Ein marknad for det vonde samvitet
Å kjøpe seg til godt klimasamvit er lettare sagt enn gjort.
Flyreiser er ei stor kjelde til klimagassutslepp, og SAS og andre flyselskap leitar etter måtar å kompensere for utskeppa sine på. Men marknaden for slik kompensasjon er komplisert og lite gjennomsiktig. Foto frå Gardermoen.
Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix
Ideen med klimakvotar er tiltalande anten du er eit godt menneske med dårleg samvit for klimagassutsleppa dine, eller du er leiar for eit stort selskap som vil skaffe seg eit grønare omdøme: Ved å kjøpe klimakvotar kan du betale for miljøtiltak i andre land og dermed kompensere for dine eigne klimagassutslepp. Slik kan både ein privatperson og eit flyselskap gjere seg «karbonnøytral», og vi kan alle halde på som før med godt samvit.
Men dette er teorien. All erfaring viser at denne typen avlatshandel i praksis er svært vanskeleg å få til å fungere slik han er tenkt, og det har vi nyleg fått to påminningar om i media.
Teori og praksis
Sist laurdag dissekerte Dagbladet forretningsmodellen til det norske selskapet Chooose, som tilbyd privatpersonar å «fjerne karbonavtrykket sitt» ved å betale inn pengar via Chooose kvar månad. Pengane skal i teorien gå til tiltak som reduserer klimagassutslepp ein eller annan stad i verda. Men i praksis går mykje av pengane til vasskraftverk og andre lønsame tiltak som har vore i drift i mange år, og bidreg dermed ikkje til ny reduksjon av utslepp slik Chooose hevdar.
Og sist fredag var det SAS som fekk kritikk for sine eigne «klimakvotar» i ein NRK-artikkel på nettet. Selskapet hevdar at «CO2-utslipp som oppstår under flyging kan bli kompensert for ved hjelp av etablerte kvoteløsninger». SAS betaler sjølv for «CO2-kompensasjon» for utsleppa frå reiser med ungdomsbillett og Eurobonus-reiser, og andre passasjerar kan frivillig kjøpe CO2-kvotar. Pengane skal gå til «energiprosjekter som genererer en kompensasjon som tilsvarer mengden CO2-utslipp» frå flyreisa.
«Bare billig pynt for å lette på vår dårlige klimasamvittighet», meinte klimaforskar Glen Peters i Cicero, som avviste at ordninga inneber ein reell kompensasjon for utsleppa frå flyreisene.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.