Ein fender mot folket

Helseforetaka har redusert makta til dei folkevalde. Kanskje er det nett difor dei folkevalde ikkje klarer å kvitte seg med dei?

Publisert

Dei såkalla helseforetaka har nok aldri vore elska av folket, men dei siste par åra har styringsmodellen for norske sjukehus nådd nye lågmål i opinionen. For tida er det på Nordmøre sinnet er størst. Der har vedtaket om nedlegging av fødeavdelinga i Kristiansund skapt storm, og fem kommunar har brote samarbeidet med helseforetaket Helse Møre og Romsdal. Men frustrasjonen er stor også andre stader i landet. I Hedmark og Oppland er det protestar mot kutta som Sykehuset Innlandet har vedteke, og i Oslo er det den kaotiske og kostbare omorganiseringa av sjukehusa som har sikra Helse Sør-Øst og foretaksmodellen svært mykje dårleg presse.

Omkamp

Dei fleste omstridde reformer går seg til etter ei tid. Men foretaksmodellen for spesialisthelsetenestene vart innført i 2002, og 17 år etter er det framleis stadige forsøk på omkamp. Faktisk har alle parti på Stortinget utanom Arbeidarpartiet til ulike tider gått inn for å vrake foretaksmodellen. Høgre og Framstegspartiet hadde båe programfesta at dei ville kvitte seg med helseforetaka, men snudde etter at dei kom i regjeringsposisjon. Senterpartiet, SV, KrF, MDG og Raudt ønskjer alle å endre styringsmodell for sjukehusa.

Og no veks det fram indre motstand mot helseforetaka også i Ap, ikkje berre frå ordførarar på Nordmøre. Også fagrørsla har skjerpa tonen: Mette Nord, leiar i Fagforbundet og sentralstyremedlem i Ap, tok nyleg til orde for å endre styringa av sjukehusa. «Vi må få en full gjennomgang av foretaksmodellen», sa Nord nyleg til Dagbladet. Og sjølvaste Den norske legeforening, som opphavleg støtta foretaksmodellen, ønskjer no å fjerne dei regionale helseforetaka.

Modellen har fått kritikk frå høgre, venstre og sentrum, for mellom anna demokratisk underskot, manglande innsyn, overdriven konsulentbruk, knoppskyting av direktørstillingar og altfor sjenerøse leiarløner. Når ein ser på kor mange kritikarar og kor få heilhjarta tilhengarar helseforetaka har, må ein undre seg: Kvifor har vi dette systemet framleis?

Barn av Stoltenberg

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement