Ein domfelt stat
Dommane i Strasbourg fortel at noko fundamentalt er gale i norsk barnevern, meiner jurist Gro Hillestad Thune.
Demonstrasjon mot norsk barnevern framfor Stortinget i 2016.
Foto: Ole Berg-Rusten / NTB Scanpix
Tysdag vart Noreg felt i to barnevernsaker i Den europeiske menneskerettsdomstolen (EMD), for urimeleg avgrensing av samværsretten til foreldre som var fråtekne barna sine. Til saman har den norske staten no tapt fem barnevernsaker i Strasbourg, og enno ligg 27 saker frå Noreg på vent.
Gro Hillestad Thune er menneskerettsjurist og tidlegare dommar i EMD. Ho har lenge hevda at norsk barnevern bryt menneskerettane i mange saker, og at foreldre ikkje har god nok rettstryggleik overfor barnevernet.
– Som kritikar av barnevernet gjennom mange år kan du no med ein viss rett seie: Kva sa eg?
– Eg ser ikkje på meg sjølv som ein kritikar av barnevernet. Men eg har kritisert barnevernet for ikkje å tilpasse praksisen sin til dei internasjonale konvensjonane og tolkingane til domstolen i Strasbourg. Eg har i årevis prøvd å få fram at praksisen til barnevernet i Noreg ikkje er i tråd med EMD og barnekonvensjonen til FN. At Noreg blir dømt, er ikkje overraskande i det heile.
– I dei fleste land blir rettane til foreldre sterkare vektlagt enn i Noreg. Kan det vere kulturelle årsaker til at dommarane i Strasbourg har vurdert desse sakene annleis enn norske domstolar har gjort?
– Dette blir ofte brukt som eit forsvar for barnevernet i Noreg, men eg trur ikkje det kan brukast som forklaring her. Sjølvsagt er det skilnad på dommarar. Somme er konservative, somme er meir forsiktige og så vidare. Men her snakkar vi om maktmisbruk frå styresmaktene si side.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.