JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Ein kronisk pandemi

Pandemitiltaka er over, men covid-19 kjem truleg til å gnage på folkehelsa i mange år framover.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen

Illustrasjon: Shutterstock / NTB

Illustrasjon: Shutterstock / NTB

7052
20240105
7052
20240105

Samandrag

Oppsummeringa er laga av AI-vertkøyet ChatGTP

Vis mer
Vis mindre

Helse

peranders@dagogtid.no

I januar 2024 kan covid-19-pandemien og nedstengingane verke som eit fjernt, underleg minne. Takk vere vaksinar, overståtte infeksjonar og mutasjonane som gjorde sjukdomen mildare, blir no få alvorleg sjuke om dei blir smitta. «Dette er en merkedag», sa helseminister Ingvild Kjerkol da ho oppheva koronaforskrifta 20. november i fjor. Frå den dagen vart ikkje covid-19 lenger rekna som ein allmennfarleg smittsam sjukdom. «Dette er en normalisering slik regjeringens strategi og beredskapsplan legger opp til», sa Kjerkol.

Dei aller fleste set pris på at livet har blitt normalisert. Men kva inneber den nye normaliteten når covid-19 sirkulerer fritt i samfunnet? Mellom anna dette: At mange får plager i etterkant av covid-19 – også etter ganske milde infeksjonar. Eit mindretal får så store problem at dei forsvinn ut av arbeidslivet i årevis.

Ein av ti

Kva fortel forskinga på såkalla lang-covid? Eit gjengs anslag er at kring 10 prosent av alle covid-19-infeksjonar gjev plager som varer i fleire månader etterpå. Dei vanlegaste plagene er utmatting, svekt minne, vanskar med å tenkje og konsentrere seg – ofte kalla hjernetåke – og tung pust. Ifølgje WHO kan nærare 200 ulike symptom følgje i etterkant av covid. Mellom anna er risikoen for å døy av hjarte- og karsjukdomar langt høgare i opptil eit år etter infeksjonen.

Det er uklart kva som ligg bak dei mange etterverknadene. Somme forskarar meiner at restar av viruset stadig er aktive, somme meiner det er ein vedvarande heva immunrespons, somme meiner årsaka er skadane som viruset gjorde på cellene i kroppen. Sidan symptoma er så mangfaldige, er truleg fleire ulike mekanismar i sving. Den diskusjonen skal vi ikkje ta her. Men om 10 prosent av alle covid-infeksjonar fører til seigliva plager i etterkant, om dei fleste blir smitta gong på gong i åra som kjem, og om risikoen for lang-covid ikkje går nemneverdig ned for kvar gong – snakkar vi ikkje da om eit alvorleg folkehelseproblem?

Ein god del forskarar rundt i verda svarer eit klart ja.

Ufatteleg bør

Ein av dei er Daniel M. Altmann, som er professor i immunologi ved Imperial College i London og har vore rådgjevar i medisinske spørsmål for den britiske regjeringa. I ein oversiktsartikkel i Nature i juli i fjor skreiv Altmann: «Den børa lang-covid vil leggje på pasientar, helsevesenet, styresmakter og økonomien, er så stor at det er ufatteleg. (...) Om 10 prosent av dei akutte infeksjonane fører til vedvarande symptom, kan ein rekne med at kring 400 millionar individ globalt treng hjelp på grunn av lang-covid.»

Likevel blir langtidsverknadene av pandemien i stor grad ignorerte, meiner vitskapsjournalisten Ed Yong, som fekk Pulitzer-prisen for covid-artiklane sine i The Atlantic. Yong hevdar at styresmakter rundt i verda ikkje klarer å ta inn over seg omfanget. Dels fordi dei fleste ønskjer at pandemien skal vere over, dels fordi symptoma på lang-covid er så mangfaldige og ofte vanskelege å måle. Mange som lir av svekt minne og hjernetåke, klarer dessutan å kjempe seg gjennom arbeidsdagen og tilværet. Dei har fått eit dårlegare liv, men det viser ikkje att i statistikkane. «Dei som lever med covid, blir ignorerte, slik at alle andre kan leve med å ignorere covid», skreiv Yong i The Atlantic i april i fjor.

Auka risiko

Vi kan truleg sjå nokre spor av lang-covid i statistikken til Nav. Legemeldt sjukefråvær i kategorien «allment og uspesifisert» utgjorde 1.561.385 dagsverk i 2019, året før pandemien. I 2022 var talet 2.325.279 – ein auke på nesten 50 prosent. Auken heldt fram i fjor, og 60 prosent av dei tapte dagsverka på grunn av «uspesifisert fråvær» er i kategorien «slapphet/tretthet». I tredje kvartal i fjor var det nesten dobbelt så mange tapte dagsverk i denne kategorien, samanlikna med tredje kvartal i 2019. Ein studie frå Nav i fjor sommar synte at risikoen for å bli sjukmeld med «tretthet og slapphet» var nesten fire gonger høgare for dei som før har vore sjukmelde med korona, samanlikna med andre sjukmelde.

«Vi ser fortsatt en økning i diagnoser som kan være ettervirkninger av korona. Disse diagnosene har ofte lang varighet og kan dermed påvirke sykefraværet i lang tid», sa Nav-sjef Hans Christian Holte i ei pressemelding i november i fjor.

Underspel

Lang-covid er definitivt eit folkehelseproblem, meiner Arne Søraas, forskar ved Oslo universitetssjukehus. Han er leiar for den norske koronastudien, som har følgt kring 200.000 nordmenn med spørjeskjema gjennom pandemien. Svara fortel at svært mange strevar med etterverknader etter covid.

– Om vi reknar med at kring fire millionar nordmenn har hatt covid, og 2 prosent av desse har betydelege plager, utgjer det 80.000 menneske. Fleire hundre tusen til har meir moderate plager, seier Søraas.

–?Spørjeundersøkingane syner òg at ein aukande del av befolkninga opplever at dei har svekt minne. 4 prosent rapporterte om problem med minnet før pandemien. No er talet kring 10 prosent.

Arne Søraas meiner norske helsestyresmakter framstiller covid-19 som mindre farleg enn det er.

– Dette fører til at få tek oppfriskingsdosar med vaksine. Under 50 prosent i risikogruppene tok ny vaksine i fjor, det er altfor lågt. Når færre vaksinerer seg, blir det fleire tilfelle av covid, og fleire som får lang-covid. Vi får fleire sjukmeldingar, mange får lågare livskvalitet, og risikoen aukar for å døy av hjartesjukdom, seier Søraas.

«Ikke vesentlig»

Da covid-19 vart fjerna frå kategorien «allmennfarleg smittsam sjukdom» i fjor, var det etter råd frå Folkehelseinstituttet og Helsedirektoratet. I rådet sitt skreiv FHI: «Vår vurdering er at SARS-Cov-2 ikke er en vesentlig belastning for folkehelsen nå og sannsynligheten for at den vil bli det i fremtiden anses som lav.» Men er det ikkje grunn til å sjå pandemien som eit vesentleg folkehelseproblem? Espen Rostrup Nakstad, assisterande direktør i Helsedirektoratet, svarer på e-post:

«Koronaviruset utgjør fortsatt et folkehelseproblem ved at det hvert år forårsaker mange hundre tusen sykdomstilfeller i befolkningen, økt sykefravær og gir behov for vaksinering av ganske store befolkningsgrupper. Om senfølger (long covid) isolert sett er et folkehelseproblem eller ikke, avhenger av hvor mange som vil rammes i årene framover og hvor langvarige og alvorlige plagene viser seg å være. Dessverre har vi ikke presise nok diagnostiske metoder til å vite det nøyaktige omfanget», skriv Nakstad.

– Mange klarer å gå på jobb trass i dårlegare minne og hjernetåke. Men om dette råkar tusentals årleg, er det eit stort tap av livskvalitet?

«Det er utvilsomt et helsetap for den enkelte og et ressurstap for arbeidsgivere i Norge når mange arbeidstagere ikke klarer å prestere som før. Jeg tror alle i Norge kjenner noen som har opplevd senfølger etter covid-19, og det er all grunn til å følge opp denne gruppen videre for å kunne forebygge, diagnostisere og rehabilitere på best mulig måte», skriv Espen Rostrup Nakstad.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eugenio Derbez spelar hovudrolla som den nye læraren Sergio på ein mexikansk skule.

Eugenio Derbez spelar hovudrolla som den nye læraren Sergio på ein mexikansk skule.

Foto: AS Fidalgo

FilmMeldingar

Simpatico

Radical er ein søt, håpefull film og ei rørande hyllest til kunnskap og pedagogikk.

Brit Aksnes
Eugenio Derbez spelar hovudrolla som den nye læraren Sergio på ein mexikansk skule.

Eugenio Derbez spelar hovudrolla som den nye læraren Sergio på ein mexikansk skule.

Foto: AS Fidalgo

FilmMeldingar

Simpatico

Radical er ein søt, håpefull film og ei rørande hyllest til kunnskap og pedagogikk.

Brit Aksnes
Stig Amdam og Ragnhild Gudbrandsen spelar hovudrollene i stykket av August Strindberg.

Stig Amdam og Ragnhild Gudbrandsen spelar hovudrollene i stykket av August Strindberg.

Foto: Magnus Skrede / Den Nationale Scene

TeaterMeldingar
Jan H. Landro

Krigen mellom kjønna

Dødsdansen er eit ekteskapsdrama der komikken får for stor plass, men spelestilane utfordrar kvarandre på interessant vis.

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.

Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.

Foto: Per Anders Todal

Kultur
Hilde Vesaas

Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha

Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Cecilie Hellestveit
Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Cecilie Hellestveit

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis