Økonomi
Ein vinglete strategi
Den norske regjeringa har strevd i nokre år for å lokke datagigantane hit til landet, så langt med nokså lite hell.
Elavgifta for datasenter vart sett ned til nesten null i 2016, på line med annan kraftkrevjande industri. Og i 2018 la regjeringa fram strategien Norge som datasenternasjon, med vyar for korleis Noreg kunne bli «et av verdens mest attraktive land for datasentre og databasert næringsliv». I tillegg til minimal elavgift vart dataindustrien mellom anna lova lågare skatt, raskare saksbehandlingstid og nye fiberkablar til utlandet. Slik skulle Noreg få fleire arbeidsplassar og auka verdiskaping.
Alt same året responderte ei rekkje selskap på invitasjonen og søkte om å få byggje datasenter i Noreg – særleg i kraftkommunar. Men da det viste seg at ei rekkje av søknadene kom frå selskap som skulle utvinne kryptovaluta, kom kritikken. Og regjeringa fekk kalde føter. Slik pengeproduksjon var ikkje sett på som heilt stovereint. Kryptovaluta var ikkje berre assosiert med spekulasjon, men òg med skatteunndraging og annan kriminalitet. Dessutan førte det ikkje til særleg verdiskaping i Noreg.
Regjeringa og KrF vedtok i 2019 at kryptovalutaselskap skulle betale vanleg elavgift. Utvinning av digital valuta er «ikke lønnsomt for Norge», sa Henrik Asheim (H), leiar i finanskomiteen, til NRK: «Det krever mye kraft, men skaper ingen verdier i Norge. Derfor foreslår vi å ta dette unna nå før det blir et problem, i stedet for å gjøre det når det har blitt et problem.»
Ikkje så lett
Men det vart eit problem. Å skilje mellom kryptovalutautvinning og meir høgverdige føremål i datasentera var visst ikkje så lett. Dessutan kunne det bli trøbbel med ESA på grunn av EØS-avtalen. Og i ein høyringsrunde var den norske databransjen svært negativ til eit slikt skilje – for kryptovaluta kunne jo vere like bra som annan dataindustri, og noko skal vi jo leve av etter oljen.
Ein av dei som åtvara skarpt mot vedtaket, var Roger Schjerva. Han var ein gong politikar for SV, men i 2018 var han sjeføkonom i IKT-Norge. «Dette vil jage kryptovaluta-minerne til Sverige og Danmark. (...) Vi sier bare nei til inntekter og jobber i mange kommuner i Norge. Vi kan bare håpe at politikerne forstår at energikrevende databehandling er noe av det vi skal leve av i framtida», skreiv Schjerva i ei pressemelding. Og han og resten av bransjen fekk viljen sin: Kryptofolket fekk attende avgiftsfritaket og kan produsere bitcoin med subsidiar frå den norske staten.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.