– Ein skugge over Seniorforskar Arne Melchior ved Norsk utanrikspolitisk institutt () seier det no handlar om å halde
Seniorforskar Arne Melchior ved Norsk utanrikspolitisk institutt (NUPI) seier det no handlar om å halde WTO i drift, og trø vatnet til USA kjem på betre tankar.
– Det kvilar ein skugge over WTO no, og det er skuggen frå Trump, seier seniorforskar Arne Melchior ved Norsk utanrikspolitisk institutt (NUPI).
Foto: David Ake / AP / NTB scanpix
– Det kvilar ein skugge over WTO no, og det er skuggen frå Trump.
Det seier seniorforskar Arne Melchior ved Norsk utanrikspolitisk institutt (NUPI).
Han syner til at USA har handelskonfliktar med Kina, som den amerikanske presidenten meiner WTO ikkje handterer godt nok. USA har også kritisert tvisteløysingsmekanismen i WTO og trenert utnemninga av nye medlemmer i tvisteløysingsorgana, ifølgje Melchior.
I tillegg har Donald Trump trekt autoriteten til WTO i tvil ved å varsle at USA ikkje vil prioritere multilateralt samarbeid. Det bremsar for handelsforhandlingar mellom dei andre 163 medlemmene i WTO også.
Melchior skildrar forventningane til det komande WTO-ministermøtet i Buenos Aires som «moderate».
– Det kan verte nokre resultat frå ministerkonferansen og vonleg ei semje om ein plan for vidare forhandlingar. I tillegg kan det verte forhandla nokre avgrensa reformer på landbruksfeltet og om fiskerisubsidiar. Men det vert ingen stor forhandlingsrunde. Mykje tyder på at det no handlar om å halde WTO i drift, halde fast ved handelsregelverket vi har og tilliten til tvisteløysingsmekanismen, og trø vatnet til USA kjem på betre tankar, seier han.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.