JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Ei skamløyse utan like

Det finst ikkje historiske parallellar til tiltalen mot Donald Trump, meiner statsvitar Jennifer Bailey.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Domenic Santana frå Miami demonstrerer framfor E. Barrett Prettyman-rettsbygningen i Washington den 2. august, dagen før Donald Trump skal møte i retten der.

Foto: Kevin Wurm / Reuters / NTB

4334
20230804

Samtalen

Jennifer Bailey

professor i statsvitskap

Aktuell

Ny tiltale mot Trump

4334
20230804

Samtalen

Jennifer Bailey

professor i statsvitskap

Aktuell

Ny tiltale mot Trump

redaksjonen@dagogtid.no

Tysdag vart tidlegare president i USA Donald Trump tiltalt for å ha prøvd å endre på valresultatet i 2020. Han er frå før tiltalt for å tatt dokument frå Det kvite huset med seg heim til Florida og for å ha brote valfinansieringslovene. Jennifer Leigh Bailey, professor i statsvitskap ved NTNU, har lese heile tiltalen.

– Kva er dei mest alvorlege tiltalepunkta?

– Det er vanskeleg å seie kva for eit punkt som er det alvorlegaste, for dei fire hovudpunkta flyt over i kvarandre og omfattar fleire underpunkt. Mellom anna oppfordring til å hindre innsamlinga, oppteljinga og godkjenninga av røyster, nytte falske valmenn, nytte justisdepartementet til å presse dei folkevalde i delstatane til å vere med på samansverjinga, å presse visepresident Pence til å ikkje telje valmannsrøystene, og å dra nytte av angrepet på Kongressen til å stoppe den offisielle saksgangen og oppheve valresultatet.

– Trump er ikkje direkte tiltalt for forsøk på statskupp med vald?

– Nei. Trump var ikkje til stades under storminga av Kongressen. Under kongresshøyringa om 6. januar-opptøyane kom det likevel fram at han ville at sjåførane skulle køyre han dit. Det er ikkje med i tiltalen.

– Det er ikkje grunnlovsstridig å hevde at valresultatet var feil?

– Nei. Alle har rett til å ytre misnøye med eit valresultat og utfordre det i rettssystemet, noko Trump òg gjorde ved fleire høve. Men tiltalen er òg klar på at Trump gjekk mykje lenger og brukte ulovlege middel i eit forsøk på å oppheve valresultatet, sjølv om rettssystemet avviste så å seie alle klagene hans, og sjølv om han visste at dei ikkje var sanne. Han vart fleire gonger fortald at det han sa, var feil. Tiltalen nemner ei detaljert liste over når og kor han vart fortald det.

– Held saka juridisk, eller er det ein politisk tiltale?

– Det er ei juridisk sak, med mange bevis. Men om bevisa held, er noko anna. Det kan ikkje eg svare på.

– Er det juridiske rammeverket for denne saka prøvd ut før?

– Det fjerde tiltalepunktet – som går ut på å hindre andre i å utøve grunnlovsrettane sine – viser til ei lov som vart teken i bruk etter borgarkrigen og opphavleg vart nytta til å hindre Ku Klux Klan. Lova blei òg nytta av borgarrettsrørsla på 1960-talet.

– Finst det historiske parallellar?

– Somme har samanlikna saka med forspelet til borgarkrigen i USA. Då Lincoln vart vald til president, valde ein stor del av landet å gå ut av unionen. Men utbrytarane trudde ikkje at det var valfusk. Systemet er ikkje budd på å takle ein situasjon der ei side ikkje godtek valresultatet. 1876-valet var òg veldig omstridd og det var usemje om kven som var dei legitime styresmaktene i visse delstatar. Men vi har aldri hatt ein situasjon der den sitjande presidenten er involvert i ei samansverjing.

– Om tiltalen stemmer, er Trump løgnar eller berre stormannsgalen?

– Begge delar. Trump er ein student av Roy Cohn, som var ein viktig støttespelar for McCarthy i kommunistprosessane på 50-talet. Hans filosofi var å aldri gi seg. Du skal aldri seie at du er lei deg, men doble innsatsen. Trump eig ikkje skam. Og kjensla av skam er viktig for at demokratiet skal fungere.

– Mange republikanarar støttar Trump. Er denne nye tiltalen til hinder for at han kan verte president igjen?

– Nei, tiltalen kjem ikkje til å gjere noko som helst. Om tilhengarane hans kunne overtalast, hadde det skjedd alt.

– Uavhengig av tiltalen – kva betyr dette for demokratiet i USA?

– Åtferda til Trump var eit forsøk på statskupp, sjølv om det var dårleg utført. Eg meiner det burde diskvalifisere han frå å delta i fleire val. Men det finst ikkje lovverk for det, fordi ingen trudde noko slikt kunne skje.

– Er dette altså ein test av kor godt demokratiet er verna i grunnlova?

– Det er meir ein test av om den demokratiske ideen er rotfesta i folket. Lovverket fortel korleis den demokratiske prosessen skal gå føre seg. Problemet oppstår når folk ikkje bryr seg om lova og bevisst utfordrar ho. Det store spørsmålet er kor mange av dei republikanske veljarane som faktisk trur på demokratiet.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Kjensla av skam er viktig for at demokratiet skal fungere.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Ida Lødemel Tvedt

Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.

Foto: Trond A. Isaksen

BokMeldingar
Odd W. Surén

Singel og sanatorium

Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.

Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.

Foto: Stord vgs

MusikkKultur
Helga JohanneStørdal

Kampen om kunstfaga

Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.

Den norske fiskeflåten er mangfaldig. Her er ringnotfartøy ved kai i Egersund våren 2017.

Foto: Per Anders Todal

Samfunn
Per Anders Todal

Fiskar er fiskar verst

Striden om kvotemeldinga kan få Fiskarlaget til å rivne.

Sviskadar frå maneter kan vere smertefulle og gje store skadar på oppdrettsfisk.  I 2023 døydde fleire millionar laks etter angrep av perlesnormaneter (Apolemia uvaria).

Foto: Mattilsynet

DyrFeature

Den sure svien

I fjor vart angrep av maneter brått rekna med som ei av dei fem viktigaste årsakene til laksedauden, korleis kan noko slikt skje?

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis