Ein noko oppskrytt bjørnDei konvensjonelle styrkane til Russland er langt svakare enn Nato-landa sine, sjølv om vi held USA utanfor.
Dei konvensjonelle styrkane til Russland er langt svakare enn Nato-landa sine, sjølv om vi held USA utanfor.
Russiske soldatar tøyer ut på Den raude plassen i Moskva under ei markering av sigeren over Tyskland i andre verdskrigen. Den russiske hæren har styrkt seg det siste tiåret, men er langt svakare enn dei samle styrkane til Nato-landa.
Foto: Yuri Kochetkov / Pool / Reuters / NTB scanpix
For tida verkar det som om den kalde krigen er attende. Tilliten mellom Russland og Vesten er på eit lågmål. Under Vladimir Putin har Russland rusta kraftig opp, og landet har dei siste åra blitt ein langt meir aggressiv aktør på verdsscena. Russiske styrkar annekterte Krim i 2014, og den russiske hæren hjelper separatistane i Aust-Ukraina med å halde krigen deira gåande. I Syria har det russiske flyvåpenet bomba opprørarar sidan sommaren 2015, og har lukkast med å berge regimet til Assad. Russland opptrer igjen som ei supermakt med internasjonale ambisjonar, og det er uvant for oss.
Eit trugsmål?
Kombinasjonen av eit kaldt politisk klima og eit militært sterkare og meir aggressivt Russland vekkjer uro i mange land, også i Noreg. Og den russiske opprustinga gjev gode argument til dei som vil styrkje forsvaret: Russland blir gong på gong halde fram som ein fare for Vesten. «Russland er det største trugsmålet mot den nasjonale tryggleiken vår», sa Joseph Dunford, øvstkommanderande for dei væpna styrkane i USA i 2016. «Russlands økte militære evne og maktbruk utgjør den mest sentrale endringen i Norges sikkerhetspolitiske omgivelser siden forrige langtidsplan», heitte det i den norske langtidsplanen for forsvaret i fjor.
Opprusting
Uroa i Europa har ikkje blitt mindre av at president Trump har sådd tvil om USA vil stå ved artikkel 5 i Nato-pakta, som forpliktar alle medlemsland til å stille opp militært dersom ein Nato-medlem blir angripen. Bør vi vesteuropearar frykte Russland no? Svaret på spørsmålet avheng mellom anna av kor sterkt det russiske militæret eigentleg er.
At Russland har rusta kraftig opp det siste tiåret, er heva over tvil. Landet brukar kring fem prosent av BNP på militæret sitt, og det er mykje. Til samanlikning brukar Noreg 1,4 prosent av BNP på Forsvaret, noko som faktisk er ganske høgt i Nato-målestokk. Det årlege forsvarsbudsjettet til Russland er nesten dobla det siste tiåret, og det russiske militæret har gått gjennom ei omfattande modernisering.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.