Ein helsefarleg mentalitet
Svenskane fekk ikkje flokkimmunitet mot covid-19. I staden utvikla dei ein farleg flokkmentalitet, meiner forfattar og virolog Lena Einhorn.
Statsepidemiolog Anders Tegnell og Folkhälsomyndigheten har fått styre den svenske koronastrategien på eiga hand. Regjeringa har vore for veik, meiner Lena Einhorn. Biletet er frå ein av dei mange pressekonferansane til Tegnell om pandemien i vår.
Foto: Naina Helén Jåma / TT / NTB
Over 6000 svenskar har døydd av covid-19. I høve til folketalet er det tolv gonger så mange dødsoffer som i Noreg. Og trua til statsepidemiolog Anders Tegnell på at smitteutbreiinga i vår skulle verne svenskane mot den andre koronabølgja, slo ikkje til: I haust har talet på smitta skote i vêret igjen i Sverige. På onsdag åleine vart det registrert 4467 nye smittetilfelle og 25 nye koronadødsfall i landet, og over 1000 koronasjuke svenskar ligg på sjukehus. Sverige er igjen langt hardare råka enn nabolanda – og tiltaka for å bremse smitten er framleis langt mindre strenge enn i andre europeiske land.
Årsaka er å finne i ein farleg flokkmentalitet i Sverige, meiner Lena Einhorn. Sidan i vår har ho vore ein av dei mest markante kritikarane av den svenske koronastrategien.
Eit kritisk forum
Einhorn er mest kjent som forfattar og regissør, men har medisinsk utdanning og ein doktorgrad i virologi. I april var ho med på å starte Vetenskapsforum COVID-19, ei gruppe som inkluderer mange legar og medisinske forskarar, og som har retta hard kritikk mot koronapolitikken til Folkhälsomyndigheten – tilsvarande det norske Folkehelseinstituttet –?og regjeringa.
– Kvifor møtte svenske styresmakter pandemien i vår så annleis enn styresmaktene i andre europeiske land?
– Eg trur ikkje at Sverige handterte dette så ulikt andre land heilt i starten. Styresmaktene i mange land gjekk ut frå at dette viruset ville smitte omtrent som Sars-viruset, som berre smitta frå folk med symptom. Men skilnaden på Sverige og andre land var at Folkhälsomyndigheten heldt hardt fast ved dette synet, også etter at vi kunne sjå korleis covid-19 spreidde seg. Og det fekk store konsekvensar.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.