Utanriks

Ein kritisk Israel-ven

Krigen på Gazastripa hadde eit rettvist utgangspunkt, men har vorte korrumpert av den israelske regjeringa og byrjar å verte føremålslaus, seier Martin Krasnik, forfattar og sjefredaktør i danske Weekendavisen.

Martin Krasnik meiner spørsmålet om proporsjonalitet i krigen mellom Israel og Hamas er vanskeleg å ta stilling til.
Martin Krasnik meiner spørsmålet om proporsjonalitet i krigen mellom Israel og Hamas er vanskeleg å ta stilling til.

Martin Krasnik hadde stått opp med barna før sola om morgonen og såg fram til ei roleg helg. Familien hans vurderte å få med seg markeringa av redningsaksjonen for danske jødar i oktober 1943 på sundagen, men hadde elles lite planar.

Men så, ved halv ni-tida, sjekka sjefredaktøren mobilen, og verda endra seg for alltid: 7. oktober vart ikkje berre den verste dagen i Israels historie og for dei fleste nolevande jødar i verda, det er òg ein dag vi ikkje kjenner dei varige konsekvensane av, skriv Krasnik i boka En smal bro over avgrunnen.

Boka, som kom ut i Danmark i desember, inneheld ei samling tekstar som vart publiserte i Weekendavisen i månaden etter Hamas-åtaket. No kjem ho i norsk utgåve. Gjennom tekstane tek Krasnik føre seg åtaket, krigen og den lange konflikten mellom Israel og palestinarane tilbake til Balfour-erklæringa i 1917, som gav støtte til ideen om å opprette eit heimland for jødane i Palestina.

Han er uroa for framtida til staten Israel som følgje av krigen, og skuldar både Israel og palestinarane for situasjonen i dag. Israel vert kritisert for å ha mista retningssansen og gå i antidemokratisk retning. Krasnik skriv at lovløysa som kjenneteiknar dei okkuperte palestinske områda, er i ferd med å smitte over på og øydeleggje heile Israel. Den palestinske fridomskampen, på andre sida, er «fortært av terror», ifølgje Krasnik.

Han går også hardt ut mot diskusjonen åtaket og krigen har skapt i Vesten, som han meiner er prega av einsidig tenking og mangel på refleksjon.

– Grenseoverskridande

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement