Helse

Ein skrøpeleg balanse

Kor dødeleg er covid-19? Det er ikkje berre eit medisinsk spørsmål, meiner immunolog Anne Spurkland.

Sjukepleiar Maria Golding set den første covid-19-vaksinen i Noreg på Svein Andersen (67) ved Ellingsrudhjemmet i Oslo 27. desember. Det vil ta fleire månader før mange nok nordmenn er vaksinerte til at det kan bremse smittespreiinga.
Sjukepleiar Maria Golding set den første covid-19-vaksinen i Noreg på Svein Andersen (67) ved Ellingsrudhjemmet i Oslo 27. desember. Det vil ta fleire månader før mange nok nordmenn er vaksinerte til at det kan bremse smittespreiinga.
Publisert

«Jeg vil faktisk ikke ha COVID-19», skreiv immunolog og medisinprofessor Anne Spurkland i ein mykje lesen artikkel i nettmagasinet Harvest 4. april i fjor, og grunngav det slik: «Jeg vil ikke ha et virus inn i kroppen som gir så variabel sykdom som COVID-19. Jeg vil ikke ta sjansen på at mitt vanligvis gode medfødte immunforsvar klarer også denne oppgaven.» I artikkelen oppsummerte ho kunnskapen som da fanst om det nye viruset. No, ni månader seinare, kan Noreg vere på veg mot nye smitterekordar – rett før vaksinane kan stagge koronaviruset. Dag og Tid bad om eit intervju med Spurkland for å gjere opp status no når så mykje står og vippar.

– Lukkast du med forsettet om å unngå covid-19?

– Så langt trur eg ikkje at eg har hatt viruset, seier Spurkland og hostar.

– Hosta har eg gjort i femten år. Det er luftvegane mine som blir irriterte av støv, eg har neppe covid-19. Og nei, eg ønskjer framleis ikkje å få det.

– Vi er betre kjende med dette viruset no. Har du blitt mindre skremd sidan i fjor vår?

– Koronaviruset har vel oppført seg omtrent som det eg såg føre meg da. Vi veit at det er eit uføreseieleg virus, som kan setje i gang ukontrollerte immunreaksjonar hos somme menneske. Det kan både gå på lungene og på andre organ og kan i verste fall føre til død. I tillegg til betennelsane veit vi òg at koronaviruset kan føre til blodproppar, og det kan skje også med ganske unge folk.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement