Ei tid for store ord
Er Nato-støtta til Ukraina ein del av striden for fridom og demokrati, slik president Biden hevdar?
President Joe Biden og den polske kollegaen Andrzej Duda ved presidentpalasset i Warszawa 26. mars i fjor. Etter at Polen fekk ei sentral rolle som støttespelar for Ukraina, har Biden slutta å kritisere nedbygginga av rettsstat og demokrati i Polen.
Foto: Czarek Sokolowski / AP / NTB
Den vestlege bistanden til Ukrainas forsvarskamp mot Russland er ikkje småtteri. USA åleine har gjeve våpenhjelp for 420 milliardar kroner, ifølgje Financial Times, og andre vestlege land har til saman gjeve omtrent like mykje. Om denne bistanden blir det brukt store ord frå høgste hald. I mars i fjor, ein månad etter at Russland gjekk til full invasjon, erklærte president Joe Biden: «Vi er involverte i ein ny stor kamp for fridom. Ein kamp mellom demokrati og autokrati. Mellom fridom og undertrykking.»
I eit europeisk Nato-land med grense til Russland er det ikkje vanskeleg å slutte seg til denne framstillinga, slik til dømes statsminister Jonas Gahr Støre gjorde i Stortinget i oktober i fjor: «Vår støtte handler om frihet og demokrati, og om at ukrainerne selv skal kunne bestemme i eget land og over egen fremtid.»
Ukraina-invasjonen er ein ulovleg krig og eit grovt folkerettsbrot. Å hjelpe ukrainarane med å forsvare seg mot aggressoren Russland gjev moralsk meining. Men når vestlege land har gjeve så massiv militærhjelp til Ukraina – er det eigentleg fordi dette er ein kamp for demokrati og fridom? Eller er andre motiv viktigare?
Spørsmål om ståstad
I andre delar av verda er det slett ikkje openbert korleis denne krigen skal tolkast. Den indiske utanriksministeren Subrahmanyam Jaishankar har blitt mykje sitert på ei sarkastisk utsegn han kom med i fjor: «Europa må vekse frå ideen om at Europas problem er verdas problem.»
Ein ting er sjølve merksemda krigen får internasjonalt. Ukraina-krigen er stor og stygg, og truleg har langt over 100.000 menneskeliv gått tapt til no. Men Tigray-krigen i Etiopia frå 2020 til 2022 og svolten som krigen førte til, kan ha kosta så mykje som 600.000 liv, utan at det førte til særleg store oppslag i Vesten. Slik er no eingong medielogikken. Dei fleste er seg sjølv nærast.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.