JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Ein ny runde med Trump

Trump ligg an til å verte republikanarane sin presidentkandidat. Men gjeve resultata frå dei fire siste vala, er det meir truleg at Biden vert ny president, ikkje Trump, seier Hilde Restad.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Donald Trump fekk 51 prosent av røystene i Iowa og vann nominasjonsvalet med større margin enn nokon republikanar tidlegare har gjort i delstaten.

Foto: Evelyn Hockstein / Reuters

7792
20240119

Samtalen

Hilde Restad

fyrsteamanuensis ved Oslo Nye Høyskole

Aktuell

Nominasjonsprosessen i USA

7792
20240119

Samtalen

Hilde Restad

fyrsteamanuensis ved Oslo Nye Høyskole

Aktuell

Nominasjonsprosessen i USA

eva@dagogtid.no

Donald Trump vann denne veka nominasjonsvalet i Iowa og ligg godt an til å verte republikanarane sin presidentkandidat att til hausten.

Med 51 prosent av røystene vann han dessutan med større margin enn nokon republikanar tidlegare har gjort i delstaten. Utfordrar og Florida-guvernør Ron DeSantis fekk støtte frå 21,2 prosent, medan tidlegare FN-ambassadør og tidlegare South Carolina-guvernør Nikki Haley enda med 19,1 prosent av røystene.

Hilde Restad er fyrsteamanuensis ved avdeling for statsvitskap og internasjonale relasjonar ved Oslo Nye Høyskole.

– Kva har gjort Trump så populær i Iowa?

– Trump er populær overalt, ikkje berre i Iowa. Men resultatet i Iowa er fyrst og fremst ei følgje av det vi har sett sidan 2016: at Trump heile tida konsoliderer makta i partiet. Det betyr ikkje at han er meir populær i USA generelt sett, berre at fløya hans har hatt suksess med å ta over Det republikanske partiet.

– Iowa er verken særleg stor eller særleg folkerik, og dei som vann nominasjonane i det republikanske partiet i delstaten i 2008, 2012 og 2016, vart ikkje presidentkandidatar. Likevel vert det no, etter valet denne veka, snakka som at nominasjonsprosessen er avgjord. Kva gjer Iowa så viktig?

– Iowa er viktig fordi delstaten sidan 1972 har vore fyrst i nominasjonsprosessen. Men det er ein liten stat med få delegatar å dele ut, så det handlar fyrst og fremst om det – at han er fyrst. Det som skjer, er gjerne òg at ein får luka ut mange kandidatar der. Men New Hampshire (som er neste delstat med nominasjonsval, journ. merk.) er òg viktig fordi han er tidleg, og så vert det gjerne sett til supertysdagen i mars når fleire statar har val same dag.

– Men er nominasjonsprosessen avgjord?

– Det er eigentleg ingen skikkeleg konkurranse no, så eg trur ikkje det tek lang tid før Trump står att åleine. Men ein skal aldri seie aldri. No har veljarane òg sjanse til å røyste på Nikki Haley, som representerer det gamle republikanske partiet. Det ser dei ikkje ut til å gjere, men det kan vere lurt å vente på resultatet frå New Hampshire, som har ein annan veljarsamansetnad enn Iowa.

– Kva vil du seie er dei viktigaste politiske skilja mellom Trump, Haley og DeSantis?

– DeSantis er ein illustrasjon på kor mykje makt Trump-fløya har fått i partiet. Profilen hans er å vere ein meir etande Trump, men elles står han for den same og svært radikale politikken om abort og andre verdispørsmål, og ganske mykje av den same aggressive retorikken. Men så ser vi jo at veljarane ikkje vil ha ei erstatning for Trump, dei vil ha Trump. Haley representerer det som er att av det gamle republikanske partiet. Ho er som snytt ut av nasen på George W. Bush og dei nykonservative som lanserte krigen mot terror, og ho står for ein diametralt motsett utanriks- og tryggingspolitikk av Trump-fløya.

– Oppslutninga om Haley har auka frå desember til januar. Samstundes ligg ho på ei samanstilling av målingar for nominasjonsvalet an til å få berre 11,44 prosent. Kva sjanse vil du seie ho har no?

– Ho har nok gjort det vel så bra som ein skulle tru i Iowa. Dei republikanske veljarane der er typisk ganske kristenkonservative og ikkje hennar målgruppe, så det var ikkje venta at ho skulle gjere det bra der. Det kan godt vere ho gjer det betre i New Hampshire, men det er likevel ikkje lett å sjå korleis ho skal vinne nominasjonen sjølv om det skjer.

– Haley har mellom anna kritisert innvandringspolitikken til Trump, språket han brukar, og ho vert snakka om som ein internasjonalist. Kan ho likevel verte Trumps visepresident?

– Ja då, absolutt. Ho var jo FN-ambassadør for Trump og har synt at ho kan vere kritisk mot han og likevel jobbe for han tidlegare. I så måte eksemplifiserer ho mykje av problemet i det tradisjonelle republikanske partiet òg: Heller enn å fordøme Trump tydeleg har store delar av partiet mangla ryggrad. Sjølv om Haley har stilt til nominasjonskamp mot Trump, har ho på direkte spørsmål ikkje avvist at ho kjem til å akseptere visepresidentposten om ho vert tilbydd den.

– Kvar vil du plassere Trump politisk?

– Trump er ein fare for demokratiet, og han har ikkje gjort anna sidan 2015 enn å bevise det. Han er ei blanding av ein illiberal antidemokratisk ytre høgre-aktør kryssa med ein mafiaboss. Han klarar ikkje å følgje demokratiske reglar og normer, han anerkjenner ikkje når han tapar val, og vi ser at han oppmodar til politisk vald når han ikkje får det som han vil. Det er viktig å vere klar over dette og ikkje behandle han som ein vanleg politikar.

– Har han endra seg noko sidan han var president?

– Nei, han ser berre ut til å verte meir og meir rabiat. Og han spelar veldig på offernarrativet om at han er forfølgd, og at staten er ute etter å ta han.

– Kva for folk omgjev han seg med no?

– Det er fyrst og fremst familie og nære vener, og politiske aktørar som ikkje er så opptekne av demokratiske spelereglar. Det er verdt å ta med seg at mange av dei han oppnemnde i regjeringa i 2016, sidan slutta eller vart sparka fordi dei nekta å gjere ting som var ulovlege. Og at nokre av dei no seier at ein ny periode for Trump i Det kvite huset vil vere ein fare for det amerikanske demokratiet.

– Då Trump sa om illegale innvandrarar at «they’re poisoning the blood of our country», fekk han likevel støtte frå Lindsey Graham, senator for Sør-Georgia, på NBC News. Graham sa at han ikkje bryr seg om språket Trump brukar, så lenge politikken «vert rett». Hengjer vi oss for mykje opp i språket til Trump?

– Nei, det gjer vi ikkje. Han seier kva han skal gjere, og er ikkje særleg subtil. Og korleis han snakkar om ting og om folk, er sjølvsagt svært viktig når han skal vere ein nasjonal figur.

– Kva er dei viktigaste sakene i valkampen?

– Det som har å gjere med folks hushaldsøkonomi, er alltid viktig, men i tillegg er det no mykje vekt på det som vert kalla grensekrisa, som har å gjere både med innvandringspolitikk i stort og med situasjonen på grensa mellom USA og Mexico. Men det er også andre utanrikspolitiske kriser som kan få innverknad på valet. Krigen i Gaza slår litt ulikt ut blant veljargrupper i USA, og særleg yngre generasjonar er kritiske til Bidens støtte til Israel. Det vert interessant å følgje med på korleis det vert møtt frå Det demokratiske partiet.

– Alle rettssakene mot Trump ser ut til å styrkje han blant veljarane. Kva for scenario kan vi sjå føre oss her?

– Det vert neppe dommar i 6. januar-saka og i saka om graderte dokument før valet, og det er dei to viktigaste rettsprosessane, fordi dei handlar om nasjonal tryggleik og USAs demokrati. Vert han vald, kjem truleg dei føderale rettssakene til å verte lagde vekk etter ordre frå Trump. Den einaste rettsprosessen han ikkje kan påverke, er den i Georgia, for der er det delstatsstyresmaktene som har jurisdiksjon, ikkje dei føderale styresmaktene. Men den rettssaka har ikkje føderale implikasjonar.

– Korleis vurderer du sjansane for at Trump kan vinne presidentvalet til hausten?

– Trumpismen har ikkje vunne fleirtal i USA. Han vann ved institusjonell slumpetreff i 2016, men vart kraftig tilbakevist i 2018, 2020 og 2022. Vert Trump presidentkandidat for republikanarane igjen, finst det berre to måtar han kan klare å vinne valet på. Det eine er ved institusjonell slumpetreff igjen, det andre er om han klarar å gjere det han prøvde å gjere i 2020 – å jukse seg til å vinne. Men gjeve resultata frå dei fire siste vala, er det meir truleg at Biden vinn enn at Trump vinn.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Ida Lødemel Tvedt

Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.

Foto: Trond A. Isaksen

BokMeldingar
Odd W. Surén

Singel og sanatorium

Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.

Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.

Foto: Stord vgs

MusikkKultur
Helga JohanneStørdal

Kampen om kunstfaga

Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.

Den norske fiskeflåten er mangfaldig. Her er ringnotfartøy ved kai i Egersund våren 2017.

Foto: Per Anders Todal

Samfunn
Per Anders Todal

Fiskar er fiskar verst

Striden om kvotemeldinga kan få Fiskarlaget til å rivne.

Sviskadar frå maneter kan vere smertefulle og gje store skadar på oppdrettsfisk.  I 2023 døydde fleire millionar laks etter angrep av perlesnormaneter (Apolemia uvaria).

Foto: Mattilsynet

DyrFeature

Den sure svien

I fjor vart angrep av maneter brått rekna med som ei av dei fem viktigaste årsakene til laksedauden, korleis kan noko slikt skje?

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis