Helse
    Ein bransje full av skrukkar
    2025 blir eit rekordår – også for fiksing av fjes. Noreg er eit av få land i verda der styresmaktene ikkje bryr seg med kven som injiserer kva.
    
    
        Ein kosmetisk klinikk i Miami i USA reklamerer for såkalla BBL-behandling, der filler blir injisert i rumpa.
        Foto: Ellis Rua / AP / NTB
    
        
 
                        
                        
                        
                        
                        
    
    
    Det gjorde så fucking vondt, seier svenske Sandra Slagbrand i ein TikTok-video som har blitt omtalt også i norske medium. Ho fortel om korleis det var å «tømme leppene» etter at dei blei skadde i ein fillerinjeksjon. Ho blei send frå det eine sjukehuset til det andre, der legane var i villreie, før ho fekk blodfortynnande og antibiotika.
Ho var sjukmeld i ein månad.
– Eg kjem neppe til å gjere det igjen, seier ho.
Men at leppene ho fortel historia med, er naturlege, er vanskeleg å tru.
– Heilt sinnssjukt
Bruken av den muskellammande gifta botulinumtoksin og fyllstoffet hyaluronsyre – botox og filler, som stoffa heiter på folkemunne – er ein milliardindustri. Ifølge The International Society of Aesthetic Plastic Surgery (ISAPS) er talet på enkle, altså ikkje-kirurgiske, kosmetiske inngrep, meir enn dobla sidan 2018.
    
                        
    
        
                    
            
                
Digital tilgang – heilt utan binding
                Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.