-4 er juvelen i den elektromagnetiske krigføringa til russarane.

Kjelde: Vitaly V. Kuzmin / Wikimedia Commons

TeknologiFeature
Per Thorvaldsen

Elektromagnetisk krigføring

Militære styrkar brukar radio, radarar og infraraude detektorar for å koordinera operasjonar og finna fienden.

Når den medisinske utviklingen gjør at vi kan redde barn stadig tidligere, er utvidelse av abortloven helt feil vei å gå, skriver KrF-leder Olaug Bollestad.

Foto: Jan-Petter Dahl, TV 2 / TV 2 / NTB

Ordskifte
Olaug Bollestad

Blottet for etiske refleksjoner

Fjerner Arbeiderpartiet nemndene, fjerner de rettsvernet for det ufødte livet frem til svangerskapet er nesten halvgått.

Teikning: May Linn Clement

KunngjeringarKultur
Frank Tønnesen

Votten

Like ved der huset til Olav og Margit så vidt kan skimtast bak ein haug, heng ein blaut vott i toppen av ei brøytestikke. Ein liten gut står på tå og prøver å rekke opp.

Villreinbestanden i Noreg i dag er på rundt 25.000 dyr vinterstid. Sidan 2021 har villreinen vore klassifisert som nær truga på den norske raudlista.

Foto: Paul Kleiven / NTB

Kommentar

Villrein i eit villnis

Stortingsmeldinga om villrein er ikkje til å verte særleg klok av.

Eva Aalberg Undheim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis