Ein trugande storebror i aust
Kva vil Vladimir Putin med Kviterussland?
Forholdet mellom Aleksandr Lukasjenko og Vladimir Putin har skifta mykje gjennom åra. I slutten av juli skulda Lukasjenko den russiske regjeringa for løgn. Nokre dagar etter kalla han Putin «ein storebror». Biletet er frå eit møte i St. Petersburg 20. desember i fjor.
Foto: Mikhail Klimentjev / AP / NTB scanpix
29. juli kom det ei merkeleg nyhendesak frå statsmedia i Kviterussland: 33 leigesoldatar frå den russiske organisasjonen Wagner-gruppa var arresterte utanfor Minsk. President Lukasjenko hevda at soldatane var sende til Kviterussland for å utføre terroråtak og destabilisere landet i samband med presidentvalet. Wagner-gruppa har band til det russiske forsvarsdepartementet, og soldatar frå gruppa skal mellom anna ha vore aktive i krigen i Ukraina. Russiske styresmakter vedgjekk at dei arresterte var leigesoldatar, men nekta for at dei hadde noko oppdrag i Kviterussland, og hevda at soldatane var på gjennomreise.
Lukasjenko svara med å skulde den russiske regjeringa for løgn. Uansett kva sanninga er, var dette eit lågmål i det turbulente forholdet mellom Lukasjenko og Russland. Men berre nokre dagar seinare sa Lukasjenko til ukrainsk fjernsyn at han såg på Putin «som ein storebror».
Turbulent
Forholdet hans til Russland har svinga mellom hjarteleg og iskaldt i mange år. I 1990-åra snakka Lukasjenko om å sameine dei to statane att, kanskje fordi han sjølv vona å bli president i ei ny statsdanning. Prosessen førte fram til ein unionstraktat i 1999, inkludert planar ein sams valuta, men unionen vart aldri realisert. Etter at Putin kom til makta i Moskva, kjølna relasjonen. Lenge klarte Lukasjenko å spele effektivt på to hestar: Når forholdet til Russland har vore dårleg, har han flørta med EU og lova liberalisering. Men banda austover er og blir sterkare. Russland er den største marknaden for kviterussiske varer, og subsidiert olje og gass frå Russland har vore ein berebjelke for kviterussisk økonomi.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.