JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Ein heimstaddiktar frå Fagerborg

Byens spor i menneskelivet har sine særdrag, men kan også kjennast att i bygdesjeler.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Lars Saabye Christensen er på mange vis ein heimstaddiktar.

Foto: Heiko Junge / NTB scanpix

5296
20191011
5296
20191011

Lars Saabye Christensen har sett opp sitt litterære testament som ei skuggebok – siste band i trilogien Byens spor. Byråsjefen hadde ikkje lese Saabye tidlegare, men i sommar gav han seg i kast med forfattarskapen, og når Byråsjefen bestemmer seg for noko, gjer han det grundig: Han las alt, likt og ulikt, dikt og datt, romanar og noveller.

Han begynte med Byens spor, og han likte det han las. Han kjende seg att i skildringane av kvardagsliv, skuleliv og familieliv frå det seine 40-talet og framover: Tida då fedrane var fjerne og mødrene heimeverande, lærarane menn og skulen streng, radioen hadde éin kanal og telefon var for dei utvalde. Det som irriterte, var den ufine omtalen av kappe- og hattekledde kontoristar med mappe.

Som den jordnære mann han er, har Byråsjefen stadsans. For å ha noko handfast å kopla lesinga til gjorde han seg fotkjend i Saabyes landskap: Han tråla gatene mellom Bislett, Gamle Aker kirke, Fagerborg, Majorstua, Briskeby, Homansbyen, Solli plass og Skillebekk. Det er ikkje fritt for at han også såg etter spor av slaktar Melsom og Desiree frisørsalong.

JO MEIR HAN LAS seg bakover i forfattarskapen, jo meir innsåg Byråsjefen at det er mykje sanning i at ein bryr seg meir om barndommens rike til eldre ein blir: Til slutt går me alle i barndommen.

Men han blei også stadig meir litterært forvirra gjennom novellesamlingane og Bisettelsen, Saabyes cirkus, Maskeblomstfamilen, Halvbroren, Bly, Herman, Beatles, Jokeren og Amatøren. Han klarte ikkje å halda gatene i dei ulike bøkene frå kvarandre; den breie gata bak slottet glei saman med Kirkeveien og Gyldenløves gate. Det gjorde også skulane i strøket. Verre var det at også hovudpersonane glei over i kvarandre: Byråsjefen tykte han kjende att Jesper Kristoffersen i dei alle.

Sjølv om Byråsjefen hadde sin oppvekst under andre vilkår og langt frå det urbane Majorstua, kjende han att mykje av seg sjølv i dei alle – i moderat utgåve, sjølvsagt: ein forvilla og av og til fortvila ung gut som var klønete og tafatt, forsagt og full av kompleks, der han bala med sitt. Han ville vera likt og på same tid uavhengig, så han streva med å få til å vera ein av gutta. Han kjende seg innestengd i miljøet og i seg sjølv; han ville ut og vekk. Det klarte han, han fann sitt spor og slapp å snubla seg gjennom livet.

OM BYRÅSJEFEN skulle våga seg til å gje eit råd til andre som vil ta seg inn i Saabyes diktarverd, er det at han må lesast framlengs. Om du begynner med Byens spor og les deg bakover, verkar dei eldre bøkene som forstudiar; du har liksom fasiten og blir grundande på om du ikkje alt har møtt og kjenner kjernen i desse unge gutane frå før.

Byråsjefen ser ikkje bort frå at det er slik det er med store forfattarar: Dei har sine tema og sine figurar med heilt frå starten, og så prøver dei det ut i ulike retningar. Då kjem du som lesar skeivt ut om du ikkje les i takt med forfattaren.

VERTINNA er så måteleg interessert i sjelelivet og underlivet til oslogutar i framslengalderen. Men ho forstår jo at det er der som hos henne: Folk kan bry seg om deg, men dei bruker vel så mykje tid og krefter og slarv på å bry seg med kva du gjer og ikkje gjer.

Sjølv har ho lese meir bygdeforteljingar. Då ho fekk tak på det namdalske språket, hadde ho stor glede av Olav Duun. Men favoritten er Sjur Bygd (1889–1985), som vaks opp og budde på heimegarden Bygd i Myrkdalen i Vossestrand herad. Han var ein av dei mest særmerkte forfattarane i bygde-Noreg på 1900-talet, med djup psykologisk innsikt og ei scenisk presentasjonsform som synte utviklinga i eit bygdesamfunn og menneska som lever i det. Dei blir ofte framstilte indirekte gjennom råkande naturskildringar og presise detaljar og seiemåtar. Hovudverket er trilogien Valplassen, Holmgang og I hamskifte.

SPALTISTEN er ruralsosiolog og har møtt både heimbygdkjærleik og bygdedyr i teori og praksis. Lokalsamfunn og stader er av så mange slag, men dersom figurane til Saabye ikkje hadde vore plasserte på Majorstua og Fagerborg, men på Majavatn eller Fagernes, ville det ha vore typisk heimstaddikting – ein større og vidare heimstad, rett nok, men i geografiske og sosio­kulturelle rammer der folk lever livet sitt mellom stengsel og opningar, fridom og tvang, mellom å kjenna seg heime og vera ein framand, mellom å høyra til og kjenna seg utstøytt.

Nett det handlar mykje heimstaddikting om, og det gjer bygdesosiologien også. Lars Saabye Christensen skriv jækla godt, og han tenker ikkje så verst heller. Derfor går det greitt å forsyna seg av byromanane hans frå urbane landskap og menneskeliv med eit ruralt sideblikk. Dei urbane bygdedyra hadde gode tider på Fagerborg – med Røde Kors-nåla godt synleg.

OM OLAV DUUN og Olav Aukrust blir det sagt at diktinga deira gjekk frå det lokale, via det nasjonale til det globale, med himlane over og vondskapen under. Ein kunne også seia frå det personborande, spesifikke og stadbundne til det allmenne.

Bygd og by, før og nå, same land og same lagnader når ein grev djupt nok, same kor ulikt det er på overflata. Det er eit mål på rotfesta og berekraftig litteratur.

Andreas Hompland er
sosiolog og skribent.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Forfattarskapen til Lars Saabye Christensen må lesast framlengs.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Med den lange stjerten har erla umiskjenneleg kroppsform og ein særeigen måte å gå på.

Foto: Naïd Mubalegh

DyrFeature

Linerla – løyndomsfull kjenning

Om våren og sommaren vert linerla sett mange plassar, gjerne i nærleiken av menneske, frå byar til stølar, og ho kan finne på å byggje reir i eit svimlande utal habitat.

Naïd Mubalegh

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature
Ida Lødemel Tvedt

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Utvalsleiar Line Eldring leverer NOU-rapporten om EØS-avtalen til utanriksminister Espen Barth Eide (Ap).

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
Olav Garfors

Kva er alternativet til EØS-medlemskap?

Anna Kleiva er forfattar og omsetjar.

Anna Kleiva er forfattar og omsetjar.

Foto: Privat

DiktetKunnskap
Svein Gjerdåker

Anna Kleiva er ny diktskribent i Dag og Tid

«Eg ser fram til å arbeida meir med einskilde dikt frå ulike forfattarar.»

Vetle Bergan og Preben Hodneland som sønene.

Foto: Monica Tormassy

TeaterMeldingar

Eit ikkje heilt vellukka meistermøte

Å setje saman det fremste vi har av dramatikk og regi, treng ikkje gi det beste resultatet.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis