JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Ei tydeleg røyst

Fauzia Hashi tek ordet der andre teier.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
4709
20180907
4709
20180907

Vi høyrer stadig om kor vanskeleg det er å integrera somaliarar. Statistikken syner dystre tal mellom anna når det gjeld sysselsetjing. Det kan vera vanskeleg å integrera seg i eit nytt land, det er krevjande å læra seg eit nytt språk, skaffa seg nettverk og arbeid. Viss ein kjem frå eit land i krig, tek det tid å arbeida med det ein har opplevd. Ein del av dei som kjem hit, har ingen skulegang frå heimlandet, noko som gjer det ekstra vanskeleg å læra seg det norske språket.

Heldigvis finst det mange som arbeider hardt for at dei som kjem hit, skal verta ein del av samfunnet. Ei av dei er Fauzia Hashi. Ho er ei tydeleg røyst i det somaliske miljøet. Ho er gift og har fire born, og ho arbeider hardt og er særleg oppteken av rettane til kvinner og born i det somaliske miljøet. Dette er emne som er vanskelege å ta opp for ein del somaliarar. Tek ein opp slike emne, kan ein lett verta stempla som for norsk og vantru.

Kvar morgon og kveld les eg oppdateringane som Fauzia har gjort på Facebook. Ho er ikkje redd for å seia det ho meiner, ho tek ordet der andre teier.

Flyktningkonsulent

Fauzia kom til Noreg i 1988 og er busett i Arendal. Før ho kom dit, studerte ho mikrobiologi ved eit universitet i Libya. I Noreg har ho studert fleirkulturell forståing og fleirkulturell pedagogikk. I dag arbeider ho som flyktningkonsulent i Risør kommune.

Fauzia er oppteken av likestilling, eit tema som diverre er framandt for ein del somaliarar. Ho og mannen har oppseda borna sine til å vera uavhengige, dei har stått side om side i barneoppsedinga. Som regel er den berre kvinnene som oppdreg borna i dette miljøet. Fauzia og mannen har framfor alt sett på kva som er best er for borna. Dei bryr seg ikkje om rykte, eller kva andre måtte tenkja. Denne familien har mange noko å læra av.

I æreskulturar er det slik at rykte har mykje å seia – kva andre meiner om deg. Moralpolitiet finn ein overalt. Miljøet er aldri nøgd. Andre kan fort blanda seg inn i barneoppsedinga eller kor god muslim ein er. Skuldingar kjem raskt om ein ikkje er som andre somaliarar. Fauzia er ein viktig rollemodell i kampen for psykisk frigjering frå det patriarkalske miljøet.

Hjelper ungdom

I fjor vart ei ung jente gruppevaldteken i Somalia. Der i landet er det diverre tallause kvinner som opplever å verta valdtekne, men i eit land der ustabilitet og krig er ein del av kvardagen, vert ikkje rettane til kvinner tekne vare på. Det som var ekstra ille i denne saka, var at gruppevaldtekta vart filma og spreidd i sosiale medium.

Fauzia engasjerte seg raskt i saka. Ho kjempa hardt for at dei som stod bak valdtekta og filmen, skulle verta straffa. Fauzia er ei kvinne som reagerer på urettvise. Ho er religiøs, og ho er i kontakt med alle delar av det somaliske miljøet. Ho brukar ikkje religionen for å dømma andre, men for å berga.

Eg har ringt Fauzia når unge somaliske kvinner har teke kontakt med meg for å fortelja at dei er gravide utanfor ekteskap. Desse kvinnene er redde for korleis miljøet ser på dei. Dei er òg redde for kva som ventar dei etter døden. Fauzia ser og forstår utfordringane desse kvinnene har. Ho hjelper dei som er usikre på kva religionen seier.

Eg ser på Fauzia som ei av dei viktigaste somaliske kvinnene i Noreg i dag. Ho kjempar ein av dei viktigaste kvinnekampane no til dags. Ho arbeider mot den negative sosiale kontrollen som hindrar mange kvinner i å vera frie. Fauzia er fri, og ho oppmodar andre til å kjempa for fridommen. Ho har eigne meiningar og er ikkje redd for kva andre måtte meine om henne. Ho er ikkje oppteken av klan eller korleis det somaliske miljøet oppfattar henne. Ho er mest oppteken av korleis ho kan hjelpa andre.

Fauzia er ei kvinne som mange unge somaliske gutar og jenter har høg tillit til. For kort tid sidan budde ein ungdom som hadde vorte kasta ut frå heimen sin, hjå henne. Ho hjelper ungdom som fryktar foreldra sine, ungdom som vert skulda for å vera for norske, og som fryktar at foreldra deira skal senda dei til Somalia.

Fortener hyllest

Ungdom eg har prata med, fortel at dei kan dela tankar, spørsmål og utfordringar med Fauzia. Ho stiller alltid opp når dei har det vanskeleg. Ho sladrar ikkje; ho er til å lita på. Fauzia er van med å stå i stormen. Ho var ein av dei første somaliarane som støtta meg då eg gav ut den første boka mi, Se oss.

Fauzia er oppteken av å få fram mangfaldet, og ho ønskjer at fleire kvinner skal koma seg opp og fram. Kvinner som Fauzia treng å verta hylla for innsatsen dei gjer for ungdom og kvinner som prøvar å frigjera seg. Eg er evig takksam for at menneske som Fauzia finst.

Amal Aden

Amal Aden er forfattar og føredragshaldar og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Stridsvogner øver på å slå attende kinesiske landgangsstyrkar på Penghu-øyane i Taiwansundet.

Foto: Taiwan Military News Agency / Taiwan's Defense Ministry / AP / NTB

UtanriksSamfunn

Starten på ein storkrig?

For tida bur eg i eit fredeleg, demokratisk og velståande land, som risikerer å utløysa den neste storkrigen i verda.

HalvorEifring

Brussel-buarar på Place de la Bourse, børsplassen i sentrum av byen, heidrar offer for islamistsjølvmordsbombarane på Zaventem-flyplassen og Maelbeek metrostasjon i mars 2016, der til saman 32 menneske miste livet.

Foto: Peter Dejong / AP / NTB

Samfunn

Jihadismen lever

Tenåringar blir rekrutterte til terrororganisasjonar. Svenske kriminelle nettverk utfører aksjonar i Skandinavia for Iran. Nye konstellasjonar oppstår blant ekstremistiske grupper.

Ole JanLarsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis