JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Ein grenselaus venskap?

Russland og Kina har felles interesse i å svekkje maktposisjonen til USA i verda. Men krigen i Ukraina set partnarskapen deira på ei hard prøve.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Russlands president Vladimir Putin og Kinas president Xi Jinping fotograferte på toppmøtet i Bejing den 4. februar i år, då dei erklærte grenselaus venskap.

Foto: Li Tao / AP / NTB

12435
20220325

Bakgrunn

Kina og Ukraina-krigen:

Kina støtta Russlands krav til Nato før invasjonen av Ukraina.

Kina avstod frå å røyste då eit stort fleirtal i FNs generalforsamling fordømde invasjonen.

Kina har så langt ikkje støtta den russiske krigføringa militært eller økonomisk.

Krigen i Ukraina

christiane@dagogtid.no

Det er 4. februar og enno 20 dagar til Russland skal invadere Ukraina. På mørkeraude fløyelsteppe stiller statsleiarane for to av verdas største land seg opp for å verte fotograferte og kringkasta for ei heil verd, framfor ei rad med russiske og kinesiske flagg.

President Vladimir Putin er komen som æresgjest til opninga av dei olympiske vinterleikane i Beijing, om lag 650 mil frå den ukrainske hovudstaden Kyiv. Den øvste leiaren i Kina, Xi Jinping, tek varmt imot han.

«Vi håper dette nye vårmøtet vil bringe nytt liv inn i den kinesisk-russiske relasjonen», seier Xi då delegasjonane har teke plass på kvar si side av eit stort, skinande møtebord, dekorert med blomerader i midten.

Putin er full av respekt og uttrykkjer full tillit til at Kina vil arrangere vinter-OL på ei utmerkt måte.

Alt dette er foreviga med kamera. Men kva seier Putin til Xi når fotografane er borte? Fortel han at han kjem til å invadere det sjølvstendige nabolandet Ukraina? Og kva seier i så fall Xi til det? Dette er berre to av dei spørsmåla som har vorte stilte om Kinas ståstad etter krigsutbrotet den 24. februar.

Boikotta av Biden

Vestlege statsleiarar er knapt til stades då fyrverkeriet sprakar over himmelen i Beijing denne festdagen. Utanriksministar Anniken Huitfeldt er heime i Noreg med covid-19. Den amerikanske presidenten Joe Biden har droppa turen i protest mot dei kinesiske brota på menneskerettane, det har også leiarane i Storbritannia, Canada og Australia.

Putin er den mektigaste gjesten i midtens rike. Med seg heim har han ei nyskriven erklæring der det står at venskapen mellom Kina og Russland er grenselaus.

Før og etter

Eit krigsutbrot skaper eit før og eit etter. I dag veit vi at dei russiske styrkane har møtt hard motstand, og at krigen har vorte eit helvete på jord der korkje menneskeliv, byar eller buområde vert sparte. Vi veit at nasjonale prinsipp og internasjonal politikk i Vesten har vorte endra i rekordfart for å styrkje forsvaret av Ukraina, at Vesten har samla seg om sanksjonar retta inn mot å knuse den russiske økonomien og krigsmaskinen. Ingenting av dette er sjølvsagt den dagen Xi og Putin erklærer sin grenselause partnarskap.

Trass i russisk styrkeopptrapping langs den ukrainske grensa, langvarig munnhoggeri mellom Russland og Nato og vestlege åtvaringar om sanksjonar ved ein invasjon, er verda framleis på eit førkrigsstadium denne dagen.

Ei veke seinare viser amerikansk etterretning at Russland kan kome til å invadere Ukraina før slutten av vinter-OL. Men Putin forstyrrar ikkje vinterleikane i Beijing.

Kva visste Xi?

Så kva visste Xi om planane Putin hadde då dei signerte venskapspakta si den 4. februar? Her må ein nøye seg med kvalifiserte spekulasjonar.

Gady Epstein, som er ansvarleg for Kina-dekninga i The Economist, seier i podkasten til magasinet at han har vanskeleg for å tru at Xi vart overraska då Putin invaderte Ukraina den 24. februar.

Han meiner Kina har interesse av å få Vesten til å tru han ikkje visste kva som kom til å skje, medan han i røynda ikkje er ukjend med korkje logikken eller metodane Putin nyttar seg av.

– Kanskje vil han verte ukomfortabel med avgjerda si etter kvart som krigen utviklar seg, men lite tyder på at Xi ikkje visste, seier Epstein.

Dei to forskarane Øystein Tunsjø og Henrik Hiim, båe ved Forsvarets høgskule, skriv i ein kronikk i Dagens Næringsliv at Xi truleg delvis vart ført bak lyset av Putin. At Putin kanskje kan ha fortalt om planane om å anerkjenne Donetsk og Luhansk, og at Xi kanskje kan ha svart at Russland burde vente til etter at OL var avslutta den 20. februar. Men at Kina ikkje kalla heim borgarane sine før krigen tok til, kan tyde på at landet ikkje var så førebudd som ein kunne tru, spekulerer dei.

Nupi-seniorforskar Bjørnar Sverdrup-Thygeson har tenkt høgt om saka i Aftenposten. Han erkjenner at vi ikkje veit nett kva som har vorte sagt mellom Putin og Xi denne dagen, men éin ting tør han rekne med: Putin har neppe sagt at han ville setje fast panservognene sine i ukrainsk gjørme i tre veker.

Ingen forbod

I venskapserklæringa mellom Kina og Russland er det naturleg nok punkta om tryggingspolitikk og partnarskap som har vekt størst merksemd.

For relasjonen mellom landa står ifølgje Kina og Russland over dei politiske og militære alliansane danna under den kalde krigen. Venskapen mellom dei har ingen grenser, og ingen samarbeidsområde er «forbodne», som det står i hermeteikn.

Medan Russland støttar Kina i synet på Taiwan, støttar Kina Russlands syn på Nato. Russland stadfestar i dokumentet at Taiwan er ein ufråvikeleg del av Kina, og går imot alle former for sjølvstende i landet. Begge statane tek til orde mot alle Nato-utvidingar og ber den nordatlantiske alliansen leggje frå seg såkalla ideologiske kaldkrigstilnærmingar.

Dessutan fråber dei to statane seg innblanding frå andre statar i sine eigne nærområde og vil motarbeide såkalla fargerevolusjonar (altså regimekritiske rørsler som til dømes den ukrainske oransjerevolusjonen i 2004).

Ny verdsorden

Det 15 sider lange dokumentet inneheld mykje meir. Konkret skal dei to landa inngå samarbeid om alt frå berekraftig utvikling av Arktis til helsevesen, forsking og utvikling av ei rekkje ulike teknologiar.

Meir generelt uttrykkjer erklæringa eit tydeleg felles verdsbilete, med ein felles misjon om å demme opp for, eller redusere, den maktposisjonen USA tek i verda.

I kikkerten ser Putin og Xi ein ny multipolar verdsorden. Der står ikkje USA lenger åleine på toppen som den overlegne globale supermakta, slik landet har gjort etter at Sovjetunionen smuldra opp. I staden rår fleire stormaktar over nærområda sine med eigne styringsprinsipp, utan krav frå verdspolitiet USA og deira allierte om demokratiske reformer og innføring av menneskerettar. I auga til dei to statsleiarane er dette upassande innblanding i interne forhold.

Samla mot USA

Russland og Kina står samla i trua på at USA vil underminere og styrte regima deira, skreiv utanrikskommentator Gideon Rachman i Financial Times kort tid før landa underteikna venskapserklæringa.

Oppfatninga er at USA nyttar folkelege opprør som ein trojansk hest. Inn med lokale demokratiopprør – ut med regima i Kreml og Beijing.

Til dømes har Russland skulda USA for å ha ein finger med i spelet i Maidan-opprøret i Ukraina i 2013–2014. Protestane oppstod då den dåverande presidenten Viktor Janukovytsj valde å inngå ein samarbeidsavtale med Russland framfor EU.

Kina har skulda USA for å stå bak dei store demonstrasjonane mot dei kinesiske makthavarane i Hongkong i 2019. Folk protesterte då mot ei ny utleveringslov som dei frykta kunne undergrave det sjølvstendige rettssystemet og setje dissidentar i fare.

Slik Rachman ser det, har Ukraina ei viktig rolle i spelet om å få på plass ein ny verdsorden. Om Putin skulle vinne fram i Ukraina, vil det freiste Xi til å invadere Taiwan, som ligg under Kina, men som styrer seg sjølv.

Ein russisk siger i Ukraina ville signalisere ein ny tryggingspolitisk tidsalder i Europa der Putin faktisk har ein maktsfære utanfor Russlands grenser. Ein kinesisk siger i Taiwan vil kunne tolkast som at den amerikanske dominansen i stillehavsregionen er forbi.

Nøytralitet

I dag veit vi at Putin ikkje har klart å styrte regjeringa i Kyiv raskt, slik planen ser ut til å ha vore. Kina balanserer på ei line dei kallar nøytralitet.

Nøytraliteten inneber at den kinesiske leiinga ikkje fordømmer den russiske invasjonen, på same tid som Kina ikkje har støtta Russland militært. Det er uvisst kva som har skjedd i kulissane. Amerikanske kjelder, sitert i CNN, har oppgjeve at Russland har bedt om både økonomisk støtte og våpenhjelp, men opplysningane er avviste av partane sjølve.

Biden åtvara om at militær støtte til Russland ville få konsekvensar for Kina, då han møtte Xi i eit videooverført møte førre fredag. Eit økonomisk svekt Russland som står fast i Ukraina, har vorte eit problem også for Kina.

Ein klientstat?

Venskapspakta mellom Russland og Kina er ikkje inngått mellom to likeverdige partar. Kina er den nest største økonomien i verda etter USA. Dersom bruttonasjonalprodukta i dei to stormaktene held fram i den takta dei har no, vil Kina ta førsteplassen tidleg i 2030, ifølgje Bloomberg.

Paul Krugman, som i 2008 vart tildelt Nobelprisen i økonomi, skildrar ulikskapen mellom dei økonomiske musklane i landa som «ekstrem». For medan den kinesiske økonomien for 30 år sidan var om lag like stor som den russiske, er han i dag ti gonger så stor.

Så heller enn å kunne redde Russland frå dei økonomiske sanksjonane vil Kina kunne gjere Russland til ein klientstat, skriv Krugman i New York Times. Økonomiprofessoren peiker også på at Kina ikkje vil kunne levere alle dei varene Russland er avhengig av. Varetransporten mellom Beijing og Moskva skal vere langt frå problemfri.

Eit siste poeng frå Krugman er at Kina er så djupt integrert i verdshandelen at kinesiske selskap kan starte sanksjonar på eiga hand.

Open økonomi

Financial Times har alt funne eksempel på selskap som droppar risikofylt handel med Russland. Som til dømes ein kinesisk kolhandlar som har opplevd betalingsproblem etter at Russland vart ekskludert frå banktenesta Swift.

Eit dilemma har også oppstått for den kinesiske dronemakaren DJI. Førre veke spurde Ukrainas visestatsminister Mykhailo Fedorov på Twitter om selskapet verkeleg ville medverke til at ukrainske barn vert drepne. Han krev at selskapet grip inn overfor Russland, som ifølgje ministeren nyttar dronane til å navigere missilar retta mot sivile.

Avisa har også skrive om kinesiske selskap som mistar europeiske kundar som resultat av ståstaden Kina har teke i krigen.

Risiko

Alt før krigen byrja, var Russland langt meir avhengig av Kina enn Kina var av Russland. Medan 25 prosent av vareimporten til Russland er frå Kina, går berre 2 prosent av Kinas eksport til Russland, ifølgje offisielle tal attgjevne i Dagens Næringsliv.

Når Russland står att som ein paria på verdsmarknaden, framstår Kina som ein partnar og storebror Russland vert stadig meir avhengig av.

Rett nok er Kina ein av dei største forbrukarane av olje og gass i verda og vil truleg kunne forhandle seg til gode prisar på russisk olje og gass. Men Kina står i fare for å tape meir enn dei vinn på krigen i Ukraina. Høge råvareprisar og lågare handel vil innebere lågare vekst for Kina.

Pengar i vest

Landa som støttar Ukraina politisk, utgjer dessutan ein viktigare marknad for Kina enn Russland. Ein som har understreka dette, er Bonnie Lynn, direktør for The China Power Project på Center for Strategic and International Studies (CSIS).

– Ser du på handelsvolumet mellom Russland og Kina, er det på 140 milliardar dollar. Volumet på handelen mellom EU og Kina er på 670 milliardar dollar, altså mykje større. Om ein samanliknar interessene Kina har i Russland, med interessene dei har i andre land, som USA, gjev det ikkje meining at dei står for nær Russland. Dei risikerer for mykje, seier ho i BBC-podkasten The Real World 18. mars.

Vegen til målet om å verte verdas største økonomi kan verte langt brattare for Kina.

Valet Kina har

Kina har sidan krigsutbrotet kommunisert langs to liner. På den eine sida peprar kinesiske talspersonar Twitter-brukarar med standpunkt som er anti-Nato og anti-USA. Ein kan lese at Nato burde vore nedlagd samstundes med Warszawapakta, og får servert interaktive kart som viser ekspansjonen til Nato over tid.

På den andre sida framstiller Kina seg som ein fredselskande nasjon som sender medisinar, soveposar og barnemat til Ukraina i staden for våpen. Eit nøytralt land som kanskje vil kunne spele ei rolle i fredsmeklingar.

Då utanriksminister Anniken Huitfeldt talte til Stortinget tysdag denne veka, sa ho at Kina står overfor eit viktig val. At korleis Kina stiller seg til Russland, vil ha innverknad på forholdet til Europa på sikt.

Kina har fått ei vanskeleg oppgåve i å balansere eigne interesser.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Kina balanserer på ei line dei kallar nøytralitet.

Fleire artiklar

I framgrunnen står skulpturen «Le Combattant» (1961) av Sonja Ferlov Mancoba, bronse.

KunstMeldingar

Tungvektar med oppsikts­vekkande manglar

Kunstsilo trona mot blå himmel i Kristiansand på opningsdagen, laurdag 11. mai 2024. Vegen frå idé til ferdig museum har vore lang og prega av konfliktar. Det står att å sjå kva Kunstsilo kan bety for fastbuande og tilreisande. Tangen-samlinga er kanskje verdas største samling av nordisk kunst frå 1900-talet, men er ho representativ for perioden, og er det så nøye?

Mona Louise Dysvik Mørk

Teikning: May Linn Clement

Ordskifte
Halvor Tjønn

Å forveksla aggressor med forsvarar

«Etter at Putin kom til makta hausten 1999, har Russland ført ei heil rad med krigar.»

Den nyfødde kalven.

Den nyfødde kalven.

Foto: Hilde Lussand Selheim

Samfunn
Svein Gjerdåker

Ei ny Ameline er fødd

Vårsøg – også kalla Tripso sidan ho var så skvetten som ung, spissa øyro for ingenting og trippa med beina inn og ut av fjøset – fekk ein ny kalv natt til 13. mai.

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Brystkreft er den vanlegaste kreftforma blant norske kvinner. Biletet er frå Rosa sløyfe-aksjonen mot brystkreft, arrangert av Den norske Kreftforeningen.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

HelseSamfunn

Kven bør få tilbod om mammografi?

Norske kvinner får eit heilt anna råd enn svenske
og amerikanske.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis