JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Ein heidersmann i retten

Om Ales Bjaljatski ikkje hadde motteke Nobels fredspris, hadde ingen norske aviser laga ein notis om at ein belarusisk menneskerettsforkjempar sat innesperra i bur i retten.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
5326
20230120
5326
20230120

At menneske blir fengsla eller stilte for retten under jule- og nyttårsfeiringa, er vanleg praksis i fleire autoritære land. Når merksemda til diplomatane er fråverande, og folk som bur der, er opptekne av si eiga familiefeiring, slår styresmaktene til. For nokre år sidan kidnappa aserbajdsjansk politi ein brysam antikorrupsjonsbloggar fjerde juledag. I fjor blei den russiske organisasjonen Memorial tvinga til å leggje ned vesle nyttårsaftan. I år hadde Putin nok med å bombe Kyiv eit kvarter inn i det nye året.

Siste diktator

Aleksandr Lukasjenka, som er omtalt som Europas siste diktator, såg heller ingen grunn til å la julefeiringa leggje ein dempar på den pågåande undertrykkinga. Med så mange igangsette politisk motiverte saker hadde domstolen inga tid å miste. Fredag 6. januar var byrjinga på den ortodokse julehøgtida. Dagen før starta rettssaka mot den belarusiske fredsprisvinnaren Ales Bjaljatski.

Hausten 2020, då hundretusenvis gjekk ut i gatene og demonstrerte mot at Lukasjenka etter 26 år ved makta hadde erklært seg sjølv som vinnar av valet, dokumenterte Ales og kollegane i Viasna korleis styresmakta brukte vald og tortur mot dei arresterte demonstrantane. No var Ales og kollegaene tiltalte for smugling og for å ha finansiert aksjonar som øydela ro og orden. For det risikerte dei sju til tolv års fengsel.

Tiltalte i bur

Vi hadde nesten ikkje høyrt noko frå Ales sidan han blei fengsla. I januar 2023 dukka dei fyrste bileta opp. I handjern sat han i ein svart hettegenser inni eit bur i ein rettssal i Minsk mens han heldt ein plastikkpose med rettspapira i. Totalt omfatta straffesaka meir enn 283 filer som romma meir enn 300 sider kvar. Det furete andletet til Ales sa meir enn nokon rapport om fengselsvilkåra og kva fridomskampen hadde kosta.

Buret var i seg sjølv ikkje noko å heve augebryna over. Det er vanleg praksis i Aserbajdsjan, Russland og Belarus å halde dei tiltalte i bur, sjølv om skikken bryt med internasjonale rettsprinsipp om at alle skal vurderast som uskuldige fram til domen er avsagd.

Trass i krav frå EU-parlamentet og Nobelkomiteen fekk ikkje Ales kome til Oslo for å ta imot Nobels fredspris. I staden var det kona hans, Natalia Pinchuk, som framførte talen med verdig røyst, basert på sitat frå Ales. Nokre få setningar fekk han formidla munnleg til kona gjennom ein vegg av glas ein månad etter at prisen blei kjend. Det var fyrste gongen ho fekk møte ektemannen etter fengslinga halvtanna år tidlegare. Han fekk ikkje lov å levere nokon tale til henne.

Demonstrert

«Det er slik at folk som set fridom høgast, er dei som oftast mister han», var opningsorda kona las opp. I kjend stil drog Ales fram at kollegaer i Aserbajdsjan, Usbekistan, Iran og Hong Kong i likskap med han sat bak murane. Han hadde sjølv demonstrert for å få fri andre fengsla menneskerettsforkjemparar. Desse hadde i si tid, då Ales sat inne frå 2011­ til 2014, stått på for at han skulle sleppe fri. Etter stor nasjonal merksemd og internasjonalt press slapp Ales til slutt ut eit halvt år før domen vart sona ferdig. Det var ei anna tid, då ein kunne telje politiske fangar på ei hand. I dag er det meir enn 1400 som har fått fengselsstraff eller ventar på dom for politisk motivert verksemd.

Tidlegare kunne rettssakshøyringane tene som pause frå isolasjonen bak murane, ein arena for å fram bodskapar gjennom ein forsvarstale. Ein sjanse til å sjå venner og kollegaer som tilhøyrarar i rettssalen. Og for kollegaer å gje si støtte gjennom vitnemåla i retten til den fengslande.

Slik var det sist då Ales var tiltalt i 2011. No var det få å veksle blikk med blant tilhøyrarane. Mange av kollegaene til Ales frå Viasna og andre menneskerettsorganisasjonar var i Oslo for å delta i den høgtidelege feiringa av prisen i desember. Dei fleste av dei hadde forlate heimlandet då razziaar var blitt kvardag. Dei kunne ikkje dra tilbake. Andre blei nekta inngang i rettsdøra. Nokre av dei få diplomatane som hadde kome for å observere, slapp ikkje inn. Nastia Loika, som var blitt igjen for å observere rettssaker, vart sjølv arrestert under ei rettshøyring i fjor haust. Ho sit framleis inne.

Kampen for språket

I nobeltalen drog Ales fram kampen for det belarusiske språket: «Eg starta med å vere kritisk til sovjetisk realitet tidleg. Blant andre saker erfarte eg avgrensingar i bruken av belarusisk språk, som middel for å de-belarusere oss, noko som dei gjorde då og held på med no. (...) Også i dag er eksistensen til Belarus som nasjon og folk truga. Det er ein dramatisk feil å skilje rettar og verdien av identitet og sjølvstende frå kvarandre.»

Trass i meir enn 18 månader i umenneskeleg varetekt held Ales fast på prinsippa han har levd og arbeidd for. Fyste dagen, i eit bur med handjern, stilte han krav om at rettssaka skulle haldast på belarusisk, deira eige språk. Kravet blei avslått. I nobeltalen siterte Ales kva Paven Johannes Pauls bodskap hadde vore då han vitja kommunistiske Polen i 1980. Tre enkle ord: «Ikkje ver redd.» Ved å stille krav i retten viste Ales det same.

Ane Tusvik Bonde er seniorrådgivar i Human Rights House Foundation og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Rita Paramalingam er fødd i 1993 i Oslo og er jurist. Ho debuterte i 2017 og kjem no med sin andre roman.

Foto: Marthe Haarstad

Meldingar

Den vanskelege sameksistensen

Rita Paramalingam skriv overtydande om sosial dysfunksjonalitet.

Odd W. Surén

Teikning: May Linn Clement

BokMeldingar
Olav H. Hauge

Olav H. Hauge-dagbøkene

15. mars 1938: «Sume er so redde for å ta frå andre, eller rettare vera ved at dei låner; dei prøver på død og liv vera originale.»

Det er seks år sidan Norma Winstone gav ut førre album.

Foto: Michael Putland / ECM Records

MusikkMeldingar
Lars Mossefinn

Hand-i-hanske-duo

Norma Winstone er ein tekstforfattar av rang.

Erling Indreeide har mellom anna skrive fleire diktsamlingar, musikk- drama og essay.

Foto: Julie Engvik

BokMeldingar
Sindre Ekrheim

Noko for seg sjølv og noko for kvarandre

Erling Indreeide har skrive ei bok som eig ei uvanleg sterk poetisk tankekraft.

Svenske soldatar øver på grensa mellom Noreg og Finland under Nordic Response i 2024.

Foto: Heiko Junge / NTB

Ordskifte

«Det dreier seg om å ha eit truverdig forsvar som held fiendar borte.»

Tor OlavHauge

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis