Krig
Ein livsens murstein
Da eg bygde garasje ved landsbyhuset vårt for 15 år sidan, kjøpte eg fleire tusen mursteinar. Til vanleg blir murstein innkjøpte i hundre- eller tusental. Men frå oktober i år har ein kunna kjøpe murstein enkeltvis.
Vinteren har kome til Kyiv, der tusentals menneske framleis saknar elektrisitet, varme og vatn.
Foto: Gleb Garanich / Reuters / NTB
Ei velkledd kvinne med to eldfaste mursteinar i handlevogna si kan ved første blikk sjå underleg ut. Men i dag forbausar det ingen i jernvarehandelen. Slike steinar blir no brukte meir til å varme opp eit husvære enn til å byggje garasje med. Å byggje garasje eller hus er langt på veg meiningslaust i ein krig.
Vinteren har alt vist Ukraina kva årstida er i stand til. Tidleg i desember gjekk temperaturen ned til minus ti. Tusenvis av bustadblokker er utan oppvarming. Og etter kvart nytt missilåtak på større og mindre byar aukar problema med oppvarming, vatn og elektrisitet.
Dei nyaste blokkene er bygde med elektrisitet som einaste kjelde til energi og oppvarming. Folk i eldre bygningar takkar no for flaksen sin. Det er langt mindre problem med gass, og, syner det seg, den enklaste måten å varme opp lufta i bustaden på er å leggje ein eller to mursteinar på gassomnen. Dei blir fort varma opp og byrjar å overføre varme nett som dei gamle ukrainske omnane. Knepet med å varme opp eit husvære med murstein på ein gassomn er at mursteinane må vere plasserte på elden slik at langsida peikar inn mot rommet som skal varmast opp.
I Kyiv-husværet vårt er radiatorane framleis varme, og vi treng ikkje murstein. Men dersom oppvarminga bryt saman, må eg òg ta meg ein tur til byggvarehandelen. Dei svake punkta våre er no internett- og mobildekninga. Ingen av dei er til å stole på i Kyiv eller andre storbyar.
Måndag morgon kom to vener av yngste sonen vår til oss med dei berbare datamaskinane sine. Dei var komne for å nytte elektrisiteten vår. Dei skulle gjennomføre ein viktig nettbasert universitetseksamen, men ingen av dei hadde elektrisitet eller internett heime. Eg undrar meg på korleis alle dei andre studentane i Kyiv klarer å kome seg gjennom eksamen ved semesterslutt.
Kona mi og eg drog for å besøkje veninna vår, Olga. Ho og mannen hennar bur tre minutts spasertur frå oss. Olga er ofte deprimert. Ho har problem med å gå og er så å seie alltid heime. No sit ho oftast i mørkeret, med katten som einaste selskap. Av ei eller anna årsak har bustaden hennar hyppigare og meir langvarige straumstansar enn hos naboane.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.