Kommentar
Ein ny fase i islamistisk terror i Europa?
Wien-åtaket fell truleg inn i eit nytt mønster.
Store styrkar rykte ut og sperra gatene etter terroråtaket nær Schwedenplatz i Wien måndag 2. november i år.
Foto: Lisi Nieser / Reuters / NTB
Media i Austerrike går no gjennom same fornektingsprosess som i andre land. Ein freistar i det lengste å tvihalde på tanken om at terrorhandlingar er komne til av psykisk forstyrra einskildpersonar. Dei dagane som er gått sidan drapa utanfor synagogen ved Schwedenplatz i Wien, går tvert om i retning av å vise at det knappast kan handle om nokon «einsam ulv». Då austerriksk politi gjennomsøkte bustaden til den skotne drapsmannen, fann dei adresser til 18 personar, og heimane til desse er sidan gjennomsøkte. 14 menneske er arresterte, mistenkte for å samarbeide i undergrunnsnettverk.
For godt mål har då også IS gjennom propagandaorganet Amaq forkynt at dei står bak attentatet i bydelen Bermuda-Dreieck. Fotoet dei har publisert av mannen, tyder på at IS hadde kontakt med han. Wien-åtaket fell inn i eit nytt mønster: Einskildpersonar går til åtak med støtte frå bakmenn. Det er i England og Frankrike siste par åra berre brukt lågteknologiske våpen, som knivar, og ein sjeldan gong eit jaktvåpen. Sameleis med dei åtaka ein har klart å stoppe, eit trettital i året siste åra i Frankrike.
Lokale aktivistar
Stort sett er det slutt på bomber og omfattande logistikk. Men dermed er det, som den austerrikske innanriksministeren Karl Nehammer seier, eit mysterium kvar våpena drapsmannen brukte, kom frå: eit automatgevær, ein pistol og ein machete. Når fem menneske er drepne og 22 skadde av ukjende våpen, meiner ministeren at «gjerningsmannen klarte å føre rettsvesenet bak lyset».
Ein treng ikkje spekulere for å sjå at då IS mista territoria sine, klarte dei å installere seg i Europa, gjerne ved lokale aktivistar opplærte av det norske Petter Nesser kallar «entreprenørar». Stilt og roleg formar dei små celler, kan hende hjelpte av heimvende IS-soldatar, som IS påstår den nordmakedonske terroristen i Wien faktisk var.
Truleg har førsteamanuensis Franck Orban ved Høgskolen i Østfold rett i at europeisk terror er blitt heimleg, langt på veg uavhengig av eksterne krefter, såleis i Midtausten eller i afrikanske land. Som eg fleire gonger har nemnt her i avisa, var Frankrike viktigaste «bakdør» inn i Europa, med tilflyt frå Nord-Afrika av organisatorar. Framleis er det enkelte importerte gjerningsmenn her og der, no frå fleire kantar: ein tsjetsjenar, ein tunisiar, ein nordmakedonar. Men alle gruppene som stør opp under slike lokalt, kan ikkje vere det – det finst folk som har organisert seg under kvar radar.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.