Sideblikk
Ein statsminister «i bevegelse»
Før valet tok Støre eit steg til venstre, eit halvt ut i distrikta og eit halvt inn i det grøne.
Ap-leiar Jonas Gahr Støre skjerma seg då han som statsministerkandidat ringde rundt til potensielle statsrådar.
Foto: Lise Åserud / NTB
Eg har kjent Jonas i 35 år. På slutten av 1980-talet var me med og laga «Scenarier for Norge mot år 2000: Omsorg, Forvitring, Fornyelse». Me har også hatt laupande seminar i hundrevis av kilometer i godt brosteinslag, men aldri på ski, for der er han for Heming-god og veit alt om blå Swix.
STØRE KOM FRÅ Ris på Oslo vest og eit eliteuniversitet i Paris og var langt frå heimekjend i heile Noreg. Han kom, såg seg rundt, lytta og lærte, og snart var han den av oss som såg lengst og vidast og formulerte seg best. Det var han me sende til viktige presentasjonar av prosjektet, som på statsministerens kontor. Der regjerte Gro Harlem Brundtland, mor til ein av dei konservative vennene hans frå oppveksten.
Eg gjer krav på ein liten flik av æra for at han ikkje blei gruppesekretær i Høgre og koffertberar for Willoch. Då han fekk tilbodet og spurde eit par av oss til råds, sa me at det måtte han aldri finna på – ikkje fordi det var Høgre, men fordi han måtte halda seg unna partipolitikk. Han burde bli den perfekte toppembetsmannen i norsk forvaltning og ta sikte på å leia store og viktige internasjonale organisasjonar.
SOM SPALTIST har eg følgt Støre på respektfull distanse i åra etter. For å kompensera for mistankar om biased viewpoint har eg vore meir kritisk til han enn til dei fleste andre samfunnstoppar. Då han blei leiar for sosialdemokratiet, tenkte eg at det av habilitetsgrunnar ville vera best å la vera å skriva meir om han. Det burde eg ikkje, meinte han, men bad meg slutta å bruka den trøblete akillesen hans som metafor for at han med sin klassebakgrunn var sårbar i Arbeidarpartiet. Det lova eg, av sportslege grunnar, men har funne andre sideblikk på det å vera framandkulturell innvandrar i arbeidarrørsla.
EG HAR VORE MED og markert hans 30, 40, 50 og 60 år på ulike vis. Då han fylte 50, talte eg over sjølvvalt tema: «Ein pilegrims vandring». (Støres bok om «veivalg for det 21. århundre» heiter I bevegelse. Refleksjonsboka frå då han var utanriksminister og leverte fotnotar til Dag Solstads roman Armand V, hadde tittelen Å gjøre en forskjell.)
Eg lærte noko nytt der eg stod saman med biskop Stålsett og 500 andre og venta på at Støre skulle dukka opp til overraskande mottaking på 7. juni-plassen utanfor UD.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.