JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Ein ærleg mann som tok feil

Gorbatsjov var eit heilt ærleg og anstendig menneske. Difor måtte han mislukkast med å reformera Sovjetunionen.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
5956
20220902
5956
20220902

Om Mikhail Gorbatsjov hadde vore ein tradisjonell russisk maktpolitikar, hadde bodskapen denne veka vore at den sovjetiske diktatoren – den sjuande i rekkja – var død. Den 91 år gamle partisjefen hadde blitt boren ut av Kreml og lagd i ei grav rett utanfor festningsmuren.

Dette hadde vore den vegen historia ville ha gått, om det ikkje var for éin ting: Mikhail Gorbatsjov var ein ærleg, anstendig, men også veldig godtruande mann. Den største feilen hans var at han trudde altfor godt om sovjetsystemet. Han trudde på sosialisme med eit menneskeleg andlet, og han trudde at han – etter at han hadde klatra til topps i maktpyramiden – kunne forvandla arven etter Lenin, Stalin og Brezjnev til noko som likna på Einar Gerhardsens Noreg.

Optimisme

I ettertid er det lett å seia at det måtte gå gale. Men i samtida såg dei fleste ikkje slik på det. Eg hugsar godt då eg køyrde inn i Moskva sommaren 1988. Overalt såg ein parolar og banner med dei magiske trylleorda glasnost og perestrojka – openheit og ombygging. I tillegg var det endå eit ord som dukka opp på dei offisielle propagandaplakatane, nemleg demokratizatsija. Eg hadde fylgt Gorbatsjov tett heilt sidan han kom til makta i mars 1985, og vore på eit par reiser rundt i Sovjetunionen etter det. Men det eg såg denne sommaren 1988, var heilt overveldande. Det var som om verda var blitt til på ny.

I byrjinga gjekk det då også ganske bra. Under det som fekk namnet Den 19. allsovjetiske partikonferansen i månadsskiftet juni–juli det året, fekk Mikhail Gorbatsjovs reformer brei tilslutnad. Konferansen vedtok til og med ei målsetjing som gjorde at me journalistar som sat i Moskva, gnei oss i augo: Sovjetunionen skulle om ikkje altfor lang tid bli ein lovbasert stat. Sovjet var i ferd med å slutta seg til familien av rettssamfunn.

Det gjekk ikkje slik

Når sommaren 2022 går mot slutten, veit me alle fasiten: Det gjekk ikkje slik. Kjernen i det sovjetiske imperiet, Russland, har mange av dei same totalitære trekka som Sovjetunionen hadde då Gorbatsjov tok over i 1985. Det året førte landet krig i Afghanistan, i år fører det krig i Ukraina. Opposisjonen var i 1985 anten i fengsel eller i utlandet, om dei ikkje var drepne. Med andre ord er det svært mykje som ikkje har endra seg, sett gjennom eit historisk prisme.

Det som skjedde, er skildra eit utal gonger: Gorbatsjov kunne kanskje ha takla den opposisjonen han etter kvart møtte innanfrå kommunistpartiet. Men han blei treft av noko som var mykje sterkare. For eit tiår sidan møtte eg Hans Modrow, den siste statsministeren i Aust-Tyskland. I 1945 blei han, 17 år gamal, teken til fange av dei sovjetiske styrkane, ført til Sovjetunionen og gjeven ei kommunistisk utdanning. Gjennom eit langt liv var han på innsida av det kommunistiske systemet. Då eg spurde han om den eigentlege årsaka til at austblokka fall, svara han utan å nøla: Gjennom dei åra han sjølv gjekk på partiskule i Sovjetunionen, blei nasjonalisme og nasjonalkjensle berre omtalt som noko som høyrde fortida til. Det var eit utrydda problem. Då Gorbatsjov opna for ytringsfridom i Sovjetunionen, blei han møtt av ei bylgje av nasjonalisme som han ikkje hadde føresetnader for å stå imot, sa Hans Modrow.

Det var klokt sagt. Gorbatsjov trudde at tanken om eit nytt, sosialistisk Sovjetunionen med ytringsfridom og med ein modernisert økonomi ville trumfa alle sentrifugale tendensar. Då dei baltiske republikkane og Ukraina gjorde det klart at dei ikkje ville bli i Sovjetunionen, og då Armenia og Aserbajdsjan etter kvart gjekk til krig mot kvarandre, blei Gorbatsjov sterkt svekt.

Så greip tanken om seg i den russiske republikken – to tredelar av Sovjetunionen – at dei eigentleg klarte seg betre utan republikkane. Etter at også tryggingstenesta KGB og store delar av hæren – maktapparatet i den sovjetiske staten – hadde gjort opprør i august 1991, hadde Gorbatsjov ikkje lenger nokon stat å vera leiar for. Både den antisovjetiske og den prosovjetiske sida hadde forlate han. Joledagen 1991 gjekk han av, etter å ha åtvara sovjetfolket om framtida.

Resten er historie, som det heiter, og mesteparten av denne historia er tragedie. 1990-talet var tida for demokratiske val, men blei like mykje prega av ålmenn fattigdom, av mafiavelde og steling av den sovjetiske statsformuen. Så kom Putin og snikinnførte den totalitære staten på ny. Resultatet er eit Europa i krig i det tragiske året 2022.

Ei anna utvikling?

Spørsmålet mange har stilt seg, er om utviklinga kunne ha vore ei anna. Er det verkeleg slik at dei totalitære understraumane i det russiske samfunnet er så sterke at sjølv ikkje ein generalsekretær i kommunistpartiet – ein mann som på det næraste hadde all makt i staten – kunne gjera noko med det?

Dette er spørsmålet som har plaga heile min generasjon av sovjet- og russlandskjennarar. Kvar einaste unge vestlege mann eller kvinne som tek fatt på studiet av landet i aust – anten det heiter Tsar-Russland, Sovjetunionen eller berre Russland – ser at landet er europeisk, men berre delvis. Alle har me bala med spørsmålet om kva som skal til for å gjera Russland til eit heilt ut moderne, europeisk samfunn.

Svaret mitt er at Gorbatsjov ikkje ha kunne lukkast. Dei totalitære tendensane i det russiske maktapparatet var og er for sterke, samstundes som det aldri hadde vore mogleg på sikt å undertrykkja dei nasjonale kreftene, spesielt i Baltikum, Ukraina og Kaukasus. Fleirtalet av befolkninga der ville ganske enkelt bort frå Russland. Om Gorbatsjov hadde reformert Sovjetunionen på den eine eller andre måten, ville han på eit eller anna tidspunkt ha støytt mot dette uløyselege problemet.

For Vesten er Gorbatsjov ein helt. For Russland er han ein tapar.

Halvor Tjønn er forfattar, journalist og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

For Vesten er Gorbatsjov ein helt.
For Russland er han ein tapar.

Fleire artiklar

Anatolij Potij er ein eksperimenterande amatørgartnar. Takk vere han er det no mogleg for ukrainarar å dyrke bananar i eigen heim.

Foto: rubryka.com

KrigSamfunn

Bananane som overlevde

I krig og okkupasjon kan både folk og vekstar vise seg uventa motstandsdyktige.

Andrej Kurkov

Selv med økende immunitet i befolkningen, viser tilgjengelige, men altfor sparsomme data at sars-cov-2-viruset fortsetter å belaste vårt samfunn, skriver Gunhild Alvik Nyborg.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

Ordskifte
Gunhild AlvikNyborg

Svar til Preben Aavitsland

Å gjennomgående underkjenne seriøse, konsistente forskningsresultater er vitenskapsfornektelse.

Den andre boka i septologien til Asta Olivia Nordenhof er no komen på norsk.

Foto: Albert Madsen

LitteraturKultur
Jan H. Landro

Kapital, kjærleik og Scandinavian Star

Asta Olivia Nordenhof held på med ein dyster romanserie om dødsbrannen på «Scandinavian Star». Ho vil likevel ikkje gi opp vona om at dagens verdsorden kan endrast til noko betre.

Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.

Foto: Thomas Lohnes / NTB

IntervjuSamfunn
Ida Lødemel Tvedt

Paven midt imot

Alle lèt til å misforstå kvarandre i kjønnsdebatten. Judith Butler blir både dyrka og demonisert av folk som ikkje har lese eit ord av bøkene hen skriv.

Villreinbestanden i Noreg i dag er på rundt 25.000 dyr vinterstid. Sidan 2021 har villreinen vore klassifisert som nær truga på den norske raudlista.

Foto: Paul Kleiven / NTB

Kommentar

Villrein i eit villnis

Stortingsmeldinga om villrein er ikkje til å verte særleg klok av.

Eva Aalberg Undheim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis