Forteljingar om frykt – kvardagsliv i skuggen av krigen

Ein løyndom med to sider

Ein hobby som var populær på 2000-talet, kan sende deg i fengsel.

Publisert Sist oppdatert

Er industriturisme populært i Noreg? Ikkje veit eg, men eg vil tru det er det. Eg har inntrykk av at dette er ein hobby som er utbreidd i dei fleste land. Det finst alltid nokon som liker å utforske nedlagde fabrikkar, verkstader og industribygg – eller snike seg inn i gamle bunkerar og tunnelar. Det er spennande, ein får gode bilde, og ein får eit uforgløymeleg adrenalinkick.

I Russland har dette vore ein særleg vanleg fritidssyssel – inntil nyleg, i alle fall.

Forholda har nemleg vore utmerkte: På 1990-talet blei eit utal fabrikkar og industrilokale nedlagde då verksemdene gjekk konkurs. Mange av bygga blei ståande og ruste og forfalle, utan eigar og utan sikring. Naturleg nok blei slike stader ein magnet for eventyrlystne, folk med sans for industriestetikk og adrenalinjunkiar.

Eit viktig poeng er at Sovjetunionen – som dagens Russland – var ei atommakt. Det betyr at nokre av dei forlatne anlegga hadde tilknyting til atomvåpenprogrammet, noko som tilførte ei eksotisk og farleg tiltrekkingskraft som få utanlandske anlegg kunne måle seg med.

Eg er ingen adrenalinjunkie sjølv. (Eg har høgdeskrekk og ville blitt ein dårleg actionhelt.) Men sjølv eg var ein gong langt inne i dei uralske skogane for å sjå på då eit gigantisk fabrikkanlegg blei demontert. Anlegget husa BZhRKar, det vil seie «missiltog» – tog som frakta interkontinentale rakettar via jernbanespor. Ein kamerat av meg feira til og med bursdag attmed nokre missilsiloar – enorme betongsjakter der rakettane låg lagra før.

Eg tør påstå at så å seie alle som var radikale tenåringar i åra 2000–2015, har minst eit par dystre bilde frå ein forfallen fabrikk liggande i ei mappe ein stad. Så populært var det faktisk.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement