Ein heimstaddiktar frå Fagerborg

Byens spor i menneskelivet har sine særdrag, men kan også kjennast att i bygdesjeler.

Lars Saabye Christensen er på mange vis ein heimstaddiktar.
Lars Saabye Christensen er på mange vis ein heimstaddiktar.
Publisert

Lars Saabye Christensen har sett opp sitt litterære testament som ei skuggebok – siste band i trilogien Byens spor. Byråsjefen hadde ikkje lese Saabye tidlegare, men i sommar gav han seg i kast med forfattarskapen, og når Byråsjefen bestemmer seg for noko, gjer han det grundig: Han las alt, likt og ulikt, dikt og datt, romanar og noveller.

Han begynte med Byens spor, og han likte det han las. Han kjende seg att i skildringane av kvardagsliv, skuleliv og familieliv frå det seine 40-talet og framover: Tida då fedrane var fjerne og mødrene heimeverande, lærarane menn og skulen streng, radioen hadde éin kanal og telefon var for dei utvalde. Det som irriterte, var den ufine omtalen av kappe- og hattekledde kontoristar med mappe.

Som den jordnære mann han er, har Byråsjefen stadsans. For å ha noko handfast å kopla lesinga til gjorde han seg fotkjend i Saabyes landskap: Han tråla gatene mellom Bislett, Gamle Aker kirke, Fagerborg, Majorstua, Briskeby, Homansbyen, Solli plass og Skillebekk. Det er ikkje fritt for at han også såg etter spor av slaktar Melsom og Desiree frisørsalong.

JO MEIR HAN LAS seg bakover i forfattarskapen, jo meir innsåg Byråsjefen at det er mykje sanning i at ein bryr seg meir om barndommens rike til eldre ein blir: Til slutt går me alle i barndommen.

Men han blei også stadig meir litterært forvirra gjennom novellesamlingane og Bisettelsen, Saabyes cirkus, Maskeblomstfamilen, Halvbroren, Bly, Herman, Beatles, Jokeren og Amatøren. Han klarte ikkje å halda gatene i dei ulike bøkene frå kvarandre; den breie gata bak slottet glei saman med Kirkeveien og Gyldenløves gate. Det gjorde også skulane i strøket. Verre var det at også hovudpersonane glei over i kvarandre: Byråsjefen tykte han kjende att Jesper Kristoffersen i dei alle.

Sjølv om Byråsjefen hadde sin oppvekst under andre vilkår og langt frå det urbane Majorstua, kjende han att mykje av seg sjølv i dei alle – i moderat utgåve, sjølvsagt: ein forvilla og av og til fortvila ung gut som var klønete og tafatt, forsagt og full av kompleks, der han bala med sitt. Han ville vera likt og på same tid uavhengig, så han streva med å få til å vera ein av gutta. Han kjende seg innestengd i miljøet og i seg sjølv; han ville ut og vekk. Det klarte han, han fann sitt spor og slapp å snubla seg gjennom livet.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement