JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Ein rakna saum gjennom Afrika

Med kuppet i Niger mista Vesten sin siste allierte i Sahel. Soga om landa langs Sahara blir stadig mørkare.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
NEDERLAG: Da franske styrkar kom til Mali i 2013 for å kjempe mot jihadistar i nord, var dei velkomne. Men etter kvart som krigen drog ut, snudde stemninga.

Foto: Jerome Delay

11680
20230811

Kupp i Sahel

Det har vore åtte statskupp i seks Sahel-statar dei siste tre åra. I tillegg kjem fleire mislukka kuppforsøk:

Mali: kupp i 2020 og 2021

Sudan: kupp i 2021

Guinea: kupp i 2021

Burkina Faso: to ulike kupp i 2022

Tsjad: kupp i 2022

Niger: kupp i juli 2023

Utanriks

peranders@dagogtid.no

26. juli skjedde nok eit statskupp i Sahel, den tørre og fattige regionen som strekkjer seg over heile Afrika, mellom Sahara i nord og savannen i sør. Denne gongen var det Mohamed Bazoum, den folkevalde presidenten i Niger, som vart riven frå makta av sine eigne soldatar. Abdourahamane Tchiani, leiaren for presidentgarden, styrer no landet som leiar for ein militærjunta.

Dermed har nok ei dominobrikke falle. Dei siste tre åra har det vore statskupp i seks ulike statar i Sahel. Offiserar har teke makta i Mali, Burkina Faso, Tsjad, Guinea, Sudan og no Niger.

Nok eit militærkupp i Afrika? Slikt vekkjer normalt ikkje særleg interesse i Vesten. Men etter kuppet i Niger er det militærstyre og ufred heilt frå Raudehavet i aust til Atlanterhavet i vest. Det gjev grunn til uro i Washington og Brussel, og grunn til å gle seg i Moskva.

SVAKE STATAR: På berre tre år har regjeringar over heile Sahel-beltet blitt velta i militærkupp, frå Guinea ved Atlanterhavet til Sudan ved Raudehavet.

Lutfattige

Tilsynelatande verkar ikkje statane i Sahel som noko stormaktene treng bry seg særleg med. Dette er nokre av dei fattigaste landa i verda. Av dei ti landa nedst på FN-indeksen for menneskeleg utvikling ligg halvparten i Sahel. Med nokre få unnatak, som uranførekomstane i Niger, er dei heller ikkje særleg ressursrike.

Likevel har USA og EU engasjert seg ganske sterkt i regionen det siste tiåret. Dette har to årsaker. Den eine er trugsmålet frå væpna islamistgrupper, den andre er EUs ønske om å hindre migrantar og flyktningar i å krysse Sahel på vegen mot Middelhavet og Europa. Og med president Bazoum forsvann den siste nokolunde pålitelege alliansepartnaren for EU og USA i regionen.

Nigerske tryggingsstyrkar utanfor den franske ambassaden i hovudstaden Niamey 30. juli. Demonstrantane på biletet støttar kuppmakarane i Niger og vil vise harmen sin mot den tidlegare kolonimakta Frankrike.

Foto: Souleymane Ag Anara / Reuters / NTB

Fiasko

Førebels er det uklart kva som kjem til å skje med dei vestlege styrkane i Niger. USA har to dronebasar og kring 1000 mann i landet, medan Frankrike har kring 1500 soldatar der. I løpet av det siste året har vestlege styrkar blitt kasta ut av dei nye herskarane i Mali og Burkina Faso, og signala frå kuppmakarane i Niger tyder på at historia kjem til å gjenta seg der. Juntaen har trekt landet frå ei rekkje avtalar om militært og diplomatisk samarbeid med vestlege land.

Eit tiår med intervensjonar, militærhjelp og stor økonomisk bistand til statane i Sahel ser no ut som ein noko nær komplett fiasko.

Svake statar

Utgangspunktet var òg dårleg. Statane i denne delen av Afrika har aldri vore sterke eller stabile. Dei er vilkårleg teikna, etnisk mangfaldige einingar, som så mange statar etablerte da kolonitida tok slutt. Statskupp og militærstyre har det vore mange av. Men om ein skal tidfeste starten på den noverande krisa i Sahel, er borgarkrigen i Libya eit bra utgangspunkt. Etter at Gaddafi-regimet fall i 2011, reiste tungt væpna tuaregar som hadde tent den libyske diktatoren, sørover og starta eit opprør nord i Mali.

I denne turbulente situasjonen byrja jihadistar å drepe og herje i landet, og dei erobra fleire byar. Regjeringa i Mali bad den gamle kolonimakta om hjelp, og president Hollande sa ja.

Kort suksess

Da dei franske styrkane kom til Mali i 2013, vart dei mottekne som bergingsmenn. Franskmennene hadde helikopter og jagarfly og var teknisk heilt overlegne. Ei stund såg operasjonen ut som ein suksess. Jihadistane i det nordlege Mali vart drivne attende. Men dei vart ikkje slegne for godt, og konflikten spreidde seg snart til nabolanda. Somme av jihadistgruppene i Sahel var tilknytte IS, andre al-Qaida, og Boko Haram var òg aktive. Kampen mot desse gruppene vart rekna som ein del av krigen mot terror både av franskmenn og av amerikanarar, sjølv om Sahel-jihadistane ikkje har blitt kopla til terroråtak i vestlege land.

Verre og verre

I 2014 vart den franske operasjonen utvida til Burkina Faso, Tsjad og Niger. Frankrike sette inn over 3000 mann og fekk forsterkingar og utstyr frå fleire europeiske land, inkludert Noreg. I tillegg stilte FN med ein fredsstyrke som vaks til kring 15.000 soldatar.

Trass i innsatsen vart resultatet sørgjeleg, ikkje heilt ulikt utviklinga i Afghanistan. Jihadistane vart ikkje slegne, valden vart verre. Ifølgje FN kosta jihadiståtak i Mali, Niger og Burkina Faso kring 4000 liv i 2019, mot 770 liv i 2016. Mange tusen sivile er drepne og millionar fordrivne frå heimane sine i Sahel det siste tiåret.

I sommar vedtok Tryggingsrådet å trekkje ut FN-styrken i Sahel. Det siste ankerfestet for Frankrike er styrken i Niger, og det heng altså i ein tynn tråd.

Opplæring

Når land etter land i regionen har blitt råka av statskupp, kan ein lure på om dei vestlege intervensjonane berre har gjort vondt verre. Éin ting er at dei ikkje klarte å slå ned jihadistane eller verne sivilbefolkninga. Ein annan er kva effekt dei vestlege bidraga til militariseringa av Sahel har hatt. Ifølgje nettavisa The Intercept har fleire av offiserane bak kuppa i Burkina Faso, Mali og Guinea vore med på antiterrorøvingane som USA leiar i Afrika under namnet Flintlock. Også norske spesialsoldatar har trent opp personell frå mellom anna Niger, skreiv Vårt Land denne veka. Verre enn som så: Moussa Salaou Barmou, ein av leiarane for kuppet i Niger, har militær utdanning frå USA, skriv The New York Times.

At kuppmakarar i Sahel har fått vestleg opplæring, provar ingen årsakssamanheng. Men slik trening sikrar openbert ikkje demokratisk sinnelag hos elevane.

Wagner

Heller ikkje i Moskva er det demokratiske sinnelaget all verda. Og når dei nye diktatorane i Sahel har sett seg tente med å kaste ut vestlege styrkar, er det dels fordi dei hadde fått eit russisk alternativ. Sidan 2017 har den russiske Wagner-gruppa etablert seg i ei rekkje afrikanske land, mellom anna i Mali, Sudan, Burkina Faso og særleg i Den sentralafrikanske republikken.

Wagner-gruppa kan tilby livgarde for herskarane og kommandosoldatar som kan kjempe mot jihadistar og andre opprørarar, og går gjerne hardt til verks. I Moura i Mali skal Wagner-soldatar ha vore delaktive i ein massakre på fleire hundre menneske i fjor, ifølgje ein FN-rapport.

Det verkar lite truleg at Wagner-styrkane skal klare å slå ned jihadistane i Sahel, til det er dei altfor få. Men dei har verkeleg klart å svekkje posisjonen til Frankrike og andre vestlege land. I tillegg til å sende soldatar skal Wagner ha drive propaganda mot den gamle kolonimakta i regionen, med eit visst gjennomslag. No går det rykte om at også kuppmakarane i Niger vil hyre inn Wagner-soldatar. Demonstrantar som støttar kuppet, har vifta med russiske flagg i hovudstaden Niamey.

For EU sin del gjev det russiske nærværet i Sahel ein ekstra grunn til uro. Ikkje minst handlar det om kontroll med migrasjonen gjennom Afrika.

Grensekontroll

I tillegg til krigen mot jihadistane fører europeiske land nemleg ein annan kamp i Sahel: kampen mot migrantar og flyktningar. For EU har det lenge vore eit mål å få ned talet på menneske som prøver å kome seg illegalt til Europa. Og jo lenger vekk ein kan stogge dei, jo betre. Difor har EU ei rekkje avtalar med afrikanske land om at dei skal stogge migrantar og flyktningar, til gjengjeld lovar EU statane økonomisk støtte. Desse avtalane har vore eit framskote grenseforsvar for EU.

Ordninga blir kritisert for å hole ut retten til å søkje om vern for folk på flukt: Frå interneringsleirane i Niger eller Mauritania kjem det ikkje mange asylsøknader. I tillegg er ein del av grensevaktene i Sahel lite interesserte i asylrett eller andre menneskerettar.

Opprør

Eit døme på dette er frå Sudan, der den paramilitære styrken kalla Rapid Strike Force (RSF) fekk jobben med å stogge folk på flukt frå Eritrea og Etiopia. Mange av soldatane hadde eit fælt rulleblad frå tidlegare massemord i Darfur-provinsen. Likevel gav regjeringa i Khartoum RSF jobben som grensevakter i ørkenområda mot Libya, der dei skulle stogge folk som prøvde å kome seg til Middelhavet og vidare. Dette var ein del av ein avtale mellom Sudan og EU. Dermed fungerte RSF i praksis som EUs grensevakter.

I april i år gjekk RSF til opprør mot den sudanske staten, og sidan da har landet vore i noko som liknar stygt på borgarkrig. Tusenar av sudanarar er døde, og eit milliontal er drivne på flukt.

Bremsa

Om ein ser bort frå dei moralske problema med avtalane EU inngjekk i Afrika, fungerte ordninga ei stund ganske bra sett frå nordsida av Middelhavet. Etter toppen i 2016 gjekk talet på flyktningar og migrantar til Europa bratt nedover i nokre år. No aukar trafikken raskt att.

I første halvår i år registrerte Frontex 132.370 irregulære grensekryssingar inn til EU. Det er?det høgaste talet sidan 2016. Under flyktningkrisa den gongen kom det flest via Tyrkia og over til Hellas. No er det særleg trafikken langs den sentrale middelhavsruta til Italia som aukar. I første halvår i år registrerte Frontex 65.600 irregulære kryssingar langs denne ruta, 140 prosent fleire enn i første halvår i fjor. Årsakene er usikre, men det er grunn til å tru at forverringa av situasjonen i Sahel-landa er medverkande.

Ny bølgje

Dette gjer kuppet i Niger ekstra urovekkjande for EU. Niger er eit nøkkelland for kontrollen med migrasjonen nordover til Libya og Middelhavet. Sidan 2015 har styresmaktene i Niger halde talet på reisande gjennom ørkenen nede med makt. Titusenvis av menneske har blitt stogga i Agadez-regionen, ved utkanten av Sahara, og deporterte heim att eller internerte i såkalla transittleirar.

Slik sikrar staten seg sårt tiltrengde inntekter. Kring 40 prosent av statsbudsjettet til Niger er basert på bistand, ifølgje Deutsche Welle. Etter kuppet stogga EU støtta til landet, og det er ikkje gjeve at Niger vil vere grensevakt for europearane så mykje lenger.

«Den nye migrasjonsbølgja er alt ein realitet», sa den italienske utanriksministeren Antonio Tajani til La Stampa måndag. «For kvar dag som går utan ein avtale, risikerer vi forverring. Om det bryt ut krig i Niger, blir det ein katastrofe».

Særleg for folk i Niger, kan ein tilføye.

Krisefond

Kva med årsakene til migrasjonen frå Sahel og land lenger sør i Afrika? Dei blir ikkje borte med det første. EU har gjort forsøk på å styrkje økonomien, så folk skal få fleire høve til å livberge seg, men med avgrensa suksess. I så svake statar forsvinn svært mykje i korrupsjon. Og det er som regel lettare å skaffe pengar til å stogge migrantane enn til å drive langsiktig utvikling. I 2015 etablerte EU eit eige krisefond kalla Emergency Trust Fund for Africa som skulle ta tak i «dei underliggande årsakene til irregulær migrasjon».

Deutsche Welle analyserte i fjor kva 560 milliardar kroner frå fondet hadde gått til. Berre ti prosent hadde gått til jobbskaping og økonomisk utvikling i Afrika, medan ein fjerdedel hadde gått til grensekontroll og andre former for «migranthandtering».

På kort og mellomlang sikt er den prioriteringa skjønleg. Det er ikkje dei fattigaste i kvart land som legg ut på den kostbare og farlege reisa til Europa, og det er ikkje dei fattigaste landa flest reiser frå. Sahel-statane er enno langt frå det stadiet i velstandsutvikling der migrasjonen minkar.

Folketalsveksten kjem heller ikkje til å avta på lenge. I Mali er til dømes medianalderen berre 14 år. Og dei vedvarande væpna konfliktane i Sahel driv framleis folk på flukt. I fjor var det ifølgje FN tre millionar menneske internt fordrivne i regionen, i tillegg til meir enn éin million flyktningar og asylsøkjarar frå andre land. Den som ønskjer seg gode nyheiter, bør leite andre stader enn i Sahel.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Dette biletet av ei jødisk jente og ein palestinsk gut er kunstig generert, men spreidd vidt i sosiale medium som eit symbol. Biletet er laga av ei gruppe som kallar seg «Visions of Peace», som stiller spørsmålet: «Om KI kan sjå for seg fred, kvifor kan ikkje vi?»

Krig i ein biletkarusell

Krig, propaganda og kunstig intelligens set dokumentarfotografiet under stadig kraftigare press. Det er krigen i Gaza eit døme på.

Christiane Jordheim Larsen

Penélope Cruz i rolla som mor til Adriana eller Andrea, spelt av Luana Giuliani.

Foto: Wildside

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Roma – ein lukka by

Filmmelding: Italiensk oppvekstdrama sveipt i 70-talet skildrar tronge kjønnsnormer og fridomstrong.

Studentar på Universitetsbiblioteket på Blindern i Oslo.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

Ordskifte
Bjørn Kvalsvik Nicolaysen

Ja til skule, nei til studentfabrikk

Diverre er samarbeidet mellom skulen og høgre utdanningsinstitusjonar ofte dårleg.

Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.

Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB

KrigSamfunn
Andrej Kurkov

Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger

Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.

Leonie Benesch spelar hovudrolla som læraren Carla Nowak.

Foto: Selmer Media

FilmMeldingar

Ja takk, Çatak

Eit sanningsord: Lærerværelset er høgst sjåverdig.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis