Sideblikk
– Eit demokratisk opprør
I Kasakhstan gav presidenten sist veke hæren ordre om å skyte på demonstrantar. Forfattar Erika Fatland meiner det syner kor autoritært regimet er.
Styresmaktene i Kasakhstan har slått brutalt ned på opptøyane i landet den siste tida. Her frå ein demonstrasjon i landets største by Almaty.
Foto: Pavel Mikheyev / Reuters / NTB
Den 2. januar gjekk folk i Kasakhstan ut i gatene i det som skulle utvikle seg til dei valdelegaste protestane sidan fridommen frå Sovjetunionen i 1991. I tre tiår etter murens fall styrte president Nursultan Nawzarbajev landet i eit brutalt regime. Då han gjekk av for tre år sidan, fekk han innsett ein handplukka etterfølgjar: Kassym-Jomart Tokajev.
Sist fredag oppfordra Tokajev styrkar til å skyte på demonstrantane for å få ein slutt på demonstrasjonane. Etter at 10.000 menneske er vortne pågripne og 164 drepne, har styresmaktene igjen fått kontroll på situasjonen.
Erika Fatland er forfattar og har skrive om reisene sine i Kasakhstan.
– Kva er det som skjer i Kasakhstan?
– Den siste veka syner konturane av eit svært autoritært regime som ikkje skyr noko middel. Det byrja med at galopperande gassprisar førte til opptøyar vest i landet. Over natta vart prisane på drivstoff dobla, noko som er alvorleg i eit land med så store avstandar som Kasakhstan. Det er neppe tilfeldig at protestane starta nettopp vest i landet. Alt i 2011 slo styresmaktene brutalt ned ein oljearbeidarstreik i byen Zjanaozen. Offisielt er det forbod mot å spekulere rundt det, men rundt 14 menneske vart drepne der. Så det sit nok igjen ein del agg frå den gongen.
– Men det handlar vel ikkje berre om økonomi?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.