Ein straum av solskinshistorier
Den rivande utviklinga i solcelleteknologien gjer framtida stadig lysare. Snart kan sola setje kolkrafta i skuggen.
Det er ein stor soloppgang undervegs, ein som ingen førebels ser enden på. Solceller kan bli ei av dei viktigaste kjeldene til elektrisk kraft i verda – og kan utkonkurrere kolkraft på pris i løpet av eit tiår eller to.
Utviklinga er oppsiktsvekkande, berre eit fåtal entusiastar og miljøaktivistar hadde trudd at biletet kunne endre seg så fort som det har gjort. Men på dei siste ti åra er kostnaden på straum frå solceller redusert med heile 80 prosent, syner ein rapport frå det tyske Fraunhofer-instituttet for solenergi, som er det største fagmiljøet på feltet i Europa. Og rapporten peikar mot ei svært lys framtid: I løpet av ti år kjem straum frå solceller til å vere konkurransedyktig samanlikna med konvensjonelle, fossile energikjelder som kol og gass – sjølv utan omsyn til framtidig prising av CO2-utslepp, som er venta å gjere straum frå fossile energikjelder langt dyrare enn i dag.
Bratt fall
At sola skal kunne ta opp kampen med kolkrafta, kan verke som overoptimistisk science fiction. Sjølv i pionerlandet Tyskland, som har satsa meir på solenergi enn nokon andre, utgjorde solenergien berre 6–7 prosent av den samla straumproduksjonen i fjor. I verda kjem under 1 prosent av elektrisiteten frå solenergi, medan over ein tredjedel kjem frå kolkraftverk. Likevel: Spådomen frå Fraunhofer-instituttet er eigentleg ikkje så sensasjonell, når ein ser kor fort utviklinga av solcellene har gått det siste tiåret. Prisane har falle bratt, medan verknadsgraden til cellene – altså evna til å omdanne solenergien til straum – har gått rett til vers.
I Tyskland har den subsidierte prisen (på engelsk kjend som «feed-in-tariff») av kvar kilowattime (kWh) frå større solcellekraftverk falle frå over 40 eurocent i 2005 til kring 9 eurocent – ca. 80 øre – i 2014. Det vil seie at solceller alt i dag er ganske konkurransedyktige på pris, samanlikna med annan alternativ energi som vindkraft. Men vindturbinar har ikkje same potensial for vidare kostnadskutt og auka effekt som solcellene har.
Subsidieringa av solkraft i eit land som Tyskland har vore omstridd og utskjelt av mange økonomar, men ho har bidrege sterkt til å få ein stor marknad for solceller, noko som før ikkje eksisterte. Deretter har klassiske kapitalistiske dygder gjort jobben: Storskalafordelar, intenst utviklingsarbeid og hard konkurranse har drive kostnadene for solcellene rett ned.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.