Ein populær miljøskattDei fleste land slit med å nå klimamåla sine. Har Canada knekt karbonkoden?Klima
Dei fleste land slit med å nå klimamåla sine. Har Canada knekt karbonkoden?
Utvinninga av olje frå tjøresand i Canada gjev svært store CO2-utslepp. Biletet viser utvinninga ved Fort McMurray i provinsen Alberta. Karbonavgifta i Alberta er venta å koste oljeindustrien kring åtte milliardar kroner årleg frå 2020.
Foto: Jeff McIntosh / AP / NTB scanpix
Innføring av nye avgifter er sjeldan ei vinnarsak for politikarar, det er normalt slikt ein taper val på. Men kanskje er den kanadiske karbonavgifta eit unnatak. I oktober kunngjorde statsminister Justin Trudeau at Canada vil innføre ei føderal avgift på utslepp av klimagassar neste år. Men ulikt avgifter flest skal ikkje desse pengane gå inn i statskassa. Det aller meste av avgifta – kring 90 prosent – skal betalast attende til borgarane.
Dette prinsippet blir kalla karbonavgift til fordeling og er i Noreg ofte omtala med forkortinga KAF. Fleire kanadiske provinsar har allereie ei slik ordning på plass: British Columbia var først ute i 2008. Systemet vart innført av det moderate høgrepartiet, BC Liberal Party, og har vist seg å vere ganske populært i befolkninga. No skal altså alle kanadiske provinsar innføre ei slik karbonavgift til fordeling. Minstesatsen er i starten ganske låg, på 130 kroner per tonn CO2, men avgifta skal jekkast opp til 330 kroner tonnet i 2022. Fleire av provinsane har allereie høgare avgifter enn dette.
Håpet er at karbonavgifta skal hjelpe Canada med å halde lovnadene sine i Paris-avtalen: Canada har lova å redusere klimagassutsleppa sine med 30 prosent frå 2005-nivået innan 2030, men er slett ikkje i rute til å nå det målet. Også eit anna rikt, oljeeksporterande land langt mot nord ligg svært dårleg an med klimamåla sine. Så da er spørsmålet: Kan prinsippet om karbonavgift til fordeling vere noko å tenkje på også i Noreg?
Høgare utslepp
Karbonavgift er i seg sjølv ikkje noko ukjent fenomen her til lands. Noreg var faktisk ein pioner på dette feltet og innførte ei avgift på klimagassutslepp alt i 1991. Denne avgifta vart lagt på både drivstoff og på utslepp frå petroleumsverksemda på kontinentalsokkelen. I dag er avgiftssatsen 500 kroner per tonn CO2 – altså langt høgare enn den canadiske karbonavgifta. Men trass i dette, og trass i at Noreg er ein del av det europeiske kvotesystemet, er dei samla norske klimagassutsleppa i dag høgare enn dei var i 1990. Og dei norske utsleppa av den viktigaste klimagassen, CO2, er nesten 25 prosent høgare enn dei var i 1990. Hovudgrunnen er auken i utslepp frå petroleumsutvinning og transport.
Avgiftene må tydelegvis kraftig opp om ein skal få utsleppskutt som monar i Noreg. Og dette gjev oss ein grunn til å vurdere den canadiske modellen, meiner Steffen Kallbekken. Han er forskingssjef ved Cicero Senter for klimaforsking og spesialist på internasjonal klimapolitikk.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.