Sideblikk
Ein må vera to for å dansa tango
Høgre og Fræmspartiet må syna avstand, men ikkje meir enn at dei kan finna saman att.
Finansminister Siv Jensen var nøgd den dagen ho kunngjorde at ho tok Frp ut av regjeringa. Statsminister Erna Solberg (t.h.) og Ap-leiar Jonas Gahr Støre (t.v.) ventar på å ta del i Dagsnytt 18 på NRK.
Foto: Heiko Junge / NTB scanpix
Framstegspartiet, der Siv Jensen manøvrerer for å halda taumane, arbeider med forteljinga om seg sjølv som regjeringsparti. Ho minner om Diana, Princess of Wales, som sa at ekteskapet med Charles etter kvart blei «too crowded».
Framstegspartiets forteljing er at samlivet med Høgre rett nok ikkje var eit teselskap eller kaffislabberas, men likevel lykkeleg og produktivt så lenge det berre var dei to. Etter at Siv og Trine var på jentetur med grøn skattejakt i Canada, gjekk det også på eit vis med Venstre like utanfor og så litt innanfor regjeringa, inkludert den veslevaksne Rotevatn og den uvørdne Raja. Men då Erna ville integrera begge dei små og kranglevorne tullepartia i det grå og kjedelege kabinettet, var det slutt. Frp braut ut av det fornuftsekteskapelege fengselet for å finna att seg sjølv.
Nå som dei trivst og legg på seg i fridom, er dei både letta og litt bitre. Somme tar heilt av, flørtar i mange retningar, ser regjeringsmakt som rota til alt vondt, meiner at brotet er definitivt, og at partiet er sterkast når det står aleine.
Men etter seks og eit halvt år i fengsel har den lauslatne fangen store problem med å tilpassa seg eit normalt kvardagsliv. Faren for tilbakefall er stor, for mykje saftig kriminalitet er pønska ut innanfor murane. Utan aktiv kriminalomsorg kan den frisette koma saman med låke vener og ta opp att sitt gamle liv.
ANDRE PRØVER å vega sine ord, for dei har ei von om å bli saman med Erna att etter halvtanna år i separasjon, dersom ho lovar å ha ein familiepolitikk utan polygami. Derfor prøver Siv Jensen å kombinera å vera hard i klypa, tung på labben og lett på foten. Som parlamentarisk førar for dei mest regjeringshuga frontar den tidlegare finansministeren pirkinga på statsministeren med tidlegare samferdselsminister Dale som hjelpesmann. Dei skuldar henne for å vera økonomisk uansvarleg og lova sterkare klimamål utan å greia ut utgiftene. Det er eit retorisk og strategisk grep for å stagga høgrøysta klimafornektarar, gjedder i sivet og utsleppte høner og bøller på listhaugane.
STATSMINISTEREN er med på dansen, for it takes two to tango, og ho har ikkje gitt opp draumen om den opne dørs regjering. Forholdet mellom dei nyskilde må ikkje bli verre enn at dei kan regjera saman att om dei skulle få fleirtal. Høgres klassiske devise frå John Lyngs tid, at Høgres veg til makt går gjennom sentrum, er revidert i takt med at sentrum har gått til venstre eller bleikna og visna bort.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.