Helse

Ei verd av virus

Eit nytt virus oppdaga hos griser i Kina vekkjer frykt. Forskarar søkjer svar på korleis ein kan hindre at potensielt farlege virus spreier seg frå dyr til menneske.

Kinesiske forskarar har oppdaga eit virus hos griser som liknar svineinfluensaviruset frå 2009. Viruset kan smitte menneske, men det er ikkje registrert smitte frå menneske til menneske.
Kinesiske forskarar har oppdaga eit virus hos griser som liknar svineinfluensaviruset frå 2009. Viruset kan smitte menneske, men det er ikkje registrert smitte frå menneske til menneske. Kinesiske forskarar har oppdaga eit virus hos griser som liknar svineinfluensaviruset frå 2009. Viruset kan smitte menneske, men det er ikkje registrert smitte frå menneske til menneske.

Nyhendet spreidde seg som eld i tørt gras då kinesiske forskarar førre veke varsla om eit nyoppdaga virus blant griser med eigenskapar som gjev det potensial til å utvikle seg til ein pandemi.

Det er kanskje ikkje så rart. Når verda er ramma av ein pandemi med alvorlege konsekvensar, er ein gjerne litt meir årvaken nå det blir meldt om nye virus.

Det nye viruset, som blir kalla EA H1N1, har fleire trekk som skil det frå dei fleste andre virus. For det første liknar det viruset bak svineinfluensaen, som tok om lag 575.400 liv på verdsbasis i 2009. For det andre er det påvist at viruset kan gå over frå gris til menneske. Det er ikkje funne teikn til at viruset har gått frå menneske til menneske. Frykta er at viruset kan mutere og på den måten få evna til å spreie seg frå eitt menneske til eit anna.

– Dette er ikkje eit overhengande trugsmål der vi ser infeksjonar, men noko vi må overvake, på same måte som vi gjorde i 2009 då svineinfluensaen braut ut, uttala direktøren for nasjonalinstituttet for allergi og smittsame sjukdommar i USA, Anthony Fauci, kort tid etter at forskinga vart publisert i det amerikanske tidsskriftet Proceedings of the National Academy of Sciences 29. juni.

Må skaffe oversikt

Korleis kan ein hindre at eit virus som EA H1N1 utviklar seg til ein pandemi? Dag og Tid spør forskar Hannah Joan Jørgensen, som mellom anna har fagansvar for zoonosar (infeksjonssjukdommar som kan smitte frå dyr til menneske), ved Veterinærinstituttet.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement