JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Ein krig utan horisont

– Vi gjentek feila våre. Israel vinn alle slaga og taper krigen, seier tidlegare etterretningstopp Ami Ayalon.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Israelske soldatar i Gaza by 22. november. Konflikten mellom Israel og palestinarane kan ikkje løysast militært, meiner Ami Ayalon.

Foto: Ronen Zvulun / Reuters / NTB

10016
20231124

Ami Ayalon

Israelsk politikar og aktivist

78 år gammal

Tidlegare marinejeger og kommandosoldat

Sjef for den israelske marinen frå 1992 til 1996 Shin Bet-sjef frå 1996 til 2000

Innvald i Knesset for Arbeidarpartiet

Statsråd i koalisjonsregjeringa til Ehud Olmert i 2007 og 2008

Starta fredsinitiativet «Folkets røyst» med palestinske Sari Nusseibeh i 2003

Shin Bet

Israels interne tryggingsteneste

Ansvar for å førebyggje terror i Israel og på den okkuperte Vestbreidda

Ein av dei tre store etterretningsorganisasjonane i landet

Dei to andre er Aman, den militære etterretninga, og Mossad, utanlandsetterretninga

Shin Bet har stått bak ei rekkje likvideringar av militante palestinarar

Utanriks

peranders@dagogtid.no

«Siger inneber ikkje at vi må erobre Gaza eller Ramallah eller Nablus eller Hebron. Siger er å skape ein betre politisk røyndom», sa Ami Ayalon i den israelske dokumentarfilmen The Gatekeepers frå 2012. I filmen fortalde seks tidlegare sjefar for den israelske tryggingstenesta Shin Bet forbløffande ope og sjølvkritisk om arbeidet sitt, israelsk politikk og forholdet til den palestinske befolkninga. Mest kritisk til undertrykkinga av palestinarane var Ayalon, som i dag er 78 år.

Eit liv i strid

Han har ikkje nett bakgrunnen til ei fredsdue. I mange år tente han som marinejeger og kommandosoldat, han var sjef for den israelske marinen frå 1992 til 1996 og Shin Bet-sjef frå 1996 til 2000. Seinare gjekk han inn i politikken, og sat i Knesset for Arbeidarpartiet. I 2007 og 2008 var han statsråd i koalisjonsregjeringa til Ehud Olmert. Som politikar og aktivist har han i mange år talt for ei tostatsløysing, men den ideen har lenge stått lågt i kurs i Israel.

– Gjennom 16 år baserte regjeringane til Benjamin Netanyahu seg på å administrere konflikten med palestinarane, ikkje å løyse han. Politikken hans styrkte Hamas og svekte Fatah, som var villige til å forhandle. Dette førte oss til 7. oktober, seier Ayalon til Dag og Tid.

– Før åtaket åtvara eg om at det ville kome nye store valdsbølgjer om vi ikkje kunne tilby ei betre politisk framtid for palestinarane. Det låg i lufta. Men eg hadde ikkje sett for meg eit åtak som det som kom. Det var ei total overrasking.

Taper krigen

I den sjølvbiografiske og politiske boka Friendly Fire. How Israel Became Its Own Worst Enemy and the Hope for Its Future frå 2021 skreiv Ayalon. «Di meir vi brukte vårt enorme militære overtak til å hamre laus på den palestinske befolkninga, di sterkare vart Hamas. Det var ein variasjon over det gamle dilemmaet – å vinne kvart slag, men tape krigen.»

– Kva tenkjer du om det sitatet no, etter Hamas-åtaket og invasjonen av Gaza?

– Eg står ved det eg skreiv. Siger kan ikkje berre vurderast i militære termar. Om du skal sende folk ut for å kjempe og drepe i krig, må det vere for å skape ein betre politisk røyndom. Krigen er ikkje målet. Om du ikkje har klare politiske mål, kan du vinne alle slaga og tape krigen. Og no gjentek vi feila våre i Gaza, seier Ayalon.

– Regjeringa seier berre at målet er å knuse Hamas. Krigskabinettet til Netanyahu diskuterer ikkje kva som skal skje dagen etter at krigen er over. Vi kjempar i dag utan eit politisk mål. Og ein grunn til det er at regjeringa Netanyahu danna i fjor, inkluderer ekstremistar med politiske mål som er totalt ulike det majoriteten i Israel ønskjer seg.

– Ikkje noko val

Sjølv om Ayalon er svært kritisk til Netanyahu-regjeringa, tyder ikkje det at han er mot den israelske krigføringa i Gaza no.

–?Etter det fryktelege åtaket 7. oktober kan vi ikkje leve med at Hamas sit ved makta i Gaza. Det militære målet, å øydeleggje den militære kapasiteten og leiarskapen til Hamas, støttar eg fullt ut. Vi har ikkje noko val. Hamas som militær og politisk makt kan ikkje få overleve.

I Friendly Fire skreiv Alayon om korleis Hamas-leiarane ikkje rekna med å overvinne Israel militært, men hausta vinstar av dei israelske motåtaka: «Gjennom å skape frykt ville dei få oss til å overdrive, til å setje inn panservogner og jagarfly.» Han skreiv òg: «Rakettane våre gjer meir vondt enn godt fordi dei fører til så mykje utilsikta skade (collateral damage, red. merk.) at heile folkegrupper spring inn i armane til fiendane våre.»

I fella

– Krigen har alt drepe mange tusen sivile i Gaza. Gjer ikkje den israelske hæren no nett det Hamas ønskte å oppnå med åtaket sitt?

–?Det som skjer i Gaza no, er forferdeleg. Eg er sikker på at dei israelske generalane gjer det dei kan for å unngå å drepe uskuldige. Men dette er eit av dei tettast folkesette områda i verda, og eg ser ingen annan måte. Dette er fella Hamas har sett opp for oss. Det som skjer er trist, det er frykteleg, men dette er ein krig. Det som manglar, er det politiske målet.

Utan eit slikt mål kan heller ikkje Hamas overvinnast, seier Ayalon.

–?Hamas er ein ideologi som vart til ein organisasjon. Sjølv om vi øydelegg den militære kapasiteten til rørsla, øydelegg vi ikkje Hamas. Den einaste måten vi kan vinne på, er å presentere ein alternativ idé for framtida som er meir attraktiv enn Hamas sin. Dette er òg ein kamp mellom idear, og den er mykje viktigare enn kampen med våpen.

Ingen svar

Framtidsvisjonane til Ayalon skal vi kome attende til. Men også sjansane for å få ei betre politisk framtid for palestinarar og israelarar blir påverka av måten krigen i Gaza blir ført på. Og øydeleggingane er kolossale. Talet på dødsoffer er usikkert, men ifølgje styresmaktene i Gaza har talet passert 14.000. Dei fleste ofra skal ha vore sivile, og over 6000 barn. Denne veka skreiv The Financial Times at satellittbilete tyder på at kring halvparten av bygningane i det nordlege Gaza er skadde eller øydelagde.

–?«Vekta ligg på øydelegging og ikkje presisjon», sa IDF-talsmann Daniel Hagari da bombinga av Gaza tok til. Kunne dette vore gjort annleis?

–?Eg har ikkje høyrt den utsegna. Presisjon er viktig, ikkje berre av moralske grunnar. Jo fleire sivile som blir drepne, jo meir hat kjem vi til å bli møtte med. Men kan ein militærekspert kome til Israel og fortelje korleis dei militære måla kan nåast på ein annan måte? Eg har ikkje sett nokon seriøs militær ekspert kome med eit godt svar på det. Krig er forferdeleg.

Uakseptabelt

– Finst det noka grense for kor store sivile tap som er akseptable for å nå målet om å knuse Hamas?

– Det er ikkje ein diskusjon eg vil gå inn i. Den israelske hæren gjer det som må til for å nå dei militære måla. Det vi ser no i Gaza, er ikkje hemn, det er ein forsvarskrig. Eg går ut frå at du er samd i at ein røyndom der Hamas blir sitjande med militærmakt og kan halde fram med å truge sivile i Israel, ikkje er akseptabel.

– Dødstala i krigen påverkar opinionen andre stader i verda – også i USA, Israels viktigaste allierte. Det er vel noko Israel må ta omsyn til?

– Du får spørje amerikanarane om kva dei meiner. Israel ønskjer ikkje å stogge krigen før det militære målet er nådd i Gaza. Om USA eller det internasjonale samfunnet kjem til å stogge oss før det? Eg veit ikkje. Og om vi ikkje får tid til å nå det militære målet og Hamas held fram med å gå til åtak på oss – kva vil de seie da?

Primitivt

I Friendly Fire skreiv Ayalon: «Jo meir du lir, jo vanskelegare er det å kjenne empati for fienden din.»

– Denne krigen vil truleg gje Hamas større oppslutnad, ikkje berre i den palestinske befolkninga?

– Ja, det er eit faktum, og eg trur ikkje det er mykje å gjere med. Men om den fryktelege valden fører oss over til ein prosess for å skape ein betre røyndom for Israel og Palestina, vil truleg denne krigen bli forstått på ein annan måte i framtida. Utan eit politisk mål blir israelarane og palestinarane berre som to primitive stammar som drep kvarandre.

–?Men etter all drepinga og øydelegginga no, er ikkje håpet om fred og forsoning mellom Israel og palestinarane skote mange tiår inn i framtida?

– Kanskje, men det treng ikkje bli slik. Under jom kippur-krigen i 1973 mista Israel 2700 soldatar på tre veker. Fire år seinare kom den egyptiske presidenten Al-Sadat på besøk til Jerusalem, og to år etter fekk vi ein fredsavtale med Egypt. Den står framleis som ein hjørnestein i tryggleiken vår.

Treng hjelp

Når krigen ein dag er over, ser Ayalon for seg at statar som Saudi-Arabia, Egypt, Dei arabiske emirata og Jordan fyller maktvakuumet i Gaza medan atterreisinga av samfunnet skjer. Så må omsider den palestinske staten bli etablert i Gaza og på Vestbreidda, meiner Ayalon. Og her etterlyser han eit påtrykk frå verda.

– Vi treng hjelp frå det internasjonale samfunnet, særleg frå USA. Og eit vilkår for hjelpa må vere at Israel endrar politikk og aksepterer ei tostatsløysing. USA har lenge vore lite interessert i Midtausten, men det er USA som må leie an no. Etter 7. oktober ser alle at ein ikkje lenger kan ignorere konflikten mellom Israel og palestinarane. Og Joe Biden er djupt engasjert. Dette handlar ikkje berre om Palestina og Israel. Ein kan heller ikkje handtere trusselen frå Iran utan å ta tak i situasjonen til palestinarane.

Pris for tryggleik

– Men vil det vere aksept i Israel for å gå attende til grensene frå før 1967 på Vestbreidda?

– Nei. Mest truleg vil storparten av dei jødiske busetnadene på Vestbreidda bli verande også etter opprettinga av ein palestinsk stat. Grensene, kor mange flyktningar som skal få kome attende til Israel og mykje anna må det forhandlast om. Båe sider må vere villige til å gje opp land. Både mellom israelarar og palestinarar er det kanskje 15–20 prosent som ikkje er villige til det. Men det er prisen vi må betale for tryggleik, seier Ayalon.

– Det finst ein fanatisk fundamentalistisk minoritet på båe sider som har ført oss til denne ulukkelege situasjonen. Men vi kan ikkje nå måla våre gjennom militærmakt. Du kan ikkje avskrekke nokon som ikkje har noko å tape. Israel får ingen tryggleik så lenge palestinarane ikkje har noko håp. Palestinarane har rett til fridom, og dei fortener sin eigen stat.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Ida Lødemel Tvedt

Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.

Foto: Trond A. Isaksen

BokMeldingar
Odd W. Surén

Singel og sanatorium

Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.

Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.

Foto: Stord vgs

MusikkKultur
Helga JohanneStørdal

Kampen om kunstfaga

Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.

Den norske fiskeflåten er mangfaldig. Her er ringnotfartøy ved kai i Egersund våren 2017.

Foto: Per Anders Todal

Samfunn
Per Anders Todal

Fiskar er fiskar verst

Striden om kvotemeldinga kan få Fiskarlaget til å rivne.

Sviskadar frå maneter kan vere smertefulle og gje store skadar på oppdrettsfisk.  I 2023 døydde fleire millionar laks etter angrep av perlesnormaneter (Apolemia uvaria).

Foto: Mattilsynet

DyrFeature

Den sure svien

I fjor vart angrep av maneter brått rekna med som ei av dei fem viktigaste årsakene til laksedauden, korleis kan noko slikt skje?

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis