«Ein stor og naiv entusiasme»
– Ingenting tyder på at auka bruk av IKT i seg sjølv gjev betre læring, seier Torbjørn Røe Isaksen. Kunnskapsministeren tek eit oppgjer med digitalentusiasmen i norsk skulepolitikk.
–Eg meiner det har vore ein stor og litt naiv politisk entusiasme for IKT i norsk skule dei seinaste tiåra, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen til Dag og Tid.
Det statsråden seier, er eit tydeleg brot med lina til forgjengarane hans. Noreg har satsa meir enn dei aller fleste land i verda på såkalla informasjons–?og kommunikasjonsteknologi (IKT) i skulen. Noreg er i verdstoppen når det gjeld talet på datamaskiner i høve til elevtalet.
Bak dette ligg det brei politisk semje. Som Dag og Tid skreiv sist veke: I snart tretti år har norske utdanningsministrar vore eintydig entusiastiske til meir IKT i skulen. «IKT vil revolusjonere skulen», sa Trond Giske. «Norske skular må bruke sosiale medium mest mogleg», meinte Kristin Halvorsen. Men entusiasmen har ikkje vore bygd på studiar som viste at meir IKT-bruk gjev betre læring. Og det poenget har den sitjande kunnskapsministeren teke til seg.
«Moderne»
–?Det er vanskeleg å finne god forsking som klart syner at digitale verktøy gjer at elevane lærer meir, seier Isaksen.
–?For mykje av IKT-tenkinga har vore prega av eit ønske om å vere «moderne». Eg såg at ein fylkesordførar nyleg erklærte sin visjon om «den papirfrie skulen» der alt var digitalt. Men vi må alltid stille spørsmål ved nye tiltak: Innfører vi dei fordi det vil få elevane til å lære meir, eller for å vere «moderne»?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.