JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Ein marknad for det vonde samvitet

Å kjøpe seg til godt klimasamvit er lettare sagt enn gjort.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Flyreiser er ei stor kjelde til klimagassutslepp, og SAS og andre flyselskap leitar etter måtar å kompensere for utskeppa sine på. Men marknaden for slik kompensasjon er komplisert og lite gjennomsiktig. Foto frå Gardermoen.

Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix

9107
20190329
9107
20190329

Miljø

peranders@dagogtid.no

Ideen med klimakvotar er tiltalande anten du er eit godt menneske med dårleg samvit for klimagassutsleppa dine, eller du er leiar for eit stort selskap som vil skaffe seg eit grønare omdøme: Ved å kjøpe klimakvotar kan du betale for miljøtiltak i andre land og dermed kompensere for dine eigne klimagassutslepp. Slik kan både ein privatperson og eit flyselskap gjere seg «karbonnøytral», og vi kan alle halde på som før med godt samvit.

Men dette er teorien. All erfaring viser at denne typen avlatshandel i praksis er svært vanskeleg å få til å fungere slik han er tenkt, og det har vi nyleg fått to påminningar om i media.

Teori og praksis

Sist laurdag dissekerte Dagbladet forretningsmodellen til det norske selskapet Chooose, som tilbyd privatpersonar å «fjerne karbonavtrykket sitt» ved å betale inn pengar via Chooose kvar månad. Pengane skal i teorien gå til tiltak som reduserer klimagassutslepp ein eller annan stad i verda. Men i praksis går mykje av pengane til vasskraftverk og andre lønsame tiltak som har vore i drift i mange år, og bidreg dermed ikkje til ny reduksjon av utslepp slik Chooose hevdar.

Og sist fredag var det SAS som fekk kritikk for sine eigne «klimakvotar» i ein NRK-artikkel på nettet. Selskapet hevdar at «CO2-utslipp som oppstår under flyging kan bli kompensert for ved hjelp av etablerte kvoteløsninger». SAS betaler sjølv for «CO2-kompensasjon» for utsleppa frå reiser med ungdomsbillett og Eurobonus-reiser, og andre passasjerar kan frivillig kjøpe CO2-kvotar. Pengane skal gå til «energiprosjekter som genererer en kompensasjon som tilsvarer mengden CO2-utslipp» frå flyreisa.

«Bare billig pynt for å lette på vår dårlige klimasamvittighet», meinte klimaforskar Glen Peters i Cicero, som avviste at ordninga inneber ein reell kompensasjon for utsleppa frå flyreisene.

Kva er ein kvote?

Kvifor er dette feltet så komplisert og så omstridd? Noko av forvirringa kjem av at ordet «klimakvotar» blir brukt om fleire ulike fenomen, også om ting som ikkje kan kallast kvotar. Ordet kvote inneber jo ei form for restriksjon, det tyder ein avgrensa tilgang til eit gode.

Og det finst faktisk ei kvoteordning for klimagassutslepp som lever opp til namnet, nemleg EU-systemet som heiter Emissions Trading System (ETS). Denne ordninga set eit tak for dei samla klimagassutsleppa frå ei rekkje sektorar i EU og EØS-området, og mellom andre industriselskap og kraftprodusentar må betale for løyve til å sleppe ut ei viss mengd klimagassar. Desse kvotane er òg handelsvare: Om eit selskap ikkje brukar alle utsleppsløyva sine, kan det selje dei som er til overs. For tida er kvoteprisen kring 200 kroner for eit tonn CO2.

Men det er ikkje EU-kvotar selskap som Chooose og SAS sel til kundane sine under namnet «klimakvotar». Det dei tilbyd oss, kan ikkje kallast kvotar i det heile. Og for å skjøne kva det faktisk er dei tilbyd, må vi gå eit stykke attende i tid.

Klimanøytrale Noreg

I den første internasjonale klimaavtalen, Kyoto-avtalen frå 1997, vart det lagt inn ei ordning kalla den grøne utviklingsmekanismen, på engelsk Clean Development Mechanism (CDM). Ordninga innebar at dei rike landa ikkje trong å ta alle utsleppskutta sine på heimebane. I staden kunne dei betale for klimavenlege tiltak som til dømes nye vasskraftverk i fattige land. I teorien skulle ein på det viset få langt større utsleppsreduksjonar per krone og i tillegg drive effektiv bistand til den tredje verda.

Som statsminister var Jens Stoltenberg ein stor tilhengar av internasjonal handel med klimakvotar, og «kostnadseffektivt» var eit av yndlingsorda hans. I 2007 lova Stoltenberg at Noreg skulle bli «klimanøytralt» innan 2050. Det ville seie at staten skulle betale for utsleppskutt i andre land som tilsvarte alle dei norske utsleppa, om ikkje meir.

Grisemøk

Sidan da har den norske staten brukt fleire milliardar kroner på CDM-tiltak for å oppfylle lovnadene sine i Kyoto-avtalen. Pengane har mellom anna gått til vindturbinar i Mongolia, vasskraftverk i India, avfallshandtering i Colombia og komposteringsanlegg for grisemøk i Kina.

Det var ikkje berre staten som handla med slike CDM-kredittar, det var òg mogleg for folk flest å kjøpe seg til betre samvit ved å bidra til miljøtiltak i fattige land. Organisasjonar som Framtiden i våre hender, Naturvernforbundet og Kirkens Nødhjelp tilbaud såkalla «klimakvotar» for privatpersonar, det same gjorde Miljødirektoratet. Alle som ville, kunne kjøpe seg inn i FN-godkjende CDM-prosjekt i den tredje verda.

Juks og kollaps

Men med tida kom CDM-systemet i vanry. Nokre av dei FN-godkjende prosjekta viste seg å vere rein svindel: Fabrikkar med utslepp av svært kraftige klimagassar vart etter alt å døme bygde berre for å få CDM-pengar for å legge dei ned att. Og i svært mange tilfelle viste det seg at selskap fekk CDM-støtte til lønsame vasskraftverk og andre tiltak som etter alt å døme ville ha blitt realiserte uansett. Dermed hadde ikkje desse «klimakvotane» nokon reell klimaeffekt.

Interessa for CDM-kredittane minka, EU frårådde medlemslanda å kjøpe dei, og i 2014 kollapsa marknaden for desse kredittane nesten heilt. Det Norske Veritas (no DNV GL), som var størst i verda på å kvalitetssikre CDM-tiltak for FN, la ned heile verksemda si på feltet. Framtiden i våre hender og Miljødirektoratet slutta å tilby «klimakvotar» i 2014 på grunn av manglande interesse.

Noreg er av dei landa som har halde fram lengst med å betale inn pengar gjennom CDM-ordninga. Men Kyoto-avtalen går ut i 2020, og Paris-avtalen frå 2016 har ikkje nokon mekanisme som tilsvarer CDM.

Eit tåkete felt

Det denne historia fortel, er at det er svært vanskeleg å finne tiltak med sikker effekt om ein vil kompensere for eigne CO2-utslepp. Sjølv om det vart brukt store ressursar på å bygge opp Clean Development Mechanism, og sjølv om store, seriøse selskap som Det Norske Veritas og Lloyds var med på sertifiseringa, vart likevel mange tvilsame prosjekt godkjende av FN.

Men sjølv om CDM-systemet har kollapsa, finst det framleis privatpersonar som vil lette på miljøsamvitet, og mange selskap som vil skaffe seg eit grønare image. Dermed finst det òg flust av selskap rundt i verda som tilbyd ulike former for «klimakompensasjon».

Problemet for SAS og andre selskap som vil gjere opp for klimagassutsleppa sine – også Microsoft kallar seg sjølv «karbonnøytralt» – er å finne truverdige, kvalitetssikra klimatiltak dei kan bruke pengar på. SAS har valt å samarbeide med det britiske selskapet Natural Capital Partners, som skal kanalisere pengane til klimavenlege tiltak rundt i verda. Men kva føremål «klimakompensasjonen» frå SAS konkret går til, er ikkje så enkelt å finne ut. Natural Capital Partners har involvert seg i over 350 prosjekt i meir enn 40 land, og det tek ei veke før Dag og Tid får svar frå SAS på kva det er dei støttar gjennom NCP. Når svaret til slutt kjem, er det lite å bli klok på.

Vind og sol

Miljødirektør Lars Andersen i SAS opplyser på e-post at klimapengane frå selskapet går til «omstilling til fornybar energi», primært til vindkraft og noko til solenergi, og dei fleste prosjekta er i Kina eller India. Kvart prosjekt blir vurdert ut frå sin eigen dokumentasjon og frå godkjenninga til Natural Capital Partners, i tillegg skal SAS nytte ein uavhengig tredjepart til å gå gjennom prosjekta, fortel Andersen. Nokre av prosjekta SAS støttar, har CDM-godkjenning, andre er sertifiserte av organisasjonen Gold Standard i Sveits.

Miljødirektøren kan i dag ikkje gje konkrete døme på prosjekt som har blitt finansierte med pengar frå klimakvotar kjøpte av SAS-passasjerar, med dokumentasjon av kor store utsleppskutt kvart prosjekt har ført til.

– Når vi har avslutta transaksjonane for 2018, kjem vi til å kunne gje detaljane, skriv Andersen.

Avlatshandel

Ein ting er sikker: Når dette feltet er så lite gjennomsiktig, er det ikkje lett for ein samvitsfull privatperson å vite om det er noko poeng i å prøve å kompensere for utsleppa sine gjennom kjøp av såkalla CO2-kvotar. Sjølv om ein hadde all tilgjengeleg informasjon, ville det vere vanskeleg å finne den eksakte klimaeffekten av kvart tiltak. Og det er lite trøyst å hente hos Anders Nordeng, analytikar for selskapet Refinitiv med den europeiske kvotemarknaden som spesialfelt.

– Dette er svært kompliserte ting å rekne på, og det har preg av avlat. Mi personlege meining er at det ikkje gjev særleg meining å prøve å kompensere for sine eigne utslepp tonn for tonn. Det vi veit, er at CDM-ordninga var med på å skape mange fornybare prosjekt i den tredje verda. Men mange av desse prosjekta ville vore lønsame uansett. Og om vi skal frikjøpe oss heilt for våre eigne utslepp, krev det langt sikrare dokumentasjon enn det som finst i dag.

– Kva skal vi da gjere om vi vil kompensere for utsleppa frå til dømes flyreisene våre?

– Det beste er jo å flyge mindre. Men det sit veldig langt inne for mange av oss, seier Nordeng.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Dette er svært kompliserte ting å rekne på, og det har preg av avlat.

Anders Nordeng, analytikar

Emneknaggar

Fleire artiklar

Det vart meir enn 300 bryllaup mellom islandske kvinner og allierte soldatar og offiserar.

Foto: National Archives, Maryland

Samfunn

Den uheldige sida av «ein velsigna invasjon»

REYKJAVÍK: På Island vart det registrert meir enn 800 kvinner som hadde kontakt med engelske eller amerikanske militære under krigen. Det var kontroversielt, og mange av kvinnene vart straffa på ulikt vis.

Ottar Fyllingsnes

Kjersti Halvorsen er psykolog og forfattar.

Foto: Lina Hindrum

BokMeldingar
Ingvild Bræin

Fadesar og fasadar

Roboten blir til mens vi ror.

Det er naturleg å rykkja til når ein skjønar at laget ein spelar eller heiar på, rykkjer ned (jf. opprykk, nedrykk), skriv Kristin Fridtun. Her tek  Ranheims Mads Reginiussen til tårene etter nedrykk i eliteseriekampen i fotball mellom Rosenborg og Ranheim på Lerkendal Stadion (3-2).

Foto: Ole Martin Wold / NTB

Ord om språkKunnskap
Kristin Fridtun

I rykk og napp

Det er naturleg å rykkja til når ein skjønar at laget ein spelar eller heiar på, rykkjer ned.

Penélope Cruz i rolla som mor til Adriana eller Andrea, spelt av Luana Giuliani.

Foto: Wildside

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Roma – ein lukka by

Filmmelding: Italiensk oppvekstdrama sveipt i 70-talet skildrar tronge kjønnsnormer og fridomstrong.

Dette biletet av ei jødisk jente og ein palestinsk gut er kunstig generert, men spreidd vidt i sosiale medium som eit symbol. Biletet er laga av ei gruppe som kallar seg «Visions of Peace», som stiller spørsmålet: «Om KI kan sjå for seg fred, kvifor kan ikkje vi?»

Krig i ein biletkarusell

Krig, propaganda og kunstig intelligens set dokumentarfotografiet under stadig kraftigare press. Det er krigen i Gaza eit døme på.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis