JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Ein skepsis frå kommunisttida

Mange austeuropearar er skeptiske til både fagrørsle og politikk, meiner litauiske Daina Bogdaniene, rådgjevar i Arbeidstilsynet.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2362
20210219
2362
20210219

peranders@dagogtid.no

– Dei fleste av arbeidsinnvandrarane frå Aust-Europa, i alle fall dei som pendlar til Noreg, er lite interesserte i norsk politikk. Det viktige for dei er å tene pengar. Interessa for å bidra til samfunnet her kjem først etter nokre år, seier Daina Bogdaniene.

Ho kom til Noreg frå Litauen alt i 1991, og arbeider i dag i Arbeidstilsynet. Gjennom jobben sin har ho sett svært mange døme på at litauarar og andre arbeidsinnvandrarar blir utnytta fordi dei ikkje har nok kunnskap om arbeidslivet og lovverket i Noreg.

– Særleg no i koronatida er det ille. Folk som er permitterte, går glipp av dagpengar fordi dei ikkje veit kva rettar dei har. Fordi dei ikkje kjenner systemet her, blir dei heilt avhengige av arbeidsgjevarane sine. Mange skriv under på papir dei ikkje har forstått, og det er svært vanskeleg for dei å kjempe for rettane sine.

Tene pengar

I 2001 starta Bogdaniene ei foreining for litauarar i Noreg, og ho leidde foreininga i tolv år.

– Men det har vore vanskeleg å drive organisasjonsarbeid blant litauarane i Noreg. Dei som er her, ønskjer først og fremst å tene pengar, få seg betre hus og trygge framtida for ungane sine, og er lite interesserte i frivillig arbeid.

I tillegg er mange austeuropearar svært skeptiske til fagforeiningar, meiner Bogdaniene.

– Mange ser det som ei skam å vere med i ei fagforeining, det er noko som sit i frå kommunisttida. Først etter nokre år her i landet kjem forståinga av at ein faktisk treng fagforeininga. Og det finst nokre døme på at litauarar i Noreg verkeleg engasjerer seg i fagforeiningsarbeid, men dei er unnatak.

– Det er mange arbeidsinnvandrarar i Noreg som står utanfor alt politisk liv. Kva kan ein gjere med det?

– Eg trur nok at fagrørsla kan gjere meir for å forklare folk at dei kan ha nytte av å vere med i fagforeiningane. Når det gjeld politikken elles, veit eg ikkje. Om ein skal engasjere seg politisk, må ein jo ha grunnleggande kunnskap om Noreg. Mange har ikkje det. Og dei arbeidarane som pendlar til Noreg, trur eg ikkje er så interesserte i politikk i det heile, verken i heimlandet eller i Noreg.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Mange ser det som ei skam å vere med i ei fagforeining.

Daina Bogdaniene

Emneknaggar

Fleire artiklar

Brystkreft er den vanlegaste kreftforma blant norske kvinner. Biletet er frå Rosa sløyfe-aksjonen mot brystkreft, arrangert av Den norske Kreftforeningen.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

HelseSamfunn

Kven bør få tilbod om mammografi?

Norske kvinner får eit heilt anna råd enn svenske
og amerikanske.

Christiane Jordheim Larsen

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.

Foto: Samuel Hess

MusikkMeldingar
Øyvind Vågnes

Mindre er meir

Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.

Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.

Foto: Laurent le Crabe

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Oppussinga

Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.

Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB

DyrFeature

Influensa-alarm

I mars i år blei det slått full smittealarm i USA. Fugleinfluensa er no funne i meir enn 40 mjølkekubesetningar frå ti ulike delstatar.

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis