Eit asylpolitisk lappeteppe
I asylspørsmål driv Tyskland framleis brokete småstateri og er ingen einskapleg rettsstat.
UFLAKS: Afghanske asylsøkjarar vert tvangsreturnerte i fly frå Rheinmünster i Baden-Württemberg. I ein annan tysk delstat kunne dei kan henda fått opphald.
Foto: Patrick Seeger/AP/NTB scanpix
At Tyskland slit med å få returnert asylsøkjarar med endeleg avslag, er ikkje noko nytt. For den som fylgjer med på tysk politikk, kan det vera vanskeleg å skjøna om det er politisk vilje det skortar på, eller om byråkratiet er grunnen til kaoset.
Om det politiske har det vore skrive mykje, mellom anna i samband med fjorårets maktkamp mellom forbundskanslar og dåverande leiar for det kristelegdemokratiske partiet CDU, Angela Merkel, og innanriksminister og dåverande leiar for systerpartiet CSU i Bayern, Horst Seehofer. Sistnemnde går inn for ein strengare asylpolitikk enn den systerpartiet fører, og er særleg oppteken av at vedtekne utvisingar de facto blir gjennomførte.
«Tysk skitarbeid»
Dette siste, nemleg embetsverkets manglande evne til å gjennomføra utvisingar, var det det tyske nyhendemagasinet Spiegel drøfta førre veke. I hovudoppslaget «Deutsche Drecksarbeit» («Tysk skitarbeid») får me ikkje berre innblikk i det vonlause virvaret som herskar mellom statlege institusjonar på føderalt nivå, delstatsnivå og kommunalt nivå, med tilfeldige, inkonsekvente avgjersler. Me får òg høyra historiene til tenestemennene nedst i hierarkiet, dei tyske politifolka som er sette til å gjennomføra returane med makt – eit farleg og nedverdigande arbeid, til luseløn. Dette gjer det stadig vanskelegare å bemanna flya til tvangsreturane.
Klageordningar
Lat oss byrja med tala: Frå 2015 til i dag er halvannan million flyktningar og migrantar komne til Tyskland. Talet på asylsøkjande som har fått innvilga opphald, er blitt halvert dei siste tre og eit halvt åra og ligg no på kring 30 prosent. Men berre kvar fjerde som har fått endeleg avslag, blir faktisk utvist – ei rekkje klageordningar gjer det mogleg å få utsett utvisinga mellombels.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.