Sideblikk

Ein hybrid og jordnær luftballong

Veljarar skal tru dei kjenner Senterpartiet, som er fast i ord, men uklart i handling.

Senterpartileiar Trygve Slagsvold Vedum ved bålet framfor gapahuken på garden sin på Ilseng i Stange kommune.
Senterpartileiar Trygve Slagsvold Vedum ved bålet framfor gapahuken på garden sin på Ilseng i Stange kommune.
Publisert

Senterpartiet kaprar veljarar frå alle, ikkje minst frå Framstegspartiet. Frå Arbeidarpartiet kjem solide og LO-organiserte vanlege arbeidsfolk – særleg i distrikta, men også ein og annan Bøhler-slengar mellom proletære urveljarar som misliker dei urbane modernistane.

DET JORDNÆRE Senterpartiet har svinga mykje i oppslutnad etter indre spenningar og politiske dagsordenar. I EU-saka har dei vore nær grasrota. Nå har dei oppdrift som ein varmluftballong og får mange med på bandwagon-effekten – «rævadiltereffekten» på statsvitskapeleg bergensk: Når toget rullar ut frå den nedleggingstruga stasjonen, må ein henga seg på eller bli ståande att på perrongen, elles blir ein overkøyrd.

Det veksande Senterpartiet er annleis og tar i bruk meir av seg sjølv, med ein annan visjon for heile Noreg enn den sentrale hovudstraumen i norsk politikk. Derfor leitar den kompakte konsensusen etter veike punkt og avslørande inkonsekvensar dei kan ta Senterpartiet på, både politiske motstandarar, kommentariatet i Oslo-bobla, PR-agentar og privatpraktiserande lobbyistar.

DET OSLOBASERTE kommunikasjonsbyrået Geelmuyden Kiese har for andre år på rad kåra Trygve Slagsvold Vedum til «årets tåkefyrste». Då den urban­arrogante Hans Geelmuyden blei sleppt laus i Dagsnytt 18, skulda han likevel ikkje Vedum for tåkeprat, men for å vera forførande enkel. Han brukte det importerte brexit- og Trump-knippet: nasjonalisme, populisme, løgner og alternative fakta, setta grupper opp mot kvarandre, sprenga bruer i staden for å bygga dei, ha som underliggande bodskap at alt var betre før, og assosiera seg på frekt vis med dei som lever i utanforskap.

Den folkelege Vedum kunne syna til folkestyret og folkeviljen og flira av «PR-eliten» på veg til neste meiningsmåling. Han er eit trugsmål mot hegemonar fordi han trivst godt i slagsmål som styrker bildet av Senterpartiet mot eliterøkla.

Dersom Byråsjefen hadde vore konspiratorisk, ville han trudd at Senterpartiets løynde våpen er at dei står på den hemmelege kundelista til Geelmuyden Kiese, som lever av slagordet «Vi flytter makt».

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement