Ein stappa hovudstad

Kva skal skje med den folkesprengde hovudstaden? T-bane, buss og fortetting, seier forskarane. Politikarane vil derimot ha nye og dyre Intercity-tog – som ikkje vil hjelpa, seier forskarane.

Publisert Sist oppdatert

Kva får du om du kombinerer positive fødselstal, innvandring og sentralisering? Då får du Europas raskast veksande hovudstad, og med det endå raskare køvekst i Oslo. 1. mai kjem den fyrste offentlege innstillinga om såkalla ny Oslo-tunnel for jarnbanen. Det kjem til å verta eit bikkjeslagsmål, og i veke etter veke, månad etter månad, år etter år kjem media til å vera fulle av oppslag for og mot ny Oslo-tunnel. Så lat oss sjå nærare på det såkalla kunnskapsgrunnlaget politikarane held seg til. Det er fire månader gamalt og heiter «Areal og transportutvikling i Osloregionen – et faktagrunnlag». Det er lagt fram av Transportøkonomisk institutt (TØI).

Men vel så mykje som ein rapport over kva som kan gjerast med samferdselen på det sentrale Austlandet, er dokumentet ein analyse av demografi – ein demografi som er heilt særmerkt i Europa. I Noreg hadde vi tre uvanlege fødselsbylgjer i det førre hundreåret: nedgangen i mellomkrigstida, oppgangen frå 1943 og utover, og så nedgangen i fødselsratane etter at vi fekk p-pilla og fri abort. I 1970-åra var barnegjennomsnittsraten for kvinner nede i under 1,5 i ein periode. Demografi forplantar seg gjennom tiåra og hundreåra. Til dømes vart det fødd dobbelt så mange i 1946 som i 1936. Der har du eldrebylgja.

Oppheving

Men av og til vert dei demografiske tyngdelovene nærast oppheva. I perioden 2004–2014 var det ein sterk nedgang i etniske nordmenn i aldersgruppa 25–35 (15 prosent færre enn i tiåret før). Samstundes var dette ein periode med stor vekst i innvandring, men denne innvandringa var likevel ikkje større i aldersgruppa 25–35 enn at ho berre kompenserte for fallet i denne norske aldersgruppa. Altså: Gjennomsnittskommunen i Noreg skulle hatt ein vekst på 0 prosent av unge i etableringsfasen. I teorien kunne vi late vera å byggja eit einaste nytt etableringshusvære. Slik gjekk det ikkje for Oslos del, hovudstaden auka med 125 prosent i den gruppa. Det er eit svært høgt tal.

Men no er det at det byrjar å verta verkeleg interessant. For i perioden 2014 til 2015 går talet på norskfødde i heile landet opp med 23 prosent i aldersgruppa 25–35; legg vi til sentraliseringa og innvandringa, forstår vi kvar dette skal enda. Når vi så veit at det også ligg an til ei mogleg dobling av folk mellom 75 og 85, kan vi prøva oss med nokre eigedomsspekulasjonar. TØI har samanlikna utviklinga av eigedomsprisane på det sentrale Austlandet. Bustadprisane i Kongsvinger var i 2004 i gjennomsnitt 48 prosent av gjennomsnittet i Oslo, no er dei 34 prosent – berre Bærum kan konkurrera med prisveksten i Oslo. Kva etterspør så unge i etableringsfasen? Blokkhusvære. Det gjer eldre mellom 70 og 85 også, dei sel store einebustader som unge i etableringsfasen og innvandrar ikkje har råd til; sjølv om folketalet i Oslo gjekk opp med 22 prosent i førre tiårsperioden, gjekk bustadmassen opp med berre 11.

Kjøp land ved skjener

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement