Miljø
Ein fredsavtale med naturen
Nesten alle land i verda er samde om at vi skal leve i harmoni med naturen. På naturtoppmøtet i Montreal prøver partane å gjere vakre visjonar om til realitet.
Skogbrann ved Labrea i delstaten Amazonas i Brasil. Her brenn det ofte i regnskogen, og bak brannane står folk som vil ha beiteland og dyrkingsjord.
Foto: Edmar Barros / AP / NTB
Tone Smith er økonom og skribent. Ho skriv om naturmangfald i lys av FNs naturtoppmøte, som starta i Montreal denne veka.
Dei siste åra har det kome mange dårlege nyhende om tap av natur og artsutrydding. Ikkje berre blir stadig fleire plante- og dyreartar borte, men utryddingstakten aukar. Dette er det dystre bakteppet for naturtoppmøtet som tok til i Montreal i Canada denne veka. Målet er å kome fram til ein avtale som kan få mykje å seie for framtida til naturen i verda.
FN-konvensjonen om biologisk mangfald (CBD) er 30 år gammal, men har levd i skuggen av FNs klimakonvensjon, som er meir kjend. No har også naturvern blitt storpolitikk. Naturtoppmøtet i Montreal er eit medlemsmøte for alle landa som er part i konvensjonen, derav namnet Conference of the Parties, eller i kortform: COP. (Den forkortinga kjenner vi òg frå klimatoppmøta.)
196 statar har slutta seg til biomangfaldkonvensjonen, det vil seie nesten alle land i verda. Berre USA står utanfor.
Eigenverd
Kva er det så som gjer det så viktig å ta vare på naturen? Mange ting. Naturen gjev oss mellom anna mat, fiber, treverk, brensel og gratis vassreinsing. Han gjev oss òg estetiske opplevingar og er ein del av livsverda vår. I tillegg slår både den norske naturmangfaldslova og CBD fast at naturen har eigenverd.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.