Ein krig utan horisont
– Vi gjentek feila våre. Israel vinn alle slaga og taper krigen, seier tidlegare etterretningstopp Ami Ayalon.
Israelske soldatar i Gaza by 22. november. Konflikten mellom Israel og palestinarane kan ikkje løysast militært, meiner Ami Ayalon.
Foto: Ronen Zvulun / Reuters / NTB
«Siger inneber ikkje at vi må erobre Gaza eller Ramallah eller Nablus eller Hebron. Siger er å skape ein betre politisk røyndom», sa Ami Ayalon i den israelske dokumentarfilmen The Gatekeepers frå 2012. I filmen fortalde seks tidlegare sjefar for den israelske tryggingstenesta Shin Bet forbløffande ope og sjølvkritisk om arbeidet sitt, israelsk politikk og forholdet til den palestinske befolkninga. Mest kritisk til undertrykkinga av palestinarane var Ayalon, som i dag er 78 år.
Eit liv i strid
Han har ikkje nett bakgrunnen til ei fredsdue. I mange år tente han som marinejeger og kommandosoldat, han var sjef for den israelske marinen frå 1992 til 1996 og Shin Bet-sjef frå 1996 til 2000. Seinare gjekk han inn i politikken, og sat i Knesset for Arbeidarpartiet. I 2007 og 2008 var han statsråd i koalisjonsregjeringa til Ehud Olmert. Som politikar og aktivist har han i mange år talt for ei tostatsløysing, men den ideen har lenge stått lågt i kurs i Israel.
– Gjennom 16 år baserte regjeringane til Benjamin Netanyahu seg på å administrere konflikten med palestinarane, ikkje å løyse han. Politikken hans styrkte Hamas og svekte Fatah, som var villige til å forhandle. Dette førte oss til 7. oktober, seier Ayalon til Dag og Tid.
– Før åtaket åtvara eg om at det ville kome nye store valdsbølgjer om vi ikkje kunne tilby ei betre politisk framtid for palestinarane. Det låg i lufta. Men eg hadde ikkje sett for meg eit åtak som det som kom. Det var ei total overrasking.
Taper krigen
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.