Eit annleisland som nyttar sjølvråderetten
Kvar fjerde sveitsar er innvandrar. Landet har tent stort på globaliseringa, men no byrjar det å kjenna på ulempene. Stadfester resultatet av folkerøystinga på sundag biletet av sveitsarane som eit konservativt og nasjonalistisk folkeferd?
Berlin: Det er eit merkeleg land: På den eine sida er dei marknadsmessig og finanspolitisk tett knytte til den store verda, med kosmopolitiske storbyar som Zürich og Genève, medan dei på hi sida hegnar intenst om det kulturelle særpreget sitt og særstillinga si i Europa.
Når sveitsarane går til valurnene er det gjerne éin grunnregel som gjeld: Om stridsemnet ikkje har nokon direkte finansielle fylgjer, lèt dei sinnelaget avgjera. Minaretstriden i 2009 og burkaforbodet i fjor i den sørlegaste av kantonane, Ticino, er døme på det. Men gjeld det noko som får økonomiske konsekvensar, tenkjer dei rasjonelt og røystar ofte mot magekjensla, til dømes for skatteauke og innsnevring av ferieretten.
Dagpendlarar
Ticino var òg kantonen der «Folkeinitiativet mot masseinnvandring» fekk størst oppslutnad under folkerøystinga på sundag – mest 70 prosent røysta ja, i motsetnad til 50,3 prosent på landsbasis. Dette har ein grunn: På få år er talet på det sveitsarane kallar «grenzgänger» eller «frontalieri», dagpendlarar frå Italia, auka frå 2000 til 60.000. Dette i ein kanton med 340.000 innbyggjarar. Før var det industriarbeidarar som kom, no er det både butikktilsette og folk med høgre utdaning. Dette er ikkje underleg, for i Sveits tener ein butikktilsett mest tre gonger meir enn i Italia. Sveitsarane i Ticino ergrar seg over overfylte tog, milelange køar på motorvegane og dumpingløner. Sinnet syner seg på valplakatane: Dagpendlarane blir framstilte som rotter som kastar seg grådig over ein sveitserost.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.