Helse
Ein amerikansk tragedie
USA liberaliserte omsetnaden av oksykodon og andre opioid i 1990-åra. Det leidde til ein katastrofe.
Da legemiddelfirmaet Purdue Pharma lanserte det smertestillande medikamentet OxyContin i 1996, sparte dei ikkje på noko. Marknadsføringskampanjen var massiv, og OxyContin vart framstilt som eit nærast harmlaust stoff og lite vandedannande, sjølv om verkestoffet var det sterke opioidet oksykodon.
Denne medisinen var opphavleg utvikla i Storbritannia som ein smertestillar for døyande kreftpasientar. Men i USA vart OxyContin også skrive ut mot moderate smerter, eit stoff «to start with and to stay with», som det heitte i reklamen, og det vart ein kolossal suksess for Purdue Pharma. I 1997 vart det skrive ut 670.000 reseptar i USA, fem år seinare var talet tidobla. I 2000 åleine skal selskapet ha selt OxyContin for nærare ti milliardar kroner.
Andre firma heiv seg på og laga sine eigne konkurrerande opioid. Legemiddelselskapa dreiv både ein effektiv lobbykampanje mot styresmaktene og intens påverknad av legane, og lukkast til fulle. Og resultatet vart det vi no kjenner som den amerikanske opioidepidemien.
Dei siste åra har kring 50.000 amerikanarar døydd årleg av overdosar med ulike typar opioid, og nærare 500.000 menneske har mista livet i denne epidemien sidan midten av 1990-åra.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.