Ein tung puls i Atlanteren
I 40 år har isen krympa i nord, men det er ikkje gjeve at dei neste tiåra blir slik. Eit mystisk klimafenomen kan endre premissane for både oljepolitikk og klimadebatt.
Mange turistar har dei siste åra reist til Svalbard for å sjå breane der før dei smeltar. Her er ei turistgruppe i Hornsund sørvest på Spitsbergen. Kanskje kjem klimafenomenet AMO til å gje breane eit lengre liv enn venta.
Foto: Nina Haabeth / NTB scanpix
Det er ikkje lett å forvalte uføreseielege naturfenomen som rører seg over kolossale havområde. Iskanten i Barentshavet flyttar seg ikkje berre fleire hundre kilometer frå sommar til vinter, han flyttar seg òg frå år til år og tiår til tiår. Og da regjeringa omsider la fram den nye forvaltingsplanen for Barentshavet for ei veke sidan, var det sjølvsagt spørsmålet om iskanten som fekk merksemda.
Definisjonen av iskantsona, altså overgangssona mellom ope hav og drivisen i nord, er ei innvikla blanding av naturvitskap og politikk. Men i praksis står striden ganske enkelt om kor grensa skal gå for petroleumsverksemd i Barentshavet.
Smeltande is
I den nye forvaltningsplanen vart grensa sett «der det i gjennomsnitt finnes havis 15 prosent av dagene i april måned». Klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn framstilte det som ein siger for miljøet, trass i at Havforskingsinstituttet, Norsk Polarinstitutt og Miljødirektoratet har tilrådd å setje grensa der det er berre 0,5 prosent sjanse for is i april månad, altså mykje lenger sør – til og med lenger sør enn dei nordlegaste lisensane som er delte ut til oljeselskapa. Men denne artikkelen skal ikkje handle om politikk, men om noko av det fysiske fundamentet for iskantdiskusjonen.
Ein avgjerande føresetnad for streken til Rotevatn er oppvarminga av Arktis, som har pressa isen nordover og gjort nye område interessante for oljeindustrien. Vurderingane av sjansen for is på ulike breiddegradar byggjer på observasjonar av drivisen i perioden 1988 til 2017, ein periode da isarealet har skrumpa dramatisk. Og i dei fleste ordskifte om Arktis ligg forventinga om vidare smelting under som premiss. Men den premissen er usikker. Det er fullt tenkjeleg at isen rykkjer sørover att i eit tiår eller meir. Og grunnen til det er eit merkeleg klimafenomen med forkortinga AMO.
Atlantisk puls
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.