Minneord

Einar Didrik Ådland (­1941–2026)

Einar Didrik Ådland var ein av fleire som berga Dag og Tid i 1967.
Publisert

Journalisten, informasjons- og organisasjonsmannen og den tidlegare medredaktøren i Dag og Tid Einar Ådland er død, 84 år gammal. Einar voks opp som nest eldst i ein søskenflokk på fire på Ådland på Karmøy. Han hadde odelsrett til garden som foreldra dreiv, men sa frå seg odelsretten.

Faren var med på fiske i tillegg til å driva garden, og Einar arva litt av interessa for fiske. Ein sesong var han med på fiske etter sild utanfor Island. I ungdommen fekk han interesse for utvandringa til USA fordi alle onklane i den store søskenflokken på farssida vandra ut og slo seg til i Amerika.

Ådland gjekk på Voss offentlege landsgymnas. Etterpå studerte han ved Universitetet i Oslo og blei cand.mag. med faga norsk, engelsk og historie.

I studietida var han ferievikar som journalist i Haugesunds Avis, Nationen, Dagbladet, NRK og Dag og Tid.

Dag og Tid, som blei starta tidleg på 1960-talet, hadde eit svært usikkert driftsgrunnlag. Alt i 1966 var det redaksjonskrise og stogg i utgjevingane. Då gjekk Einar Ådland og tre andre unge menn frå studentmållagsmiljøet inn som redaktørar vinteren 1967 og fekk i gang att avisa. Redningsaksjonen som Einar Ådland var med på, var både eit slit og ei bragd få av avislesarane veit om i dag, for å sitera det Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag, sa då Einar blei bisett.

Faste stillingar som journalist hadde Ådland i Senterpartiets pressekontor og Nationen, før han blei redaktør i Dagbladet Rogaland.

Resten av yrkeslivet var Ådland informasjonsmedarbeidar og forskingsformidlar ved Universitetet i Bergen og Universitetsmuseet. I fleire år redigerte han tidsskriftet Museumsnytt. Eitt år hadde han permisjon frå Universitetet i Bergen og var informasjonssjef ved Landbrukshøgskulen på Ås.

Einar Ådland hadde eit sterkt engasjement, blant anna knytt til målsaka og motstanden mot EU.

Ådland var ihuga målmann all si tid. Som rekrutt i Madlaleiren insisterte han på å få vernepliktsboka på nynorsk. Han hadde mange verv i målrørsla. I studietida redigerte han Apropos, avisa til Studentmållaget i Oslo. I to år var han medlem av styret og arbeidsutvalet i Noregs Mållag. Eitt år var han sekretær i Noregs Mållag. Frå 1974 til 1978 var han leiar i Kringkastingsringen. Etter at han fekk seg arbeid i Bergen og busette seg på Askøy, var han blant anna leiar i Hordaland Mållag.

Han var leiar i Askøy Nei til EU og Askøy Venstre. Han sat i kommunestyret i ein periode.

Ådland var kunnskapsrik og språkmektig. Hans interessefelt spente vidt, frå bærdyrking til amerikansk bilindustri. Han var eit lesande menneske med bøker i så godt som alle rom i huset på Askøy. Ved inngangen til 2026 orka han ikkje lenger å gi seg i kast med fleire bøker. Då skjøna familien at det gjekk mot slutten for Einar. Kona Kirsten Solheim og sønene Vemund og Øyvind lever att etter han. Dei minnest ein ektemake og far i kjærleik. Det var det finaste ordet Einar visste om, sa han ein gong i eit intervju.