Eit anlegg med langt rulleblad
Brannen i september var den verste av ei lang rekkje uønskte hendingar ved Melkøya-anlegget.
Storbrannen på Melkøya 28. september blir framleis granska av Petroleumstilsynet, politiet og Equinor, og det er inga offisiell forklaring på brannårsaka. Men i november la Bellona fram sin eigen rapport om brannen, basert på kjelder ved anlegget. Der vart det hevda at ein lekkasje av varmeoverføringsolje var årsaka. Oljen skal ha teke fyr i luftinntaket til ein turbin på anlegget. Bellona hevdar òg at det har vore ei rekkje slike oljelekkasjar ved turbinane tidlegare, utan at Petroleumstilsynet har blitt varsla. Equinor har på si side sagt at Bellona ikkje har grunnlag for konklusjonen sin, og vil ikkje seie noko om årsaka før granskinga er avslutta.
Det er derimot heva over tvil at Melkøya-anlegget har hatt mange problem. I juli i fjor – altså før storbrannen – skreiv NRK at 178 uønskte hendingar var rapporterte inn til Petroleumstilsynet sidan anlegget opna i 2007. Av dette var 68 hendingar gasslekkasjar, utslepp eller brannhendingar. Fagforeininga Safe meinte låg bemanning hadde medverka til dei mange hendingane.
Frå 2017 til 2019 avdekte Petroleumstilsynet 30 avvik frå regelverket på Melkøya. Og ved eit tilsyn kort tid før brannen i september viste det seg at fleire avvik som var påpeika tidlegare, framleis ikkje var retta opp. Eitt av avvika hadde vore påpeika både i 2011 og i 2013. Båe gongene lova Statoil å rette opp feilen, men det skjedde ikkje. Likevel sa selskapet at avviket var korrigert.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Storbrannen på Melkøya 28. september blir framleis granska av Petroleumstilsynet, politiet og Equinor, og det er inga offisiell forklaring på brannårsaka. Men i november la Bellona fram sin eigen rapport om brannen, basert på kjelder ved anlegget. Der vart det hevda at ein lekkasje av varmeoverføringsolje var årsaka. Oljen skal ha teke fyr i luftinntaket til ein turbin på anlegget. Bellona hevdar òg at det har vore ei rekkje slike oljelekkasjar ved turbinane tidlegare, utan at Petroleumstilsynet har blitt varsla. Equinor har på si side sagt at Bellona ikkje har grunnlag for konklusjonen sin, og vil ikkje seie noko om årsaka før granskinga er avslutta.
Det er derimot heva over tvil at Melkøya-anlegget har hatt mange problem. I juli i fjor – altså før storbrannen – skreiv NRK at 178 uønskte hendingar var rapporterte inn til Petroleumstilsynet sidan anlegget opna i 2007. Av dette var 68 hendingar gasslekkasjar, utslepp eller brannhendingar. Fagforeininga Safe meinte låg bemanning hadde medverka til dei mange hendingane.
Frå 2017 til 2019 avdekte Petroleumstilsynet 30 avvik frå regelverket på Melkøya. Og ved eit tilsyn kort tid før brannen i september viste det seg at fleire avvik som var påpeika tidlegare, framleis ikkje var retta opp. Eitt av avvika hadde vore påpeika både i 2011 og i 2013. Båe gongene lova Statoil å rette opp feilen, men det skjedde ikkje. Likevel sa selskapet at avviket var korrigert.
Fleire artiklar
Foto: Agnete Brun
Med den monumentale boka Sjøfareren Erika Fatland gitt oss eit uvant, og skremmande, perspektiv på europeisk kolonialisme.
Kongsbonden Johan Jógvanson bur i den Instagram-venlege bygda Saksun. Men sjølv om han skjeller ut turistar, er det ikkje dei han er forbanna på. Det er politikarane inne i Tórshavn.
Alle foto: Hallgeir Opedal
Turistinvasjonen har gjort Johan Jógvanson til den sintaste bonden på Færøyane.
Finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) på pressekonferanse etter framlegginga av statsbudsjettet måndag. For dei som er opptekne av klima, var ikkje budsjettet godt nytt.
Foto: Fredrik Varfjell / NTB
Kapitulasjon i klimapolitikken
Regjeringa veit ikkje om statsbudsjettet bidreg til å redusere eller å auke klimagassutsleppa. Derimot er det klart at det nasjonale klimamålet for 2030 ikkje blir nådd.
Foto: Gyldendal
Erfaringar av tap og nytt liv
Debutdikta til Anngjerd Rustand eig omhug for omverda og er skrivne med klårleik og vent, sanseleg nærvær.
Teikning: May Linn Clement
Intellektuell boms
«Stormeister Kaufman skriv at Steve Brandwein er den personen som har prega han mest.»