Politikk
Ei strategisk tilpassing
Kva skjer med eit kristeleg folkeparti som brått blir omfamna av milliardærar?
Under partileiar Dag-Inge Ulstein har KrF tiltrekt seg langt større pengegåver enn før. Her er han på sommarpressekonferansen til KrF i juni.
Foto: Stian Lysberg Solum / NTB
Pengegåvene til politiske parti i Noreg følger som regel eit enkelt mønster: Fagrørsla støttar Arbeidarpartiet med store summar, gjev ein del til SV og ein slant til Raudt og Senterpartiet. Private investorar og andre næringslivsfolk gjev pengar til Høgre, Framstegspartiet og Venstre.
Men no kastar nokre av Noregs rikaste menn millionar etter Kristeleg Folkeparti, som finanseliten i Noreg tidlegare synte fint lite interesse for. Blant donorane i år er milliardærane Stein Erik Hagen (som gav 1 million kroner), Christen Sveaas (2 millionar) og Øystein Stray Spetalen (500.000).
Slik var det ikkje før. I valkampen i 2017 fekk Kristeleg Folkeparti stakkarslege 245.000 kroner i valkampstøtte frå private gjevarar. Det året fekk Høgre til samanlikning over 15 millionar kroner i gåver, medan Venstre og Frp fekk inn kring 4 millionar kroner kvar. Den økonomiske eliten i Noreg såg seg ikkje tent med å støtte Kristeleg Folkeparti.
Så lausna det. Etter identitetskrisa i 2018 vart KrF klart definert på den politiske høgresida. Før valet i 2021 fekk partiet over 4 millionar kroner i støtte, mellom anna frå dei nemnde milliardærane Hagen og Sveaas. KrF hamna likevel under sperregrensa, og dei borgarlege partia tapte stortingsfleirtalet.
Sperregrensa
Sommaren 2025 har gjevargleda teke heilt av. Så langt i år har partiet fått nesten 10 millionar kroner i valkampstøtte, melde NRK denne veka. Av dette kjem berre 400.000 kroner frå partimedlemene, medan 9,2 millionar er gåver frå investorar og andre næringslivsleiarar. Ifølge nettstaden Partifinansiering har berre Ap, Frp og Høgre fått meir i pengegåver enn KrF i år.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.