Ein ny normalitet me må leva med

Det er ikkje lett å ha solid bakgrunn for eigne meiningar om denne utkropne pandemien.

To raude strekar på koronatesten må settast på minuskontoen etter ferie i Hellas – for tida verdas fjerde mest smittsame land.
To raude strekar på koronatesten må settast på minuskontoen etter ferie i Hellas – for tida verdas fjerde mest smittsame land.
Publisert

Spaltisten har vore i Hellas for første gong etter at pesten slo til, i eit ope tidsvindauge utan restriksjonar og munnbind, vaksinesertifikat og karantene, mellom nye smittebølgjer og SAS-streikar.

Det er mest ikkje til å tru kor fort normaliteten kan venda tilbake, med vanlege kvardagar. Ser du nokon med munnbind, er det japanarar eller kinesarar. Me har stor evne til å venja oss til og venja oss av med spesielle åtgjerder for smittevern – både pålagde og dei me tar til oss og opplever som mentalt og kroppsleg naturlege og nødvendige. Også vi når det blir krevet.

ALT VAR SOM DET SKULLE: passe varme, passe vatn, passe mat og drikke, vennlege grekarar, duvande olivenlundar, fantasieggjande ruinar, passe avslappande, passe ulikt, men også det same. Så får ein berre ta med på kjøpet at på Skopelos er det ikkje bouzouki og Zorba som tonar i bakgrunnen, men mamma mia og ABBA.

I kveldinga sit dei gamle konene på trammen og snakkar med andre gamle koner på den andre sida av dei smale gatene. Me ser meir på dei enn dei ser på oss, men dei leverer nok salte replikkar seg imellom om desse som tråvar forbi.

Dei gamle mennene er på plass under platantrea på kafeen. Dei er ikkje høgrøysta og småkranglande. Nokre ser tenksame ut der dei sit, mens andre berre sit og legg inn eit ord av og til. Det var slik han såg for seg framtida som «gamal grekar», den greske vennen min som kom til Noreg som politisk flyktning under juntaen, og han ville ha meg til å slå følgje. Men han grodde fast her i landet og døydde før han fekk venda tilbake.

Spaltisten er ikkje der for å bli. Han trivst som gjest i det greske. Han er der ikkje for å oppleva mykje nytt og eksotisk, men for å gjenoppliva det som har vore. Det er normalitet.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement